I Noreg er vi utruleg heldige som har ein så variert og særprega folkemusikktradisjon. Vi har ei utømeleg brønn av melodiar, slåttar og forteljingar som vi kan ause av og leske oss på. Nær kvart nes, bygd eller grend har ei notesamling, ein spelemann eller ein dans å vere stolte av. Det har blitt lettare å få tilgang til desse kjeldene, og heldigvis tek fleire og fleire unge spelemenn ein djupdukk ned i materialet. I denne meldinga skal eg sjå på to heilt ulike plater, med forholdsvis ulik tilnærming og publikumsappell.

Samdrag & Nordfjord
Håkon Høgemo og Tom Karlsrud: Samdrag
  • Lærdal Musikkproduksjon, 2016
  • 15 spor, 46 minutt
  • Produsentar: Håkon Høgemo og Tom Karlsrud, spelt inn i Lærdal Musikkproduksjon

Tom Karlsrud (trekkspill) og Håkon Høgemo (hardingfele) er to gode vener som saman har gjeve ut plata Samdrag. Her er det hovudsakleg folkemusikk frå Sogn som kjem i fokus. Arrangementa er gode og samspelet er framifrå. Det er ikkje berre hardingfela som er i sentrum med melodien, dei byter på og gjev kvarandre plass.

Dei som er kjende med Høgemo sitt kraftige og klåre hardingfelespel, vil ikkje bli skuffa. Bogestrøket er stødig, grev seg ned i strengane og gjev oss den særprega klangen som han er kjend for. Vi kan høyre det allereie på andre sporet «Ljøsnohallingen», som dei har funne i Arne Bjørndals samling. Her er det suggererande spel frå dei båe, med fyldige harmoniar og til og med litt synkoperte rytmar som drar slåtten inn i vår tid.

Du vil ikkje finne dei mest spreke arrangementa på denne plata, men dei vel heller ikkje dei mest opplagte akkordane. «Springar etter Svein Nesje» er ei lita favoritt for min del: Her er det tette harmoniar som ligg og surrar rundt melodien, og mykje unisont spel gjev slåtten eit litt utolmodig preg.

Tom Karlsrud er for mange kanskje best kjend som drivar av Lærdal Musikkproduksjon, og har i fleire år samarbeidd med Etnisk Musikklubb om ei rekkje folkemusikkutgjevingar. Det var vel derfor naturleg at han fekk stå for lyd og alt det tekniske på plata, i tillegg til å spele sjølv. Lyden er det ingenting å seie på, solid og som det forventast av slike produksjonar i dag. Eg merker meg at det er ein nær og fin hardingfeleklang, og det er ikkje gjort noko forsøk på å bade hardingfela i klang.

Melodiane er klåre, og det er enkelt å skilje ut hardingfela frå trekkspelet. Sjølve coveret er vel ikkje av det sprekaste, med noen merkelege bilete som set hardingfela og trekkspelet saman til eitt instrument. Er det målet for plata? Skrifta dei har vald på coveret er nærast uleseleg sølvskimrande, og teksten i heftet referer berre til ulike folkemusikksamlingar og gjev oss ikkje meir enn nøktern informasjon om slåttane. Men dette viser vel berre at dei har vald å satse mest på musikken, og den held så absolutt mål.

Nordfjord er ei plate med slåttar framført heilt solo på hardingfele. Men Britt Pernille Frøholm brukar tre forholdsvis ulike feler for å variere. Ho vågar å satse på dei ukjende slåttane, i former som eg tykkjer passar spelestilen hennar. Her er alt frå avanserte komposisjonar av gamle meistrar som Jon Rosenlid, til dei små enkle springarane som finst i tradisjon eller er henta frå gamal noteskrift. Cover, teksthefte og lyden på innspelinga er smakfull og passar godt inn i dei krava vi set i dag. Eg trur dette blir ei plate som vil ha eit stort potensiale utanfor Noreg – så kanskje kunne slåtteomtalene ha stått på engelsk òg?

Frøholm er ikkje redd for å spele enkelt, og tar med mange av dei gamle speleteknikkane, til dømes glissando. Dette er noko vi sjeldan høyrer i dag, og eg er glad ho gjer dette så overtydande. I dag er det vanleg å spele tonar rett på – det er ikkje lov å gli seg opp til tonane slik som Frøholm gjer. Takta er solid og god, og der det er dansemoglegheit, så gjev ho oss det. Frøholm er heller ikkje redd for å spele kvast, og du høyrer ofte bogelydar. Dette gjer at heile plata verken blir polert, trygg eller keisam. Du kan høyre på denne plata mange gongar etter kvarandre, og kvar gong finn du eit nytt lite gullkorn.

På «Reinlender etter John Øvreide» gjer Frøholm noko som har blitt ein farsott i folkemusikkmiljøet i dag: Ho gjer eit bogehopp, men landar stødig som ein holmenkollhoppar. Eit triks ho kunne ha lært til fleire av dei mest framifrå hardingfelespelemenn i landet i dag. Det finst ikkje klassisk tone eller ideal, om vi skal kalle det det, i spelet. Sjølv i dei meir omfattande komposisjonane høyrer eg folkemusikaren, med ein litt skjør vibrato og ei posisjonsveksling du faktisk kan høyre. Spør du Kari Nordmann kva dette er, så vil ho utan å tenkje seg om kalle det folkemusikk.

Samdrag & Nordfjord
Britt Pernille Frøholm: Nordfjord
  • MERE Records, 2017
  • 15 spor, 42 minutt
  • Produsent: Therese Birkelund Ulvo, spelt inn i Ocean Sound Recordings, Giske

Slik eg kjenner musikken frå dette området, er det truverdig og stødig. Eg kjenner meg att, både frå arkivopptak og det eg har høyrt av spelemenn i dag. Britt Pernille Frøholm har etter mitt syn klart det mange av oss strevar med, nemleg å tilfredsstille både dei unge og dei gamle, tradisjonalistane og rebellane.

Båe produksjonane er framifrå, og eg tykkjer alle folkemusikkentusiastar bør høyre båe. Vil du ha det litt trygge og gode som bakgrunn på neste folkemusikk-nachspiel? Da vel du Samdrag, og samtidig kan du dra noen artige historier om slåttane. Vil du heller høyre noko nytt, la deg fascinere og overgje deg til ei kjærleik til eiga slåttetradisjon? Da vel du Nordfjord!