– Prosjektet handlar om å utvikle eit fellesemne i folkemusikk for bachelorstudentar på dei fem høgare utdanningsinstitusjonane som er med. Den pedagogiske metoden er såkalla «blended learning», der mykje skjer på nettet, medan me i intensive veker ein gong i semesteret samlar studentane, fortel Laura Ellestad. Ho arbeider på Universitetet i Søraust-Noreg (USN) campus Rauland, som er ansvarleg for prosjektet. Ellestad er prosjektkoordinator og har vore med sidan starten, gjennom ein lang søknadsprosess og fram til no, når prosjektet har blitt sparka i gang. Prosjektet har fått namnet TUNE – ei forkorting for Traditional music Undergraduate Network in Europe.
Under Vinterfestivalen på Rauland i februar møttest tilsette på dei fem institusjonane for å ha ein såkalla «kick-off», med både samspel og samtaler i løpet av veka.
– Utgangspunktet for dette går tilbake til før eg blei tilsett her, med bachelorprogrammet hos franske Pôle Aliénor. Frode Nyvold og Benjamin Rygh (tilsette ved USN på Rauland, journ. merk.) har besøkt dei tidlegare, og det var franskmennene som foreslo at me skulle søke om prosjektet. Dei var veldig interesserte i å få til eit internasjonalt samarbeid med oss og andre. Me tok på oss å skrive søknaden, og eg fann ut av at eg visste lite om dei ulike Erasmus-ordningane. Men etter at eg hadde sett meg inn i det, bestemte me oss for å søkje det som heiter samarbeidspartnarskap, fortel Ellestad.
Nordtrad som modell
Arbeidet med søknaden starta i 2019, og då fann også Campus Rauland ut kven andre dei ville samarbeide med. Valet fall på dei mindre folkemusikkutdanningane, som er tilsvarande Rauland og den franske institusjonen i storleik. University of Tartu Viljandi Culture Academy i Estland, The Higher Conservatory of Music of Vigo i Spania og University of Ioannina i Hellas er også med som partnarar i prosjektet. I tillegg er paraplyorganisasjonen Association Européene des Conservatoires (AEC) med, så totalt tel dei seks institusjonar. I mai i fjor blei søknaden levert, og i oktober fekk dei svar med tilslag på over 3,5 milllionar kroner. Prosjektet hadde oppstart 1. november 2021 og går fram til slutten av oktober 2024.
Årleg blir det arrangert ein konferanse for folkemusikkstudentar i Norden, kalla Nordtrad. Der møtast studentar og blir delt inn i grupper på tvers av land, institusjonar og instrument for å spele saman fleire dagar, og til slutt stille på ein konsert. Denne modellen har Rauland teke utgangspunkt i når dei har forma det nye opplegget.
Skal bli kjend med kultur og repertoar
– Studentane skal ende opp med å ha ein konsert, men dei kjem til intensivveka med eit repertoar dei allereie har jobba med. Målet er at dei skal bli kjende med kvarandres kulturar og repertoar, pluss at dei skal bygge nettverk i Europa, seier Ellestad og legg til:
– Då me valte partnarar, valte me likevel å gå utanfor Nordtrad-krinsen. Nokre av institusjonane har Rauland samarbeidd med før, mellom anna i form av utvekslingsstudentar, men nokre av dei er heilt nye kjenningar.
– Prosjektet skal gå over fem semester. Me vil prøve ut ulike opplegg og ulik teknologibruk, men det som er felles for alle er at dei skal vere vertskap av kvar si intensivveke.
Pengar frå Europakommisjonen
EU-programmet som TUNE-prosjektet har fått pengar frå, er samarbeidspartnarskapen Erasmus+. I Noreg er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse eit av nasjonalkontora for Erasmus+. Dei syter for mobilisering til programmet og tildeling av dei nasjonale midla, som kjem frå Europakommisjonen.
– Dette er konkurranseutsette midlar, så det gjeld å skrive ein best mogleg søknad for å nå opp. Laura og USN gjorde det, dei fekk ein god poengsum hos evaluatorane som las søknaden, seier Karoline Øisteinsdatter Opåsen i direktoratet.
Ho fortel at mange nok i første omgang tenkjer på utveksling når dei høyrer ordet Erasmus, men at det som kanskje er litt mindre kjend, er at ein har moglegheit for partnarskap med andre institusjonar gjennom samarbeid som TUNE. Av andre i Noreg, har Blant anna har musikkutdanningane ved Universitetet i Stavanger og Noregs Musikkhøgskule tidlegare vore med på partnarskap i regi av Erasmus+.
Må vise til behov
I søknaden må søkjaren overtyde dei som skal lese søknaden om at prosjektet er godt gjennomtenkt og gjennomførleg – og at det passar inn i målsettingane til programmet det blir søkt pengar frå. Ein må ha samarbeidspartnarar klare, og greie ut om aktivitetar og mål i prosjektet ein søkjer om pengar til.
– Erasmus+ skal bidra til å oppnå mål som EU og Noreg har på utdanningsfeltet, og desse prosjekta har krav om minst tre partnarar frå tre ulike land. Ein må også kunne vise kvifor ein må samarbeide internasjonalt, fortel Opåsen.
– Kvifor er det ikkje nok å gjere dette på USN, til dømes? Her viste dei i søknaden at dei vil oppnå ein felles modul for europeisk tradisjonsmusikk og lage ein plattform for det. Gode prosjekt identifiserer ein mangel eller eit behov i utdanninga i søknaden. Det kan til dømes mangle metodar eller pensum, og då må søkjaren vise at dei vil dekkje eit hol som finst.
LES OGSÅ:
Samlingshelg med unge folkemusikkforskarar
Siste helga i mars samlast master- og doktorgradsstipendiatar frå heile landet for å ha det dei sjølv kallar «nerdehelg» i Oslo.
Setesdalsspel og trønderske trampetankar
Ved å fordjupe seg i setesdalstradisjonen, har felespelar Sturla Eide stilt seg mange spørsmål rundt tramping og trampedidaktikk i folkemusikkopplæringa.