Tekst: Kristian Hanto

Alf trekte særleg fram lokale slåttar denne sundagskvelden. Springaren Ugge-Margit fekk me høyre i to former, éi etter Gunleik Kåsa og éi etter Olav Evju. Gunleik hadde slåtten i familietradisjon, og Ola i møllartradisjon. Gunleik Kåsa var lite ute med spelet sitt; han var visst ikkje med på anna éin kappleik i si tid. Olav Evju var derimot i landstoppen på kappleikane på 30- og 40-talet, og hadde mykje av spelet sitt gjennom Flatland-spelemennene. 

Høyr Alf Tveit fortelja i denne filmen frå Evju Bygdetun

Tjuge år gamle Sunniva hadde kome til hardingfela frå frå fiolinen, og etter ei tid på Toneheim folkehøgskole studerte ho no folkemusikk ved Noregs Musikkhøgskule. Ho spela fyrst gangaren Gotuholten, ein slått etter Aslak Gotuholt frå Kviteseid. Deretter kom springaren Hakkespetta og to systerslåttar Sunniva hadde etter Knut Dahle, henta frå hardingfeleverket.

Så spela Alf gangar etter Gunleik Kåsa og gangaren Gvanntjønnstuljenta – ein slått med ei tragisk bakgrunnshistorie der hovudpersonen blei avretta for barnedrap. Deretter følgde ein møllargangar Olav Evju hadde fått av Olav Lona – spelemann frå Vatnarheia som fekk premie på kappleikar for originalt og gammalt spel. Han heldt ei tid konsertar rundt om med heimelaga plakatar.

Så kom ein fiskestig-gangar, ein slått etter Hans Fiskestigen på Ulefoss. Der var m.a. eit tak frå gangaren Brynjulf Olsson. Hans levde til 1858 og hadde hatt kontakt med Møllaren. Deretter ein favorittslått Alf hadde hatt sidan gutedagane – storslåtten Sandsdalsspringaren, som han hadde etter Kristiane Lund. Så runda Alf av sin bolk med ei form av Fossegrimen etter Halvor Paradis, som Eivind Groven hadde skrive ned.

Til slutt spela Sunniva og Alf saman Trimannsdansspringaren etter Hans Fykerud.

Høyr Sunniva Langås-Røiland spela Kivlemøyane etter Knut Dahle her.