Styret i Stiftinga for folkemusikk og folkedans (Sff) inviterer til ei ope høyring, og ber spesielt om tilbakemelding på tre spørsmål (som NU i det fylgjande tek for seg i sekvens, red. komm.):

1. I kva grad har organisasjonen/institusjonen/gruppa behov for samordning per i dag og i framtida (jamfør Stiftingas vedtekter §2 delmål)? På kva vis og kva type samordning treng din organisasjon/institusjon/gruppe?

Svar: Noregs Ungdomslag ser at det i dag og i tida framover vil vere eit behov for samordning på fleire plan.

Me ynskjer at det blir gjort felles framstøyt inn mot kulturskular og utdanningssektoren for å sikre kontinuitet i arbeidet med å få på plass ei utdanning i folkedans. Dette er noko feltet treng at det blir jobba meir med, og det trengst ei samlande stemme.

Det vil vera ein ressurs om feltet kan samordne seg i kulturpolitiske ytringar der Sff fungerer som samlande organ. Det kan t.d. vera Sff si rolle å trekke fram dei sakene som miljøet møter som særskilte utfordringar.

NU ser også viktigheita av at miljøet har eit solid fagsenter med særleg kompetanse på folkedans, folkemusikk og arkiv der forskingskompetanse er ein del av dette.

Sff i framtida: innspel frå Noregs Ungdomslag
Grafisk montasje: Folkemusikk.no. Lenke til Rambølls utgreiing finn du nedunder.

Meir om saka: Sff i framtida

I juni kom utgreiinga Fremtidig organisering av Stiftinga for folkemusikk og folkedans, ført i pennen av rådgivingsselskapet Rambøll på oppdrag av stiftinga. Styret i Stiftinga oppmoda alle interesserte om å komme med innspel til den framtidige organiseringa innan 1. oktober. I høve høyringsfristen publiserer Folkemusikk nokre innspela som er innkomne.

Direkte lenke til Sff/Rambølls rapport

Om utgreiinga: Rådet rådspør

Sff i framtida: Dette meiner FolkOrg

Sff i framtida: Dette meiner Rådet (Rff)

Sff i framtida: Dette meiner Norsk folkemusikklag

2. Kva modell som vert foreslått i rapporten meiner din organisasjon/institusjon/gruppe best ivaretar stiftingas hovudmål og kvifor (modell 1a, 1b, 2 eller 3)?

Svar: Noregs Ungdomslag ønskjer ein modell med element frå modell 1b og 2. Senterets viktigaste rolle er som fag- og kompetansesenter, og dette må ha høgast prioritet. Vidare meiner me at miljøet har eit behov for eit samordnande organ på det kulturpolitiske området. Fleire av dei større aktørane på feltet står i dag sterkare kulturpolitisk enn før, men for å verkeleg få dei store gjennomslaga, må me samordnast. Dette ser Noregs Ungdomslag at kan verte teke vare på ved ei samanslåing av styret og rådet, slik modell 1b tilseier.

Når det gjeld høgare utdanning meiner me i Noregs Ungdomslag at dette ikkje naudsynleg er ei naturleg oppgåve for stiftinga. Det er UH-sektoren som først og fremst burde ha ansvar for at det finst eit levande akademisk miljø for folkemusikken og folkedansen. Det må vere eit mål at høgare utdanning innan folkemusikk og folkedans er tilgjengeleg innafor det ordinære utdanningssystemet på linje med andre fag. For å få til dette trengs det mellom anna eit velfungerande organ for samordning av miljøet.

Er det ikkje mogleg å sameine modell 1b og 2, bør stiftinga verte eit reint fag- og kompetansesenter slik modell 2 tilseier, og miljøet må då samordne seg på anna vis.

Me ynskjer at det blir gjort felles framstøyt i arbeidet med å få på plass ei utdanning i folkedans.

3. Kva strategisk fokus bør stiftinga ha framover (sjå 3.1.2 og 3.1.3 i rapporten)?

Svar: Som nemnt over bør det vere eit fokus for Stiftinga å syte for at det finst utdanning innan folkemusikk og folkedans på høgare nivå, knytt til dei ordinære utdanningsinstitusjonane og i samarbeid med fagmiljøet, organisasjonar, dansekompani mfl. Det er særleg folkedansen som treng eit løft no.

Vidare er arkivet ein viktig del av stiftingas ansvarsområde. Det er viktig å sjå på dei signala frå feltet om at arkivet og senteret framstår som lukka og mindre tilgjengeleg enn andre arkiv. Det bør vere eit fokus å sjå på om ein kan opne opp og gjere større deler av arkivet tilgjengeleg for publikum, utan at ein bryt lova. Det kan vere nyttig å sjå på eit samarbeid med Nasjonalbiblioteket angåande digitalisering.