Ungt forskerforum for folkemusikk og dans (UFFD) er eit samlingspunkt for masterstudentar og doktorgradsstipendiatar og andre innanfor folkemusikk- og folkedansfeltet. Isa Holmgren er prosjektleiar for forumtreffa, som blei starta på initiativ frå Sigrid Stubsveen for nokre år sidan.

Etter digitalt treff i fjor, er det igjen klart for eit fysisk treff nå. Samlinga finn stad på Nasjonalbiblioteket, Chateau Neuf og Musikkhøgskolen (NMH) fredag og laurdag denne veka, 25.–26. mars.

Samlingshelg med unge folkemusikkforskarar
Det blir moro å møtast fysisk igjen, seier Isa Holmgren, prosjektleiar for samlinga til Ungt forskerforum for folkemusikk og dans siste helga i mars. Her skal ho mellom anna presentere eigen forsking med ein konsert. (Foto: Peter Bothén, Stallet)

Ein nasjonal arena

– Det blir moro å kunne sjåast igjen. Programmet består dels av presentasjonar av ting som er i prosess, og dels av foredrag frå master- og ph.d.-arbeid som er avslutta. Noko av det me har fokusert på når me har funne folk til å presentere, er å skape rom der ein kan presentere på ulike vis. Nokre jobbar utøvande, og for dei er det mest naturleg å presentere i form av ein konsert, medan andre prosjekt er avhengige av å vise film og lyd, fortel Holmgren.

Med seg i prosjektgruppa for forumet har ho masterstudent Sivert Holmen, leiar for folkemusikkutdanninga ved NMH Unni Løvlid, og Mats Johansson, som er tilsett ved USN campus Rauland. På sikt håper Holmgren at forumet når ut til mange og blir ein nasjonal arena, også for dei som forskar eller fordjupar seg i ting utan at dei har formalisert det gjennom ein grad.

– Det er det som er så flott med dette feltet. Mange driv med forsking, sjølv om ein kanskje oftast brukar den termen når ein er knytt til ein institusjon, seier Holmgren.

Ope for alle

Sjølv er ho ei av dei som skal presentere noko frå masterprosjektet sitt, som ho er ferdig med i mai i år. Dei siste åra har ho nemleg fordjupa seg i polstradisjonen frå Vestre Värmland og Finnskogen. Ho har undersøkt ulike typar asymmetrisk tretakt for å mellom anna utvikle timing og eige uttrykk så ho kan bli fri i bruken av materialet. Under forumet skal ho spele ein konsert og presentere noko av resultatet ho har kome fram til, samt snakke om prosessen.

I tillegg til alle framlegg og konsertar frå studentane, slepp også nokre andre til for å informere dei unge forskarane om kvar dei kan hente informasjon, og kvar dei etter kvart kan få publisert si eiga forsking. Nasjonalbiblioteket opnar fredagen med å presentere seg sjølv, medan Andrea Kasbo Rygh og Sveinung Søyland Moen skal presentere Norsk folkemusikklag og publikasjonen Musikk og tradisjon litt seinare på dagen.

Når samlingshelga startar, er det berre å møte opp, fortel Holmgren.

– Målet er at me skal ha dette som ein årleg møteplass der ein stadig kan bygge vidare på nettverket ein skapar her, avsluttar ho.

Les også:

Setesdalsspel og trønderske trampetankar

Ved å fordjupe seg i setesdalstradisjonen, har felespelar Sturla Eide stilt seg mange spørsmål rundt tramping og trampedidaktikk i folkemusikkopplæringa.

Solid støtte til europeisk samarbeid på Rauland

Folkemusikkstudiet på Rauland er no vertskap for eit stort internasjonalt utdanningsprosjekt som har fått millionstøtte av Erasmus+ og EU.