Eide tek for tida ein utøvande master på NTNU, der han har Daniel Sandén-Warg som slåttelærar og inspirator.

– For ein trønder med pols i ryggmargen, er dette ein ganske annleis måte å spele på. I prosessen for å få det til, må ein lære seg å trampe takten i den stilen, og då oppstår det nokre tankar, seier Eide.

Ingen snakka om tramping

Då Sturla Eide var liten, var musikkskulen berre i ferd med å bli etablert. Noko folkemusikktilbod hadde ikkje musikkskulen i Orkdal der han vaks opp. Så han byrja sjølv i meisterlære hos ein spelemann.

– Ingen av lærarane mine opp igjennom har sagt noko om å trampe takten, seier Eide. – Men når eg lærer setesdalsgangar no, opplever eg at eg må lære meg å trampe takten for å klare å lære musikken. Det er ein sterk samanheng mellom tramp og bogestrøk, ornamentikk og så vidare.

Han er interessert i å finne andre som har jobba metodisk med tramping i opplæringssituasjonar og som har sett samanhengen mellom tråkk og strøk.

– Når eg testar dette ut på mine eigne elevar, der eg først bare køyrer eit enkelt strøkmønster medan elevane trampar, klarer dei fleste det. Etter litt trening kan dei trampe utan å konsentrere seg. Nokre greier å ta det med seg inn i slåttespelet. Det viktigaste som skjer då, er at dei klarer å stå i perioden dersom dei skulle ramle ut. Når foten går, kompenserer dei av seg sjølv. Men om dei ikkje har trampinga med, snublar dei, seier han.

Setesdalsspel og trønderske trampetankar
Sturla Eide har sidan han var liten spelt både fele og, som her på Hilme-stemnet 2013, hardingfele. No har han forska på fottramping i folkemusikkopplæring, inspirert av at han sjølv har lært seg setesdalsspel i vaksen alder. (Foto: Phil Keen)

Setesdalsmusikk i baksetet

Sturla Eides interesse for setesdalsmusikken går langt tilbake. Som liten gut i baksetet på ein bil, fekk han timevis med denne musikken.

– Pappa kjøpte mykje plater frå plateselskapet Heilo, og både Skjoldmøyslaget, med Hallvard og Torleiv Bjørgum, og plata til Slinkombas kom inn i bilen. Det fenga meg, fortel han.

Fram til no har han ikkje hatt nokon «god grunn» til å ta tak i denne musikken. Men i samband med at han byrja på master, måtte han velje ut eit tema å fordjupe seg i. Etter mykje fram og tilbake landa han i Setesdal, fortel han.

«Det er fint å utvide sin eigen palett, og det er fantastisk å vere student i vaksen alder. No er eg skulemogen!»

Sturla Eide

– Frå den augneblinken eg landa på dette, har det vore veldig rett. Eg har spelt hardingfele frå barnsbein av. Likevel er dette noko heilt anna enn det eg er vand med. Men det er fint å utvide sin eigen palett, og det er fantastisk å vere student i vaksen alder. No er eg skulemogen, ler Eide og utdjupar:

– Eg veit kva eg vil. Då eg var 20 år følgde eg straumen, og horisonten var snevrare. No ser eg mykje vidare, og eg ser ting i ein større samanheng. Eg er også motivert og strukturert på ein annan måte. Så eg kan trygt anbefale å studere som vaksen, viss ein har moglegheit til det.

Som student skal Sturla Eide delta på UFFD (ungt forskarforum for folkemusikk og dans) sitt seminar i Oslo siste helga i mars. Om den kommande helga seier Eide følgjande:

– Eg trur det blir bra. Det er fint med nettverk der ein kan treffe andre studentar uavhengig av alder og sjå kva som skjer når folk får høve til å dykke ned i noko og verkeleg nerde på ein del ting. Og her smalnar me det jo mykje meir enn når eg pratar med dei andre masterstudentane på NTNU.

Les også:

Samlingshelg med unge folkemusikkforskarar

Siste helga i mars samlast master- og doktorgradsstipendiatar frå heile landet for å ha det dei sjølv kallar «nerdehelg» i Oslo.

Solid støtte til europeisk samarbeid på Rauland

Folkemusikkstudiet på Rauland er no vertskap for eit stort internasjonalt utdanningsprosjekt som har fått millionstøtte av Erasmus+ og EU.