Etter mykje nettdebatt i forkant av landsmøtet, var det knytt stor spenning til saka som handla om FolkOrgs arbeid for yrkesutøvar-medlemmene. Saka med framlegg til vedtak var sendt inn av to medlemmer i OsloFolk – Laget for Folkemusikk: Lene Furuli, som også var innstilt og blei valt til nytt styremedlem, og Åshild Vetrhus, i dag busett i Suldal. Nestleiar og yrkesutøvarrepresentant i styret Camilla Granlien presenterte saka, og la fram eit motforslag styret hadde utarbeidd.
Det blei ein relativt lang og fyldig debatt. Frå starten var det klart at redaksjonsnemnda ville få i oppgåve å sy saman eit kompromissvedtak, og det var også det forslagsstillarane ønskte seg. I det opphavlege vedtaksframlegget var formuleringa at «Utvalet for yrkesutøvarar får rådvelde over administrative ressursar slik at dei kan utvikle politikk og aktivitetar og prioritere ressursbruk». Styret innvende allereie i sakspapira at det alltid er dagleg leiar og styret som skal forvalte dei administrative ressursane, men sette elles pris på engasjementet frå dei profesjonelle folkemusikarane.
Det omformulerte forslaget styret la fram for landsmøtet, var i mykje berre ei presisering av det innsende forslaget. Det endeleg forslaget som blei vedteke søndag, blei sjåande slik ut: «For å styrke arbeidet for yrkesutøvarane skal styret, i samråd med utvalet for yrkesutøvarane, utarbeide mandat for utvalet, lage ein plan for gjennomføring av mål og dei særskilde satsingane og prioritere administrative ressursar til utvalet sitt arbeid. Styret rapporterer til Landsmøtet på dette arbeidet som ein del av årsmeldingane.»
– Alt heng saman med alt
Første talar i saka var forslagsstillar Vetrhus, som i 2009 var NFD-leiar. Ho viste til føresetnadene for å slå NFD og LfS saman i 2009: Begge organisasjonane skulle halde fram i nye FolkOrg. I «veslebror» NFD var fleire bekymra for å bli slukt, og Vetrhus vona no at kritikarane ikkje skulle få rett.
NFD hadde ved samanslåinga to og ei halv stilling til arbeidet med yrkesutøvarane, påpeika Vetrhus. Ho kunne ikkje sjå at FolkOrg i dag hadde same arbeidskapasiteten på dette feltet som NFD. I tillegg tok ho til motmæle mot dei som meinte at det ville svekke lokallaga og det frivillige arbeidet om forslaget blei vedteke: Det som er bra for éin del av miljøet er bra for heile miljøet, sa ho – som sjølve er både utøvar, arkivar, arrangør og dansar.
Medforslagsstillar Lene Furuli, som fekk ordet kort tid etter, tok opp Vetrhus’ siste poeng. Alt heng saman med alt, og folkemusikkmiljøet er unikt i korleis ale sit på alle sider av bordet. På ein folkemusikkfestival sit ikkje konsertartistane backstage for seg sjølve, men er med på dans, dansespel, buskspel og fest, påpeika Furuli. Ho oppmoda FolkOrg-styret til å ta det store engasjementet i debatten som eit viktig signal – og la til at ei vedtaksformulering skulle dei nok bli samde om, noko dei også blei.
– Vanskeleg å vere utøvande artist
Tre eldre karar i miljøet kom med tydelege oppmodingar om å stø styret sitt forslag til formulering. To av dei, Per Øyvind Tveiten frå Hordaland folkemusikklag og Reidar Skjelkvåle i Gudbrandsdølenes spelmannslag, uttrykte begge ein otte for at éi medlemsgruppe, yrkesutøvarane, skulle få for stor påverknad over FolkOrgs arbeid. Johan Vaa frå Falkeriset folkemusikklag understreka at FolkOrg ikkje måtte bli noko fagforbund – til slikt har ein Creo (det som før heitte MFO).
Nils Øyvind Bergset, frå Bærum Spellemannslag og i si tid LfS’ siste styreleiar, trekte dei lengste historiske linjene i debatten. Også då Landslaget blei skipa for nøyaktig hundre år sidan, sa han, var eitt av føremåla å betre dei økonomiske kåra til spelemannen. Bergset var viss på at ein kunne vedta eit løft for yrkesutøvarane no utan at det skulle gå ut over nokre av dei andre medlemsgruppene i FolkOrg.
Det poenget fekk i debatten støtte frå fleire. Terje Foshaug, frå Målselv spelmannslag og tilsett i Folkemusikk Nord, kom med praktiske eksempel på korleis ein kan jobbe og samarbeide smart for å få til meir. Nyaste medlem av yrkesutøvarutvalet, Matthias Thedens frå Telelaget i Oslo, spelte inn at det er lett å gløyme kor vanskeleg det er å overleve som utøvande artist – dei yrkesaktive treng FolkOrg, var hans tydelege beskjed.
Eit tidlegare utvalsmedlem og FolkOrg-styremedlem, Silje Solberg frå Osterøy Spel- og dansarlag, etterlyste meir samarbeid mellom utval og styre. Innlegget til styreleiar Hilde Reitan, som søndagen blei attvalt til ein ny leiarperiode, tydde på at dette var eit ønske delt av styret. Og det vedtekne forslaget, utarbeidd av landsmøtets redaksjonsnemnd mellom diskusjonen laurdag og vedtaket søndag, var eitt både styre og innsendarane av det opphavlege forslaget kunne stille seg bak.