Tekst: Redaksjonen

Kajsa Balto – «Beskán»

Utgjeve 13. juni.
Den samiske artisten Kajsa Balto gav i juni ut singelen «Beskán». Låten kjem i etterkant av hennar nyaste turné, Rájás, som blir avslutta med konsert på Parkteatret i Oslo 6. september. Balto har tidlegare vore aktuell med fleire utgjevingar der ho kombinerer joik med element frå moderne pop og tradisjonsmusikk.

Anders Hefre & Johanne Flottorp – «Så lokka me over den myri»

Utgjeve 20. juni.
Første singel frå albumet Som lindi bere lauv, som kjem i september. Plata inneheld musikk frå tingingsverket urframført på Telemarkfestivalen i 2023. Verket er delt i tre delar og skildrar eit livsløp frå barndom til alderdom. Denne første singelen bygg på ein barnesong frå Gvarv, etter Anlaug Gunheim. Medverkande musikarar er blant andre Anne Gravir Klykken (vokal), Anders E. Røine (langeleik), Johanne Flottorp (hardingfele) og Anders Hefre (piano). Plata vert lansert med konsertar i Bø 5. september og Oslo 6. september.

Skurken på dansegolvet – Symfoni te Normandie

Utgjeve 18. juli.
Duoen Skurken på dansegolvet, beståande av Steinar Odde og Pål Bratås, har sleppt ein ny singel som del av eit komande album med planlagt utgjeving i september. Musikken er eigenkomponert og framført på døl-dialekt. Prosjektet kombinerer folkemusikkpreg med element frå rock, og refererer mellom anna til Henschien-fabrikken og annan lokal kulturhistorie. 

Himmelleite – dobbeltsingel

Utgjeve 23. mai.
Duoen Himmelleite, med Ingrid Lingaas Fossum og Vemund Olav Aukrust, gav i mai ut sin første dobbeltsingel. Dei to låtane er «E ha hundrad stykkje fe upp hjå Maristova, e», lært frå Håkon Høgemo, og «Hallingen hass Engebret», etter Jan Beitohaugen Granli. Debutalbumet Efterklang fra fjeldreisen kjem 29. august, med sleppkonsert på Riksscenen i Oslo 28. august. Musikken er spelt inn i Hallingdal, og kombinerer instrument som langeleik, lyre, orgel og trøorgel.

Benedicte Maurseth – «Sommarbeite»

Utgjeve 20. juni.
Singelen «Sommarbeite» er fyrste utgjeving frå Benedicte Maurseth sitt kommande album Mirra, som kjem hausten 2025. Albumet er komponert med utgangspunkt i villreinens årssyklus, og inkluderer både feltopptak frå Hardangervidda og medverknad frå musikarane Håkon Stene, Mats Eilertsen og Morten Qvenild. Mirra følgjer opp albumet Hárr frå 2022.

Carl Petter og Johannes Opsahl – «Carlpetternator»

Utgjeve 23. mai.
Far og son Carl Petter og Johannes Opsahl lanserte i mai singelen «Carlpetternator», som første utgjeving frå deira kommande album i prosjektet dei omtalar som «folkcore». Musikken kombinerer element frå norsk folkemusikk og elektronisk musikk. Johannes Opsahl har produsert, miksa og mastra innspelinga. Albumet er venta seinare i år.

For ordens skuld: Johanne Flottorp er tilsett i redaksjonen til magasinet Folkemusikk, men er ikkje innblanda i redaksjonelle omtaler eller vurderingar av musikken ho framfører som artist i ulike samanhengar.