Tuva er ein liten republikk i Russland, på grensa til Mongolia. Arealet er halvparten av Noreg, og folketalet er om lag 300 000. Tuva-folket er tradisjonelt eit nomadefolk med hesten i sentrum. Det kulturelle slektskapet med mongolane er tydeleg, men dei snakkar eit tyrkisk språk.

Strupesongtradisjonen til tuvaene er unik, og internasjonalt er Huun-Huur-Tu den mest kjende gruppa som inkluderer tradisjonell strupesong i musikken sin. Namnet på gruppa tyder «solpropell» – når solstrålane deler seg opp i fleire åtskilde ljossøyler om morgonen. Namnet er ein metafor for strupesong: I teknikken tek songaren ein einskild tone og formar munnhola slik at ein eller fleire overtonar blir forsterka, og det høyrest ut som at ein syng fleire tonar samtidig.

Solpropell over Sibir
Sayan Bapa på doshpuluur, den tradisjonelle tuvinske lutten.

Frå eksperiment til tradisjon

– Vi eksperimenterte i mange år med musikk i kryssingspunktet mellom tradisjonsmusikk, elektronisk musikk, pop og rock. Men på byrjinga av 1990-talet ønskte vi å dykke djupare ned i røtene våre: lære gamle songar, studere hos dei gamle meistrane. I 1992 starta vi Huun-Huur-Tu. Vi lagar òg våre eigne instrument, fortel Sayan Bapa, ein av grunnleggjarane av gruppa.

Bapa, med tuvinsk far og russisk mor, vaks opp i industribyen Ak-Dovurak vest i Tuva – ein by grunnlagd for å utvinne asbest i nærleiken. Han byrja som gitarist og bassist med jazzrock som spesialfelt. Sjølv om han er frå ein musikalsk familie, vaks han opp utan særleg kjennskap til tuvinsk tradisjonsmusikk.

Ungdomskameraten og den andre originalmedlemmen som framleis er med, igil-spelar, strupesongar og historieforteljar Kaigal-ool Khovalyg, kjem derimot frå ei lang familielinje av tradisjonsberarar. Fram til han var 21 år, levde han som gjetar, før han busette seg i Tuvas hovudstad Kyzyl og byrja å undervise i tradisjonell song. Khovalyg er rekna som ein av dei fremste tradisjonsberarane i Tuva. Bapa skildrar han som ein mann med djupe røter, mellom anna med grundig kjennskap til alderdommeleg språkbruk.

Verdssjela

Etter at Bapa la jazzgitaren på hylla, tok han opp doshpuluur, eit gitarliknande tuvinsk instrument med tre strenger. Dei to andre berande instrumenta i Huun-Huur-Tu er strykeinstrumentet igil, Kaigal-ool Khovalygs hovudinstrument, og kenggirge, ei opphaveleg tibetansk stortromme, som Alexei Saryglar speler. Fløytespelaren Radik Tyulyush bruker stundom Khomus, munnharpe, men då alltid som perkusjonsinstrument. Alle dei fire medlemmene syng også khoomei, tuvinsk strupesong.

Huun-Huur-Tu har samarbeidd med musikarar så ulike som Frank Zappa, Kronos-kvartetten, Hazmat Modine og The Chieftains. Bapa understrekar at dei alltid har sin eigen tradisjonelle musikk som utgangspunkt når dei samarbeider. Han synest sjølv å setje størst pris på samarbeida med tradisjonsmusikarar frå andre kulturar, og nemner vokalgruppa The Bulgarian Voices som ein av partnarane som gjorde sterkast inntrykk på han.

– Gjennom å utforske musikk frå andre stader – musikk med sjel, forsøker vi å få eit bilete av røtene og essensen til musikken sjølv, til menneskekulturen. Når eg speler med europeiske eller afrikanske musikarar, til dømes, så kjenner eg sjela deira gjennom musikken. Eg kjenner deira sorg og glede. For meg som musikar er dette nok – eg er ikkje interessert i å ta over rytmane, skalaene og instrumenta deira.

«Av og til når eg syng, byrjar eg å gråte av min eigen song – det blir for mykje, for djupt for meg! Kanskje er eg ikkje gammal nok enno.»

Sayan Bapa, Huun-Huur-Tu

Kulturell renessanse

På 1930- og 40-talet, då Stalin regjerte i Sovjetunionen, var tradisjonsmusikken forboden i Tuva, fortel Bapa. Som mange andre stader i verda var 1960- og 70-talet ei tid då lokal kultur fekk eit oppsving, festivalar blei starta, og unge folk tok opp tradisjonar frå dei gamle.

Men også i Tuva snudde ting på 80-talet, og då Huun-Huur-Tu starta opp, var det få andre unge grupper som spelte tradisjonsmusikken. Mange av dei gamle meistrane Huun-Huur-Tu lærte av på 1990-talet, døydde kort tid etter. Takk vere gruppa lever musikken deira vidare.

Gruppa starta opp i ei tid då Sovjetunionen nyleg hadde gått i oppløysing, og mange av dei tidlegare sovjetstatane og delrepublikkane i Russland har sidan opplevd ei revitalisering av tradisjonell kultur. I dag er musikken ein meir integrert del av samfunnet i Tuva, og tradisjonsmusikarar opptrer offentleg på festivalar og høgtider. I hovudstaden Kyzyl finst eit tuvinsk kultursenter (på russisk Centr Tuvinskoj Kultury), der det blir undervist i song, spel, instrumentbygging, tradisjonell historieforteljing og mykje anna. Ein annan kjend strupesongar og igil-spelar og -byggar, Aldar Tamdyn, var tidlegare leiar for kultursenteret og er i dag kulturminister i Tuva.

Den viktigaste musikalske hendinga i Tuva er khoomei-symposiet i Kyzyl, som starta i 1995 og blir arrangert om lag annakvart år. Dette er «landskappleiken» i Tuva – her blir det konkurrert i strupesong, spel og instrumentbygging. Medlemmene i Huun-Huur-Tu er sjølvsagde gjestar viss dei ikkje er ute og reiser.

Solpropell over Sibir
Kaigal-ool Khovalyg, her med sin igil kvilande på venstre kne, er av mange rekna som den fremste tradisjonsberaren i Tuva i dag.
Solpropell over Sibir
Alexey Saryglar på perkusjon, stortromma kenggirge og skrangla dazhaaning khavy.

Livslang læring

Sjølv om Huun-Huur-Tu har bidrege til å gi tuvinsk tradisjonsmusikk ei høg internasjonal stjerne, og tradisjonane lever betre enn på lang tid, så er dei framleis med og kjempar ein kamp på heimebane for å skape respekt for tradisjonane.

Bapa ser essensen i all musikk over heile verda som den same – det handlar om å møtast, i samspel og stundom i konkurranse. I den samanhengen ser han ingen skilnad mellom jazzen han først spelte, og tradisjonsmusikken han speler i dag. Røtene til det som skil musikken til ulike folk frå kvarandre, finn han i kulturen dei kjem frå – og han synest å kjenne att det nomadiske aspektet i den norske tradisjonsmusikken han har høyrt.

– Ulike språk har ulike rytmar. Swahili-rytmen er heilt ulik rytmen i tuva eller norsk. Og ulike dyr skapar ulike rytmar i musikken. I Tuva kjem mange av rytmane frå hesten, andre frå kamelen. Når du rir eit dyr, kjenner du rytmen til dyret i kroppen.

Då eg til slutt spør han om kor lang tid eg, som aldri har sunge strupesong, vil bruke på å komme opp på eit brukbart teknisk nivå, svarar han:

– Heile livet! Det er dei færraste som kallar seg meister i strupesong – dei fleste av venene mine lærer stadig. Du må vere sterk og ha ei sterk sjel; eg føler enno ikkje at sjela mi er sterk nok. Av og til når eg syng, byrjar eg å gråte av min eigen song – det blir for mykje, for djupt for meg! Kanskje er eg ikkje gammal nok enno.

Huun-Huur-Tu speler på Riksscenen i Oslo fredag 24. februar, som del av konsertserien Bakkjens Basar.

Takk til Andreas Abildsnes for å ha korrigert kva for trommetype Alexei Saryglar speler, og info om Aldar Tamdyn. Les Abilsnes’ innføring i tuvinsk strupesong i Stemmer som stemmer (medlemsbladet til Norsk stemmepedagogisk forening) nr. 1/2010, side 12 og 13. 

Dette er ein forkorta versjon av ein artikkel som først stod på trykk i Folkemusikk nr. 3/2016