Det skriv komiteen sjølv i ei pressemelding som mellom anna er delt med medlemmene av Norsk lur- og bukkehornlag på Facebook. Prisen er i dag eit samarbeid mellom NOPA, Norsk lur- og bukkhornlag, Tolga kommune og familien Storbekken.  

I fjor gjekk prisen til Oddrunn Hegge, instrumentmakar, musikar og pedagog frå Valdres. Det er personar som har gjort ein ekstraordinær innsats for norsk folkemusikk og spesielt for dei eldre folkemusikkinstrumenta som er aktuelle for prisen. Mottakarane kan arbeide innanfor utøving, arrangering og komponering, forsking og formidling, instrumentbygging og instrumentutvikling, eller med å formidle musikken etter Egil Storbekken spesielt. Kandidatane kan kome frå heile landet. 

I år skal prisen delast ut på Tolga 29. juli, og priskomiteen vil ha inn forslag til kandidatar innan 1. juni. Forslaga kan sendast til j.simenstad@icloud.com.  

Prisen er på 25.000 kroner, pluss eit kunsverk.  

Søkjer kandidatar til Egil Storbekkens musikkpris
I 2022 vart langeleikspelar Oddrun Hegge vinnar av Egil Storbekkens musikkpris. (Foto: Audun Bratrud)
Søkjer kandidatar til Egil Storbekkens musikkpris
Egil Storbekken, foto: Astrid Gynild

Desse har tidlegare fått Egil Storbekkens musikkpris:

  • 2006 Geir Egil Larsen, Verdal
  • 2007 Leif Løchen, Vågå
  • 2008 Magnar Storbækken, Tolga
  • 2009 Steinar Ofsdal, Oslo
  • 2010 Atle Lien Jenssen, Hamar
  • 2011 Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jakobsen, Tolga
  • 2012 Karl Seglem, Årdalstangen/Oslo
  • 2013 Instrumentbyggargruppa i Gjøvik spelmannslag, Gjøvik
  • 2014 Eilif Gundersen, Ål
  • 2015 Henning Sommerro, Surnadal/Trondheim
  • 2016 Sverre Jensen, Oslo
  • 2017 Bjørn Aksdal, Trondheim
  • 2018 Hildegunn Øiseth, Kongsvinger / Trondheim
  • 2019 Tom Willy Rustad, Vinstra
  • 2020 Einar Selvik, Fredrikstad
  • 2021 Terje Isungset, Geilo/Bergen
  • 2022 Oddrun Hegge, Valdres