Magasinet Folkemusikk har det siste året satsa mykje på kritikk av folkemusikk og folkedans, og inviterer til seminar på Rauland – høgborga for kritisk refleksjon kring tradisjonskunsten i dag.

Kva er eigentleg kritikk? Korleis vurderer ein kvaliteten på tradisjonskunst, og kva krevst for å vurdere han? Er det annleis enn for annan kunst? Må ein formulere kritikken ulikt for eksperten og for allmennlesaren? Og kva slags tradisjonskunstkritikk vil vi ha?

Seminar: Tradisjonskunst og kritikk
Seminar: Tradisjonskunst og kritikk
Seminaret er ein del av Folkemusikks satsing på folkemusikk- og folkedanskritikk. Prosjektet er støtta økonomisk av Norsk Kulturråd (Kulturfondet) og stiftinga Fritt Ord i samarbeid med Norsk tidsskriftforening.

I panelet sit

  • Ånon Egeland (USN, Folkemusikk)
  • Bodil Akselvoll (USN)
  • Kjell Bitustøyl (Telemarksavisa, redaktør i Spelemannsbladet 1997–2007)
  • Marianne Lystrup (Folkemusikk; journ., red. og kritikar i Vårt Land 1976–2014).
  • Ordstyrar: Audun Stokke Hole, redaktør for magasinet Folkemusikk

Vi sest på Rauland internasjonale vinterfestival, Myllarsalen på USN Campus Rauland torsdag 14. februar kl 10–12!