Tekst: Pressemelding/Redaksjonen
Gruppa vart etablert i 2014, men dei fem musikarane har kjent kvarandre mykje lenger. Gjennom sterke band til både runddans- og bygdedanstradisjonar, har Sindre & Co utvikla eit uttrykk som er både samspelt og særprega – og prega av overskot, spelarglede og solid musikalsk handverk. Med debutalbumet ønskjer dei å nå ut til både dansarar og eit lyttande publikum.
– Dette har vore eit ynskje i mange år, og no kjende me at tida var inne. Me ville fange noko av det me har hatt så mykje glede av sjølve, og dele det vidare med andre, seier frontfigur Sindre Fotland.
Høyr gruppa i opptak her.
Eit spegelbilete av inspirasjonskjeldene
Musikken på albumet speglar gruppas breie tilnærming til tradisjonen. Her finn ein gamle slåttar frå kjende tradisjonsberarar som Sigbjørn Bernhoft Osa, Ola Mosafinn og Finn Vabø, side om side med nyskriven musikk av gruppa sjølv.
– Me har alltid vore nysgjerrige, og det synest i utvalet. Me hentar mykje frå vestlandstradisjonen, men me har også titta austover. Alt er fargelagt av vårt eige uttrykk, og me arrangerer alltid i lag – det er viktig for oss, fortel Kristoffer Kleiveland.
Effektiv innspeling i Hallingdal
Albumet vart spelt inn i Hallibakken Lydstudio i Hallingdal hausten 2024, med Tor Magne Hallibakken som teknikar.
– Når ein jobbar med folk som forstår kva du meiner før du er ferdig å forklare, då går det meste på skinner. Det var berre å spele på, seier Andreas Kollvangsnes.
Produsent Baste Antun skildrar resultatet som eit album med både driv, ro og rytme – frå det leikande og energiske til det meir lyriske og ettertenksame. – Her er noko for både øyra og beina, seier han.
Kjent og kjær festivalarena
Fredag 1. august blir albumet lansert med konsert på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Oppdal – ein viktig møteplass for bandet.
– Det kjennest rett å lansere der, midt i folkemusikkens hjarta, blant gamle og nye vener, seier Vegard Hansen.
Albumet blir gjeve ut av plateselskapet Melovitten.
Sindre & Co:
Sindre Fotland – toradar
Kristoffer Kleiveland – toradar og kontrabass
Andreas Kollvangsnes – toradar
Tormod Kleiveland – gitar
Vegard Hansen – trekkspel og kontrabass
Produsent: Baste Antun
Innspeling, miks og mastering: Tor Magne Hallibakken
Innspelt: November 2024, Hallingdal
Lansering: Fredag 1. august 2025, Landsfestivalen i gammaldansmusikk, Oppdal