Tekst: Pressemelding frå Motvind Records.
Håkon Thelin er ein kjent kontrabassist som med sin musikalitet og teknikk på høgt nivå har latt seg høyre i ei rad ulike plateutgjevingar og konsertopptredenar dei siste 25 åra. Han er kjent både som ein tolkar av samtidsmusikk der notane ser ut som matematiske utgreiingar
av likningar med både 8 og 9 ukjende, den musikalsk altetande trioen POING med Frode Haltli og Rolf-Erik Nystrøm, og som komponist av både solo- og ensembleverk, er det som folkemusikar han gjer seg gjeldande her. Han let sjølvsagt sin eigen musikalitet ha minst ein finger med i spelet, for han har ved fleire høve sett saman eigne originalkomposisjonar med slåttetranskripsjonar.
Høyr “Kveldshymne - Dagen viger og gaar bort” her, eller der du likar å strøyme musikk frå.
Thelin seier:
Folkemusikken er en uendelig kilde til inspirasjon. Jeg har i mange år arrangert og transkribert slåtter for kontrabass, og brukt overtoner, lydimitasjon samt rytmisk og melodisk materiale som utgangspunkt for egne verk. På denne platen har jeg samlet noen av mine favorittarrangement i tillegg til et utvalg egne verk: Bukkehornspolsen er en slags fantasi over den tradisjonelle tonen, Kveldshymne er et forspill til salmen som jeg har spilt mye sammen med Unni Løvlid, og i Maltsteinen spiller jeg en stilisert versjon av rytmen slik den er notert i transkripsjonen av Eilev Smedal sin tolkning.
Sammenhengen mellom min egen musikk og folkemusikk kontekstualiseres på denne platen. Når slåttene settes i sammenheng med mine egne verk som er bygget over lignende materiale så tydeliggjør det gjensidige påvirkninger og kunstneriske valg. Jeg prøver også å vise hvordan slåtter kan spilles på kontrabassen, og hvordan overtoneteknikker og andre spillemåter på instrumentet har slektskap til og kan imitere melodikk og klanger fra folkemusikken.
Denne plata er ei fortsetjing og ei vidare fordjuping av eit prosjekt som starta på dei to førre soloutgjevingane hans, «Light» (2011) og «Folk» (2015) der han reflekterer rundt eit musikalsk språk som han kallar «kontrabassens folkemusikk». Dei spesielle verkemidla og teknikkane som utgjer denne klangsfæra er serleg knytt til overtonane og samspelet deira med dei vanlege tonane på bassen. Her er altså nok ein gong prat om samanhengen mellom det ljose og det mørke.
Kontrabassen er i visse folkemusikkmiljø kalla «storfela», og sjeldan har vel denne forstørra fela høyrtest så mykje ut som ei ordinær fele som i nevane på Håkon Thelin. For sjølv om musikken hans baserer seg på ei utforsking av klangar som let spesielt godt gjennom kontrabassen, er det noko med det tekniske overskotet, og da må ein spesielt nemne den raffinerte bogehandteringa, som gjer at han ikkje står attende for felespelarar.
Og vi må ikkje gløyme venstrehandsarbeidet heller – Thelin spelar med ein sylfin intonasjon, variert klangbehandling og med ei rappheit (fingrande dansar over gripebrettet i heller avanserte mønster). Og bruken hans av flageolettar – desse overtonane som kling så klårt på
bassen – mogeleggjer ei heilt anna klangverd som står i kontrast til dei mørke frekvensane som er bassens kjerne.
Her er musikk frå ulike tradisjonar, inspirert av ulike utøvarar. Susanne Lundeng, Knut Kjøk, Hans W. Brimi, Geir Egil Larsen, Eilev Smedal, Unni Løvlid, Thorvald Trondsgård og Vidar Lande er nemnt som kjelder. Samanhengen her er det Håkon Thelin sjølv som står for. Motvind Records skriv om bakgrunnen for serien “Perspektiv på norsk folkemusikk”, der Thelin si plate er den femte i rekka:
Vi elskar soloplater og er utruleg glade for at Håkon Thelin har sagt seg viljug til å gje ut noko så personleg og gjennomarbeidd på serien vår, Perspektiv på norsk folkemusikk. Perspektiv på norsk folkemusikk er ein serie på Motvind Records som tek for seg ulike tradisjonsliner som karakteriserast ved at vi fer ei kjensle av at dei framkallar ein dåm som kastar ljos over ein viss signifikans ved norsk folkemusikk sitt vesen. Føremålet med serien er å gjeva folk som har lyst til å lytte meir til norsk folkemusikk eit breitt utval av ulike uttrykk som forhåpentlegvis inspirerer til vidare lytting og reflektering. «Slåtter på kontrabass» er den femte utgåva i serien, etter Helga Myhr si plate «Natten veller seg ut», Thov G. Wetterhus si plate «Stålslått», Naaljos Ljom si sjølvtitulerte fyrsteplate og «Kjenslevarulv» av Dei Kjenslevare. Med kombinasjonen unik musikk og elegant design vonar vi at dette blir ettertrakta samleobjekt blant dei som veit at fysisk format fortsatt er det deiligaste formatet.
DETALJAR
Håkon Thelin, kontrabass.
Opptak ved Håkon Thelin i Lille Eikefilharmoni, Nesodden. Spor 3 på side A live fra Dokkhuset, Trondheim 2016, opptak ved Tor Breivik. Spor 4 på side B live fra Oslo Militære Samfund 2015, opptak ved Cato Langnes. Klipt av Håkon Thelin.
Miksa av Håkon Thelin og Cato Langnes.
Mastra av Cato Langnes.
Produsert av Håkon Thelin.
Foto av Jenny Rydhagen.
Grafisk utforming av JAHJAH Studio.
Rosedekor av Knut Buen.
Spelt på ein kontrabass av Giovanni Battista Ceruti (Cremona, 1800) unntatt spor 1 på side B, spelt på ein kontrabass av Peter Elias (1999). Støtta av Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica.
SPORLISTE
A1 Musikus, trad. etter Knut Kjøk (05:27), A2 Gammel Masurka, trad. etter Susanne Lundeng (03:08), A3 Den Blå Slåtten, av Hans W. Brimi (05:59), A4 Bukkehornspolsen av Håkon Thelin/trad. etter Geir Egil Larsen (07:35),
B1. Maltsteinen av Håkon Thelin/trad. etter Eilev Smedal (04:03), B2 Brurmarsj fra Lødingen, trad. etter Susanne Lundeng (03:19), B3 Kveldshymne - Dagen viger og gaar bort, av Håkon Thelin/trad. etter Unni Løvlid (06:55), B4 Kristiania, av Håkon Thelin - Springar etter Thorvald Trondsgård, trad. etter Vidar Lande (08:21) Bonusspor på digital utgjeving: Brurmarsj fra Sørfold, trad. etter Susanne Lundeng (01:54).
KONTAKT
PR: records@motvindkulturlag.no
Sal: christian@subversivevibrations.com