Det er positivt at styret i Stiftinga har teke initiativ til ei utgreiing for å høyre feltet si meining om kva for sentrale og strategiske val stiftinga bør ta i den vidare utviklinga av Stiftinga. Styret i FolkOrg har behandla høyringsinnspelet og hatt særleg fokus på styringsstruktur, kva for strategisk og fagleg retning Stiftinga bør ta og korleis stiftinga kan bidra til å foreine og samordne dei ulike interessentane innan feltet.

Rambøll har levert ein grundig rapport, som vi opplever stemmer godt med terrenget. Strukturen i Stiftinga er komplisert, noko som gjer den uklar både for dei som skal jobbe direkte med det og for dei som er målgruppa for senteret. Arbeidsfeltet er så bredt at det er vanskeleg å løyse alle oppgåvene på ein god måte. Vi må sikre at dei midlane og ressursane som er gitt til folkemusikk- og folkedansfeltet gjennom stiftinga, blir nytta til beste for feltet.

Sff i framtida: innspel frå FolkOrg
Grafisk montasje: Folkemusikk.no. Lenke til Rambølls utgreiing finn du nedunder.

Meir om saka: Sff i framtida

I juni kom utgreiinga Fremtidig organisering av Stiftinga for folkemusikk og folkedans, ført i pennen av rådgivingsselskapet Rambøll på oppdrag av stiftinga. Styret i Stiftinga oppmoda alle interesserte om å komme med innspel til den framtidige organiseringa innan 1. oktober. I høve høyringsfristen publiserer Folkemusikk nokre innspela som er innkomne.

Direkte lenke til Sff/Rambølls rapport

Om utgreiinga: Rådet rådspør

Sff i framtida: Dette meiner Rådet (Rff)

Sff i framtida: Dette meiner Noregs Ungdomslag (NU)

Sff i framtida: Dette meiner Norsk folkemusikklag

Om behov for samordning av feltet

Medlemsorganisasjonane står sterkare kulturpolitisk i dag enn i 1972 då Rådet vart oppretta. Både Noregs Ungdomslag (NU) og FolkOrg er aktive i det kulturpolitiske arbeidet for feltet, både gjennom møter med sentrale politikarar på Stortinget og i regjeringa, høyringar, og til dels i kronikkar og medieutspel. Det gjer vi aleine, saman med kvarandre eller saman med andre relevante kulturorganisasjonar. Det er oppretta ei rekkje formelle og meir uformelle samordningsorgan på kulturfeltet. På folkedansfeltet har vi samrådingsmøtet for folkedans, der både Rådet, senteret, NU, FolkOrg, Riksscenen, Studieforbundet Kultur og tradisjon, og utdanninga i Rauland er representert.

FolkOrg er elles med i Arrangørforum, som organiserer landsomfattande organisasjonar som har konsertarrangørar og festivalar som eit arbeidsfelt, Norsk Musikkråd, Musikkens studieforbund, Kulturalliansen og Musikkindustriens Næringsråd. Vi arbeider tett med Musikernes fellesorganisasjon (MFO) og gjennom dei Kunstnernettverket. Internt i FolkOrg har vi nettverket av folkemusikkarrangørar, som igjen vel ei referansegruppe. Vi har dessutan eit fagutval for yrkesutøvarar. Så på dei fleste av våre arbeidsfelt har vi kanskje ikkje så stor behov for at Stiftinga skal samordne meir enn vi klarar på anna vis i dag.

Når det er sagt er det nokre felt innan sjangeren som vi kan ha behov for at t.d. Stiftinga tek ansvar for å samordne og vere ekspert på. Det er:

  • Immateriell kulturarv
  • Folkedans
  • Folkemusikk- og folkedansarkiv
  • Studieplanar og undervisningsopplegg

Landslaget for spelemenn (no FolkOrg) vart i 1923 stifta med føremålet om å vere ei drivkraft innan utbygginga av ulike utdanningstilbod innan instrumental og vokal folkemusikk samt -dans, samstundes som dei var ein interesseorganisasjon for amatørbaserte og profesjonelle folkemusikarar. Mykje bra har skjedd på utdanningsfronten innan folkemusikk etter den tid, og vi har utdanningar fleire stader i landet. Men når det gjeld folkedans er det behov for ei utdanning innan både scenisk folkedans og for folkedanspedagogar. Her treng vi en sterk innsats for å få til det, og her kan Stiftinga, saman med feltet, vere ein pådrivar. FolkOrg vil gjerne vere med i det arbeidet, men det er viktig å ha med fleire delar av feltet her og ikkje minst Stiftinga/senteret med den kompetansen som finst der. Om ikkje Stiftinga skal ha den rolla, så bør vi sjå på kva måte vi skal sikre at vi også snakkar utdanningane si sak.

Styringsstrukturen i stiftinga er i dag ressurskrevjande, lite tydeleg og det blir vanskeleg for administrasjonen å følgje opp.

Om val av organisasjonsmodell

Det er klart eit behov for å forenkle styringsstrukturen i stiftinga, som i dag har både eit råd og eit styre. Det er ressurskrevjande, lite tydeleg og det blir vanskeleg for administrasjonen å følgje opp. Slik det er i dag kan senteret og rådet vere i same møte der det blir presisert at dei ikkje representerer dei same. Rådet og styret kan no ha to uavhengige strategiar, og det er ikkje lurt. Rådet og styret må bli eitt organ – eit styre – som både tek seg av det strategiske, økonomiske og juridiske ansvaret. Styret si samansetning må spegle det ansvaret stiftinga da får og bør veljast av representantskapsmøtet.

Ansvaret for fordelinga av tilskotsmidlar bør formelt ligge her, men kan kanskje delegerast til eit utval som til saman har rett kompetanse til det. Senteret bør da ta seg av saksførebuing. På den måten blir det ein modell som liknar Kulturrådet.

Stiftinga bør ha hovudfokus på dei delane av feltet som ikkje er dekt opp av andre og som dei har kompetanse på. Når det gjeld folkemusikk er kompetansen høg i dei ulike utdanningsinstitusjonane. Når det gjeld folkedans så er det nok stiftinga som har høgast kompetanse, ikkje minst med det omfattande arkivet og erfaringane dei har med utdanning og Bygda dansar. Det betyr ikkje at det nødvendigvis er dei som skal stå for utdanning i folkedans, men dei kan vere ein pådrivar og ein kompetansebank. Vi tilrår også at SFF knyter seg sterkare til utdanningsinstitusjonane Noregs Musikkhøgskole, Ole Bull Akademiet og USN – Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Campus Rauland, for å få eit tettare samarbeid innan folkemusikk og folkedans. Vi vil tro at kompetansen i og miljøa for folkemusikk og folkedans er sterkare her, enn på NTNU.

Vidare er kompetansen senteret har på immateriell kulturarv viktig. Den bør dei halde fram med å ha ansvar for. Dei er også ein viktig ressurs og samordnar når det gjeld arkiva, og bør halde fram med det.

På bakgrunn av desse argumenta har vi tru på at modell 2 er den beste, men da med ansvar også for den immaterielle kulturarven og for ein møtestad som representantskapsmøtet. Vi trur også det kan vere lurt at representantskapsmøtet får ein formell funksjon i høve å vedta handlingsplanane til stiftinga og til å velje styret.

Om val av strategisk fokus
Stiftinga bør velje ein strategi med hovudfokus på folkedans, både når det gjeld forsking, arkiv og for å få opp ei utdanning innan scenisk folkedans og folkedanspedagogikk. Dei bør også halde fram med Bygda dansar.

Stiftinga bør:

  • vere ressursen for oppfølging av UNESCOs konvensjon for immateriell kulturarv
  • vere eit arkiv
  • forvalte tilskotsmidlar
  • samle feltet ein gong i året i eit representantsskapsmøte eller liknande, for å ha debattar, foredrag m.m. i tillegg til å sette kursen for stiftinga
Sff i framtida: innspel frå FolkOrg

I tillegg ser vi at feltet til tider treng ulike utgreiingar. Eit godt døme er kartlegginga av folkemusikk- og folkedanstilbodet i kulturskolane i Noreg som Stiftinga gjorde i 2008. Bestilling av den type utgreiingar kan vere ei oppgåve for Stiftinga.

Når det gjeld arkiv, er det viktig å sjå på dei signala feltet har gitt om at dei oppfattar arkivet på senteret unødvendig lukka og lite tilgjengelig, i større grad enn andre arkiv. Dei bør gå inn i problemstillinga og sjå på kva måte dei kan opne opp utan å bryte loven. I tillegg trur vi det kan vere nyttig å sjå på eit samarbeid med Nasjonalbiblioteket slik at ein raskare kommer a jour med digitaliseringa. Det må sjølvsagt gjerast i tett samarbeid med Stiftinga, slik at det blir fagleg forsvarleg.

Det er viktig at folkemusikk- og folkedansfeltet i Noreg står saman og nyttar dei ressursane vi har til saman til det beste for sjangeren. Vi ønskjer Stiftinga lukke til med det vidare arbeidet, og stiller oss til disposisjon for vidare samtalar.