– Eg er glad for å få moglegheit til å leie dette heilt nye, unike og spennande prosjektet som Folkedans Innlandet er. Eg gler meg verkeleg til å ta fatt på arbeidet og å vere med på og forme prosjektet det neste året, seier Stubsveen i ei pressemelding.
Prosjektet er fylkeskommunalt og varar i eitt år, der målet er å styrke folkedansen i heile Innlandet. Det er Valdres folkemusikkarrangement på Fagernes som skal leie arbeidet. Innhaldet i prosjektet er seminar, opplæring og arbeid med å utvikle fleire produksjonar saman med utøvarar.
– Sigrid er ein dyktig folkemusikar og folkedansar, og ho har mykje erfaring frå organisasjonslivet. Dessutan har ho eit stort nettverk i folkemusikkmiljøet i heile landet, seier Knut Aastad Bråten i Valdres folkemusikkarrangement.
I pressemeldinga står det at Innlandet har mange gode miljø i ulike dalføre, men at det også finst kvite flekkar på kartet når det kjem til dans. Dermed blir det eit mål for Stubsveen å få til kunnskapsutveksling mellom det profesjonelle feltet og dei frivillige, for å få til gode tiltak, og å setje i gang med prosjekt og produksjonar tidleg. Stubsveen er sikker på at Folkedans Innlandet vil skape gode ringverknader for folkedansen.
For tida er Stubsveen frilansmusikar og pedagog busett i Engerdalen. Ho har utdanninga si frå Noregs musikkhøgskule, og står også bak festivalen Heme dine.