– Eg har i alle fall funne ut at det er musikk eg skal drive med, og desse resultata gjev så klart meirsmak, seier Steinar Odde.

28-åringen frå Garmo i Lom har henta ny inspirasjon og motivasjon på landsfestivalen i nabobygda. Han klatra heilt til topps i klassa solo andre instrument på trekkspel, og vann gull som gitarist med Lendmenn i gruppespel, den aller gjævaste klassa, saman med syskenborna Bjørn Kåre og Mads Erik Odde og onkel Bjarne Odde, og Øyvind Sandum, syskenborn på morsida.

«Eg trivst godt på Voss, har funne meg dame og kjøpt meg hus, så det kan nok hende eg blir verande.»

Steinar Odde
Snudde på flisa og tok to gull
Steinar Odde (midt i) går på Ole Bull Akademiet på Voss, der han har banjo og gitar som hovudinstrument. Han vann to klasser på Landsfestivalen 2022, solo på trekkspel og, som her, som medlem av gruppa Lendmenn.

Lærar og student på Voss

Å livnære seg som musikar er som kjent ikkje berre enkelt. Difor valde Steinar å gå byggfag på vidaregåande i Lom med tanke på å bli snikkar.

– Eg var lærling også, men interessa var ikkje der. Eg har alltid spelt mykje og på mange instrument. Mest til husbruk kanskje, men etter kvart også meir seriøst, og det var musikk eg ville drive med.

For fjerde året driv han som instruktør og musikklærar på trekkspel og toradar på Voss, i kombinasjon med studiar ved Ole Bull-akademiet, der banjo og gitar er hovudinstrument.

– Eg trivst godt på Voss, har funne meg dame og kjøpt meg hus, så det kan nok hende eg blir verande. Har i alle fall att tre år på Ole Bull, seier ein overlykkeleg landsfestivalvinnar, ikkje heilt innforstått med at han tronar øvst på lista. Han er rett nok ingen debutant, men har stått litt i bakgrunnen utan store fakter.

– Det er mange inntrykk her nå. Eg er nok ei type som ikkje meistrar å ta i mot all merksemd. Etter ymse påtrykk tenkte eg mest på å stille opp for å fylle opp startlista, og det var ein seier i seg sjølv å koma til finalen. Kjente meg rett nok ganske trygg på spelet, og fekk god respons. Eg kosa meg og hadde full kontroll, tykte eg, men eg klarar ikkje heilt å feire dette. Det hadde nå eigentleg vore det same om eg  vart nummer ein, to elle tre, men det var nå sjølvsagt «jælma løyle» å vinne.

Lomsmålet er i alle fall intakt, enn så lenge.

Vann tre klasser

Bjørn Kåre Odde vann tre klasser medrekna solo fele/hardingfele senior og som leiar for Lom i lagspel. Gruppa hans, Lendmenn vann for tredje gong, Jutullaget kom på andreplass.

Kongsberg trekkspillklubb forsynte seg òg grovt av premiebordet. Laget tok siger i lagspel durspel/trekkspel og to solosigrar: Trude Saatvedt Lien vann durspel senior, og Silja Lid Strysse den nye klassen super-junior pluss Fure-stipend på 10.000 kroner.

Far og son Trond Åsmund og Jens (14) Svenkerud, Trondheim, imponerte stort, men var sjølve svært overraska over å vinne samspel senior. #Hedmark jubla hemningslaust over seier i lagdans, dessutan vann medlemmene Dorte og Ole Nilssen pardans senior.

Super-junior var eit nytt forsøk på å få ungdom til å tevle saman uavhengig av instrument. 15 stilte, og FolkOrg-leiaren lovde under meisterkonserten at tiltaket skal evaluerast for eventuell vidareføring.

Rekruttering er viktig. Ein eigen barnefestival i Vågåmo sentrum med om lag 30 ungar og svært god publikumsoppslutning var eit viktig bidrag i så måte.

Rekordoppslutning

– Årets landsfestival vil gå inn i historia som ein av dei aller største, fastslo FolkOrg-leiar Hilde Reitan. Ho takka arrangør Vågå trekkspelklubb for fantastisk godt opplegg og gjennomføring, attpåtil som organisasjonens ferskaste medlemslag.

Bortimot 1200 deltakarar og 700 startnummer vitnar om rekorddeltaking, og publikumsoppslutninga var så stor at ein laurdag kveld måtte setja stoppar for billettsal. Det har i følgje FolkOrg aldri før hendt.

– Vi er imponert over arrangementet, og ikkje minst oppslutninga frå publikum. Kom gjerne til oss neste sommar, oppfordra Leon Aardal, leiar for neste års landsfestival i Førde da han overtok bodstikka frå Arne Stasviken, komiteleiaren i Vågå.

Som på si side retta den aller største takken til 550 frivillige.

Indre Sunnfjord spelemannslag arrangerte den første Landsfestivalen i Førde i 1986. Neste år kjem festivalen heimatt, i tråd med slagordet på festivalskjorta: «Landsfestivalen kjem heim».

Alle resultata frå Landsfestivalen 2022, og frå mange andre kappleikar, finn du på resultat.folkorg.no

Snudde på flisa og tok to gull
Kongsberg trekkspillklubb gjekk til topps i lagspel durspel/trekkspel, og tok òg to solosigrar: Silja Lid Strysse vann den nye klassa «super-junior», medan Trude Saatvedt Lien vann durspel senior.
Snudde på flisa og tok to gull
Musikk-akrobatane Ola Kvernberg og Stian Carstensen heldt ein forrykande og mest utseld konsert i Vågåhallen som del av kulturprogrammet på Landsfestivalen.