Ronny Kjøsen er attende i god vigør etter eit alvorleg slag og ein påfølgande rekonvalesensperiode. På Landsfestivalen i Vestnes vann han den nyoppretta klassa «Andre instrument og vokal» der han let fleire låttar etter Almås på trøorgel. 

- Det var kjempeartig! Sjølve instrumentet kjennest litt som ein mur mellom seg sjølv og publikum, så det kan vere litt tungt. Det er eit fysisk instrument, så ein må vere merksam på det å tenkje på det med takt. Eg har øvd ganske mykje på for å få det til på orgel. Det er litt meir forseinking på tonen på eit orgel enn på eit fele og eit trekkspel, fortel Kjøsen. 

Illegalt dansespel på trøorgel

Ingeborg Almås hadde ein særeigen stil med lett takt, luftig melodispel og bassgangar. Under krigen spelte ho ofte orgel på illegale festar i Selbu. Repertoaret bestod mellom anna av Jularbo-låttar og tradisjonelt stoff frå Neadalen. 

– Det finst ein god del opptak med henne, og eg var så heldig at eg fekk bandspelaren hennar som ho hadde spelt inn ein del på. Det er nokon fine stunder når ein får sett seg til på arkivet og lytta, seier Kjøsen, som har fått god hjelp av Sff-sentret. Også NRK gjorde opptak med Almås.

Faren til Ingeborg Almås såg tidleg at ho og syskena hadde anlegg for musikk, men dei hadde ikkje noko instrument i hus. Visstnok kom han dragande heim med eit trøorgel på sleden etter ein fuktig kveld hjå handelsmann Haldo Langseth, som han då hadde fått kjøpe for 50 kr. Broren hennar, Arne, fekk seinare tak i eit trekkspel, medan ho heldt seg til trøorgelet.

– Før i tida stod det trøorgel i nesten alle forsamlingshus og skular. Dermed vart det ganske naturleg å spela dansemusikk på desse instrumenta, men det var nok fyrst og fremst brukt som kompeinstrument, seier Ronny Kjøsen. 

– For god til å bli gløymt

Almås vart også mykje brukt som musikant etter krigen, både på hyggekveldar og andre arrangement, ho vart dermed ein velkjent person i bygdemiljøet i Selbu. Ho lærte seg også piano, slik at ho kunne kompe på allsong, i tillegg vikarierte ho som organist i kyrkja og akkompagnerte gymnastikk for vaksne på Bell skole. Ho var allsidig musikalsk, og skreiv blant anna fleire tekstar på songar til bursdagar, konfirmasjonar, bryllaup og revyar.

– Ho kom frå ei musikalsk slekt på båe sider. Mange av låttane hadde ho etter grammofonplater, og Jularbo var det store idolet. I Selbu kom fela bort ganske tidleg då trekkspelboomen på starten av hundreåret slo inn, det har dermed mykje å seia for repertoarutviklinga, fortel Kjøsen. 

Kjøsen har late seg inspirere av måten Almås spelte på. På plata, som er innspelt i studioet hans i løpet av vinteren og våren 2023, har han også med seg to gjesteartistar, kona Marit Løfaldli på vokal og Øyvind Smidt på mandolin. 

– Mandolin har vore brukt ein del i Trøndelag som både melodi- og kompeinstrument, kan Kjøsen informere om. 

Plata, som er gjeven ut av Melovitten, er ute på strøymetenester og kjem også på CD hausten 2024. Kjøsen har fleire jern i elden, og skal spela inn ei ny Bondebohemplate i haust. I dette prosjektet har han meg seg felespelaren Øyvind Smidt, songaren Ingrid Storlimo, Stian Lundberg på trommer, Jo Ranheim på gitar, Morten Berger Stai på kontrabass. Den fyrste plata vart nominert til Spelemannsprisen i 2020.