Siri starta og enda livet sitt som Rogalending, ho budde i Sauda dei første 6 åra av livet, men vaks opp i Odda. Ho fekk interesse for hardingfelemusikken gjennom å dansa i leikarringen, og var heilt frå starten av bevisst på å søkja opp dei eldste spelemennene i Sørfjorden. Etter kvart blei ho student i Bergen og med i Syndebukken spelemannslag, der ho også møtte Erling. Her blei ho introdusert for bjerkreims- og suldalsslåttar gjennom Ruth Anne Moen, og då Siri og Erling seinare flytta til Haugesund blei interessa for denne musikken endå større. Ho lytta med stor interesse på timar med rustne arkivopptak, og for å sitera henne sjølv: det var mykje gull bak knirket.

Hardingfelemiljøet i Haugesund var på denne tida lite og ingenting, men saman med andre gode krefter i Haugesund mållag og ungdomslag blei folkemusikkskulen i Haugesund starta. Her var Siri fast instruktør, og etter kvart lukkast dei med å skapa eit eige ungdomsmiljø og spelemannslag i Haugesund. Siri var også aktivt medlem i Vibå spelemannslag.

Noko av det som låg Siri sitt hjarte nær, var fokuset på god dansetakt, og dette var nok ein av grunnane til at ho sette så stor pris på opptaka frå Rogaland. Ingen av kjeldene på desse opptaka var konsertspelemenn, men alle hadde vore aktive dansespelemenn. Her fann ho eit eldre og annleis preg på slåttane, noko ho kjende igjen frå ein del av det eldre materialet frå Hardanger.

Det var også dette som tende eit stort engasjement hos henne dei siste åra, då ho for alvor fatta interesse for kortboge og samanhengen mellom kortboge, teknikk og gamle danseslåttar. Siri var intenst oppteken av detaljar, og hadde evna til å grava seg djupt inn i det ho fatta interesse for. Ho fann mykje å forska på i slåttane frå Suldal og Bjerkreim, og såg også samanhengar til det gamle slåttematerialet frå Hardanger.

Det var naturleg å oppsøkja Siri dersom ein hadde interesse for slåttemusikken frå Rogaland, og ho er kanskje den som har lært frå seg mest av slåttematerialet herfrå vidare til neste generasjon. Mange studentar og spelemenn har besøkt henne for å læra, ho var alltid uvanleg gjestfri og raus med å dela.

For Folkemusikkarkivet for Rogaland har ho vore ein uvurderleg samarbeidspartnar på mange område. Ho var saman med Erling nærast fast inventar på Folkemusikk- og dansehelga i Suldal gjennom 30 år, der dei begge har vore både deltakarar, instruktørar og dansespelmenn. Dei var også med som spelemenn på mange av Fuglen-arrangementa våre i Stavanger. Ho har vore til god hjelp i det pågåande arbeidet med notebok for slåttemusikken frå Rogaland, og ho var viktig i synleggjeringa av rogalandstradisjonen på Haukeliseterfestivalen.

Siri Dyvik (1958-2021) til minne
Foto: Haakon Nordvik

Siri har vore aktiv som spelemann, også etter at ho vart sjuk. Så seint som i oktober var folkemusikkarkivet på besøk hos henne og gjorde opptak av over 70 slåttar frå Rogaland. Så har me også fått Siri si form av slåttane og ei vidareføring frå arkivopptaka frå 50- til 80-talet bevart i skattesamlinga vår.

For oss har Siri alltid vore ei stor støtte, ein fagleg sparringpartnar og ein ressurs me har henta så mykje frå og sett enormt stor pris på. Som person hadde ho mykje å gi, og ho gav raust, sjølv etter at ho vart sjuk. Ho var uredd, full av humør og engasjement, ho var applauderande, oppmuntrande, kunnskapsrik, omsorgsfull og eit fantastisk førebilete. Me har mista så utruleg mykje, og tankane våre går til Erling, Ingeleiv og Sigrun som har mista endå så mykje meir.

Takk!

Åshild Vetrhus og Tove Solheim
Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet