Artikkelen blei først publisert i Folkemusikk nr. 4/23

Etter mange år som journalist i mellom anna Magasinet i Dagbladet og Fjell og Vidde, har Elin Hansson kome tilbake til barndomsbygda utanfor Kongsberg. Etter at ho slutta som journalist, har ho gitt ut fleire barne- og ungdomsbøker, og i vinter kom romanen Felefeber ut på Cappelen Damm. Tittelen er kjend for mange av Folkemusikks lesarar – delt mellom denne boka og ei av Annbjørg Liens tidlegaste plater. Men det kjem me tilbake til.

Elin Hansson er i dag aktiv i Kongsberg spel- og dansarlag. Torsdagskveldane er heilage for henne, då set ho seg i bilen og dreg inn til byen og spelar med dei andre. Fela pakkar ho ofte opp heime også. Ungdomsromanen Felefeber har ho kverna på lenge.

– Tanken på å skrive ei ungdomsbok der hardingfela var sentral, fekk eg først i 2017. Men det var ein lang prosess å kome dit at eg hadde ein konkret idé. Det fysiske skrivearbeidet gjekk eg i gang med i januar 2021.

Skjønnlitterære hardingfelehistorier
Omslaget på Felefeber av Elin Hansson. Foto: Cappelen Damm

I Felefeber møter me Torleif, eller Tøllef, ein gut frå bygda som går på vidaregåande og bur på internat i byen. Han er skeiv, men det er det ingen der heime som veit. Han har berre vore open om det til vennene sine på skulen. Det ligg mange mørke skuggar over familien til Torleif, og mykje rakna då mor hans døydde. Heime er far og bror att, i tillegg til goffa, som er ein gammal felemakar.

Når goffa blir sjuk, blir Torleif beden om å kome heim i haustferien for å sjå til han medan faren og broren er på jakt. Motvillig reiser han tilbake til bygda, og mange tilfeldigheiter fører til at han får ei innhaldsrik veke med timar i verkstaden til goffa, som leiar av spelemannslaget og som gjestelærar på Akademiet der han møter den japanske hardingfelespelaren Horimio.

Skjønnlitterære hardingfelehistorier
Forfattar Elin Hansson. Foto: Johanne Flottorp

Viktig Raulands-tur med barnehagen

Fleire av skildringane i romanen minner om Rauland i Vest-Telemark, og det er ikkje utan grunn.

– Eg har brukt element frå Rauland, det med Akademiet og at det er ein attraktiv stad for turistar. Men Helvetesfossen, som er sentral i historia, er frå elva Vinda i Øystre Slidre. Så eg har på eit viss sett saman element frå fleire bygder eg liker. Sjølv gjekk eg aldri på Rauland, noko eg angrar litt på i dag. Det stod mellom folkemusikk på Rauland og journalistikk i Bodø. Men eg hadde gode venner som gjekk der og var veldig mykje på besøk. Så eg følte på eit vis at eg fekk med meg Rauland, med Vinterkappleiken, folkemusikkpubbar og alt det der, fortel Hansson.

Hanssons første møte med hardingfela var også på Rauland. Ho gjekk i barnehage på Kongsberg og hadde Veslemøy Fjerdingstad som pedagog. I barnehagen hennar var det mykje kveding og folkemusikk.

– Me høyrde på felespel og det kom hallingdansarar på besøk. Då eg var seks år, drog me på tur til Rauland og besøkte felemakar Bjørn Wibe. Eg hugsar så godt alle instrumenta som hang frå taket. Det var heilt fantastisk å kome dit. Han viste oss korleis han arbeidde med instrumenta, og på slutten av dagen spurde han om me ville prøve å spele fele, fortel Hansson. Alle ungane rekte opp handa, unntatt ho. Ho fortel at ho av og til blir kjempesjenert, og at det skjedde akkurat då.

– Eg sitra etter å ta på dei felene, men eg torde ikkje. I minibussen heim sat eg og angra meg.

Då ho kom heim var ho heilt utrøysteleg. Foreldra spurde henne kva det var. «Eg vil spele hardingfele», sa seksåringen. Foreldra sette henne på venteliste i kulturskulen med ein gong, men sidan Fjerdingstad og Kongsberg spel- og dansarlag hadde hatt ein offensiv for å få med ungar, var ventelista lang. Så Hansson måtte vente frå ho var seks til ti år. Men då det endeleg var tid for å starte, var ho kjempeklar.

«Eg sitra etter å ta på dei felene, men eg torde ikkje. I minibussen heim sat eg og angra meg.»

Elin Hansson

Observatør hos Ottar Kåsa

Sidan då har hardingfela og folkemusikken vore ein viktig del av livet hennar. Likevel var det eit felt ho gjorde ekstra research på i arbeidet med boka. Der det heile starta, i felemakarverkstaden.

– Eg har hatt mykje kontakt med Ottar Kåsa, og han let meg få bli med i verkstaden for å sjå korleis han jobba. Ottar var veldig nysgjerrig på goffa-karakteren og lurte på om eg hadde tenkt på om det var nokre felemakarar han kunne vere inspirert av, fortel Hansson.

Det hadde ho ikkje noko godt svar på. Sjølv har ho ei Helland-fele som ho har spelt på lenge. Men Kåsa lurte på om ho hadde høyrt om Gunnar Røstad. Han hadde ikkje forfattaren så stor kjennskap til frå før.

– Ottar byrja å fortelje meg historier om Røstad, og då tenkte eg med ein gong at dette høyrdest ut som goffa.

Det var viktig for henne å få folkemusikken og alt det tekniske inn på ein naturleg måte, slik at det også kunne lesast av folk utanfor miljøet.

– Det var litt krangling med redaktøren min. I dei første utkasta hadde eg mykje meir frå goffas verkstad, ting ved felemakaryrket eg hadde forelska meg i då eg intervjua Ottar. Så eg fekk tilbakemelding på at tre sider om det måtte ned til ei halvside. Det er noko med at historia skal gå framover, og det handlar kanskje litt om ungdomsformatet også, fortel Hansson.

Skjønnlitterære hardingfelehistorier
Elin Hansson på konfirmasjonsdagen. Hardingfela har vore viktig for henne heile livet. Foto: Privat

Bruker folk ho kjenner som inspirasjon

Ein av karakterane i boka er Torleifs felelærar Anne. Ho er ei dame han har eit godt forhold til, og kanskje har Anne også skjønt meir av kven Torleif er enn det han har fortalt henne sjølv. Anne-karakteren er basert på ei Anne som har vore viktig for Hanssons feleliv.

– Anne Svånaug Blengsdalen er læremeisteren min og heilt klart ein inspirasjon for denne karakteren. Eg ser alltid føre meg personar eg kjenner, meir eller mindre, og bruker karaktertrekk derfrå når eg skriv. Men eg endrar alltid namnet til slutt. I denne boka ville eg ha ein spesiell rytme i namna – med Goffa, Fatter, Tøllef. Anne heitte Anne frå starten, og eg skjønte ikkje kva anna eg kunne kalle henne, fortel Hansson.

Dermed gjekk ho til Blengsdalen og fortalte at hovudpersonen hadde ein felelærar som betydde veldig mykje for han, akkurat som Blengsdalen hadde gjort for ho. Kunne ho få lov til å bruke namnet hennar?

– Kan skjønne du skal bruke det, svarte ho. Så ho blei berre veldig glad, og det set eg pris på. Det er jo ikkje alle som hadde reagert slik. Men nå er jo ikkje Anne ein slem karakter heller, seier Hansson.

«Felefeber» – ein viktig slått

Sentralt i boka er også «Felefeber», ikkje berre som ein tittel, men som ein viktig del av repertoaret til Torleif. «Felefeber» er slåtten han speler i gravferda til mora, og som han sidan ikkje har spelt. Det er også ein slått Hansson har eit nært forhold til.

– Eg var vel rundt 17 år då eg kom over det Felefeber-albumet til Annbjørg Lien. Den slåtten skildra all den kjærleiken eg følte overfor hardingfela. Sidan har dét vore slåtten som speler i hjartet mitt. Eigentleg var det berre ein arbeidstittel, men forlaget likte den så godt. Og det er ein fin måte for meg å sende ei lita helsing til Annbjørg Lien, som var eit stort idol for meg. Ho var stjerna.

Forlaget pusha Hansson til å sende eit eksemplar til Annbjørg Lien, og då Bukkene Bruse hadde konsert og kurs på Kongsberg i vår, fekk Hansson endeleg sjansen til å møte barndomsidolet. Veslemøy Fjerdingstad ymta frampå om at ho måtte fortelje at ho hadde skrive boka, men den akutte sjenansen som dukka opp hos Bjørn Wibe over 30 år tidlegare, kom plutseleg tilbake. Så Fjerdingstad tok saka i eigne hender, og i løpet av lunsjen hadde Annbjørg Lien fått nyss i kven som var forfattaren.

– Og ho syns det var kjempekoseleg at slåtten hennar hadde inspirert til ein roman, seier Hansson.

At det i tillegg kom ut to «felebøker» ganske samtidig, synest Hansson er litt sprøtt.

– Eg torde ikkje lese Etterklang før boka mi var i trykken. Kan godt hende redaktøren min gjorde det, men eg måtte vente. No har eg lese den, og det er ei knakande god bok, seier ho.

Notid og fortid knytt saman

Helga Flatland har sidan ho debuterte som forfattar i 2010 lagt fleire av handlingane sine til bygda. I romanen Etterklang, som kom ut i fjor haust, flytter hovudpersonen Mathilde ut av eit koronastengt Oslo til eit gammalt tun frå 1600-talet. Mathilde er lærarvikar og har innleidd eit forhold til ein vidaregåandeelev, og etter at både arbeidsforholdet på skulen og kjærleiksforholdet til eleven raknar, set ho seg i bilen og køyrer til Telemark. Der får ho leige eit lite hus på tunet til Johs og familien hans. På garden er ho omkransa av felespel, tradisjon og soger som knyter dei notidige personane saman med fortida. 

Helga Flatland, som er oppvaksen i Flatdal i Seljord kommune, er ikkje ukjend med felespel. Ho har nokre år i kulturskulen bak seg, først med Ragnhild Knudsen som lærar på vanlig fele, før ho starta på hardingfele med Torunn Raftevold Rue.

– Eg spelte fele frå eg var seks år, og hardingfele ei kort stund etter kvart. Eg har gode minne frå spelinga, men eg syntest overgangen frå flatfele til hardingfele var vanskeleg, og på den tida synest eg ikkje hardingfele lét like fint. I ettertid kan eg sjå at det kanskje var eit vikarierande motiv for manglande motivasjon, seier ho og legg til:

– Eg hugsar det som om det ikkje var eit reelt val å fortsette å spele flatfele, fordi det låg i korta frå start at alle skulle over på hardingfele. Eg er ikkje sikker på om det er rett, og dessutan er eg i dag glad for at eg fekk prøve meg på hardingfele. Det blei jo ei bok av det.

Skjønnlitterære hardingfelehistorier
Framsida på Etterklang av Helga Flatland. Foto: Aschehoug

Tekniske detaljar skapar truverd

Trass i at ho gav seg ganske raskt, har altså barndomshobbyen gitt henne ein viss bakgrunn for det ho skriv om i boka. Etterklang startar med ei scene frå ein kappleik. 

– Eg er veldig glad for at dei i folkemusikkmiljøet som har lese boka seier at det ikkje er så mange feil i den. Eg har med nokre tekniske detaljar. Det skapar truverd hos lesarar som ikkje driv med dette, og det er ein klassisk ting forfattarar gjer. Men så skriv eg ikkje veldig mykje om det å faktisk spele fele. Eg held meg på passe trygg grunn, for det er alltid slik at nokre lesarar kan betre det ein som forfattar let som ein kan, fortel Flatland. 

Nokre subtile kommentarar i boka, som då felespelaren Johs klimprar på understrengane og Mathilde seier «Grieg», gjev meining for hardingfelekjennarar, då understrengane er stemt som opninga av Morgenstemning.

– Det er slike små ting som er gøy å leike seg med som forfattar, og det går det an å jukse seg til. Det verkar nok som om eg kan meir enn det eg kan, men samstundes hadde eg ikkje kunne skrive dette utan å kunne noko, fortel Flatland.

«Eg blei veldig interessert og tidvis provosert over det Sara hadde skrive om i masteroppgåva.»

Helga Flatland

Utgangspunktet var ikkje å skrive ei bok om folkemusikk. Temaet skulle vere by og bygd. Sjølv om Flatland er fødd og oppvaksen i Flatdal, har ho budd store delar av livet andre stader – i Skien, Bergen og no Oslo. 

– Eg har budd borte veldig lenge, så eg har eit slags tokulturelt blikk. Eg ville få fram lengselen Mathilde har til det som er ekte. Det trur ho finst i bygdene. Det mest rotnorske, og manifestasjonen av det ein ser føre seg når ein tenkjer på Bygde-Noreg, er folkemusikken. Så folkemusikken blei ein representant for dette med bygd og by, verkelegheit og forventing, seier Flatland. 

Til liks med Elin Hanssons roman, er også Etterklang plassert i eit telemarkslandskap.

– Eg har ikkje nemnd stadnamn, men har brukt slåttesoger frå Seljordshei og andre stader rundt Seljord. Alle som kjenner meg eller er frå Flatdal, tenkjer at handlinga er derfrå. Det geografiske liknar veldig, men eigentleg er det ikkje stadbunde anna enn at det er i Telemark, med karakterar som har fleire telemarkske eigenskapar, blant anna evna til godt tima tausheit og tilsynelatande høg moral. 

Skjønnlitterære hardingfelehistorier
Helga Flatland (t.v) som ung felespelar saman med lærar Ragnhild Knutsen, Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Mari Aakre Karlsson. Foto: Privat

Ikkje upåverka av trendar

Temaet om bygd og by kunne ha blitt dekka utan folkemusikken, det har ho gjort fleire gonger før, men folkemusikken sneik seg inn tidleg. Til slutt blei romanen forma som ei hardingfele, med overkapittel og underkapittel, der kvar del blir representert av dei ulike tonane i trollstilt felestille. 

På fela kom ho seg ikkje til trollstilt sjølv, men Bruremarsj frå Seljord sit framleis i fingrane. Den fekk ho framføre nokre gonger med musikkskulen før ho gav seg. 

Forholdet hennar til folkemusikken, og til bygdekulturen, er i dag mykje betre enn det var i tenåra.

– Eg er, som alle andre, ikkje upåverka av trendane. Då eg vaks opp, skjøna eg at det kule ikkje gjekk føre seg på garden i Flatdal. Ikkje på bygda i det heile. Det var i verdsbyane – som på den tida for meg først var Skien og deretter Oslo. Så eg søkte meg mot det urbane, men så har mi eiga oppfatning snudd. Psykologien i dette med trendar er i seg sjølv interessant, no skryter eg til dømes ofte av at eg er frå ein gard i Flatdal, og i samband med Etterklang overdriv eg nok mi eiga felekarriere ein smule, seier Flatland. 

Sterke kvinnekarakterar

Sitje ned og lytte til folkemusikk, kan ho også gjere i dag. Det har ho gjort i arbeidet med boka. Slåttane ho nemner og fortel sogene til, er mellom anna «Skuldalsbruri», «Hjerki Haukeland», «Kivlemøyane» og «Gonil Dale», alle slåttar og soger med sterke kvinnekarakterar. 

Dette er basert på informasjon ho har henta frå Sara Fjågesund Aase, som har vore ein viktig sparringspartnar i bokskrivinga. Tidleg i researchfasen reiste Flatland på besøk til henne for å snakke om kulturen og tradisjonen, og då kom Aase med masteroppgåva si og sa at ho kunne få den. 

– Sara hadde skrive ein veldig interessant master om kvinner i slåttespel og -soger. Då eg besøkte henne, var eg i hovudsak oppteken av dei maskuline verdiane på bygda og i folkemusikken.

Aase fortalte korleis kvinneskjebnane i slåttesogene ofte likner på kvarandre, og strukturen er som regel den same: Først eit opprør, så ein konsekvens. 

– Og konsekvensen rammar kvinnene, stort sett. Eg blei veldig interessert og tidvis provosert over det Sara hadde skrive om i masteroppgåva, seier Flatland. 

Ho har brukt sogene som parallelle historier til det som skjer i notid med Mathilde-karakteren. 

Den gamle felespelaren Johannes, som er bestefar til den notidige Johs, kjem også med fleire mildt sagt friske sitat i boka. Eitt av dei er at kvinnfolk og fele betyr ulykke. 

– Det med kvinner og fele, at det betyr ulykke, har eg ikkje høyrt nokon seie. Det er dikting, og Johannes er ein karikert variant av det eg ser for meg at er ein spelemann av den gamle skulen, med tvilsamt syn på kvinnelege felespelarar, seier Flatland.

Skjønnlitterære hardingfelehistorier
Hausten 2022 gav Helga Flatland ut romanen Etterklang, der hardingfela og slåttesoger frå Seljord står sentralt. Foto: Agnete Brun

Eitt ord kan øydelegge

Nivået av pirk har vore høgt i finpussinga av boka. Sara Fjågesund Aase kvalitetssikra alt det musikalske, og las gjennom boka før ho gjekk i trykken. Ein stad oppdaga ho at Flatland hadde skrive om to kvinner som konkurrerte i dans på kappleik. 

– Det seier ein ikkje, sa Sara. Ein seier tevlar. Det er pirkete, men det handlar om å minimere distansen, og halde på truverdet i boka. At ikkje lesaren skal bli rykka ut av historia og tenkje «oi, ho kan eigentleg ikkje dette», så det er veldig viktig at det sit. Ingen var betre enn Sara til å lese boka før ho kom ut, seier Flatland. 

No blir Helga Flatland invitert til litteraturfestivalar for å snakke om folkemusikk. Då kan ho kjenne litt på redsla, før ho takkar ja. 

– Eg tek det som eit kompliment. Eg takkar ja til nokre av invitasjonane, men er tydeleg på at eg ikkje er ekspert på området, at eg til dømes ikkje kan diskutere folkemusikkhistoria frå A til Å eller snakke om musikalske forskjellar på vestlandsspel og telespel. Heldigvis finst det folk som kan snakke betre om det enn meg. Så kan eg snakke om det eg kan – korleis desse temaa kan bli til litteratur.