For nokre år sidan fekk journalist og forfattar Marianne Lystrup nyss i at dirigent Grete Pedersen i Det norske solistkor hadde vore på eit songkåseri med Sondre Bratland. Den mannen måtte det skrivast bok om, meinte Pedersen. Ideen gav gjenklang i Lystrup.

No har Marianne Lystrup skrive biografien Menneskelyden. Undertittelen er Sondre Bratland og folketonane som slapp fri.

Dette viser til at folkemusikken var ganske strengt halden i hevd i tiåra før 1970, men at det skjedde noko etter det. Intervjuarbeidet har gått over halvtanna år. Den livslange vennskapen med Bratland har også vore med på å farge boka.

– Eg følte meg umiddelbart kalla. Eg har følgt Sondre lengre enn han har vore plateartist, sidan me er frå Vinje begge to, seier Marianne Lystrup.

Sondre Bratland i bokform
Då Marianne Lystrup lanserte ideen om å skrive bok om Sondre Bratland, tenkte hovudpersonen sjølv at det kunne vore kjekt å vere med på. – Eg har opplevd så mykje. Det er kjekt å mimre litt. Boka er ei skildring av vår del av kulturen, seier Bratland. Foto: Johanne Flottorp

Les også Kjell Bitustøyls melding av Sondre Bratland-biografien til Marianne Lystrup

Det rykka i røtene

Det første offisielle møtet mellom biograf og intervjuobjekt var 9. desember 2021. I Lystrups kalender står det: Møte om mogleg bok. Etter det har det gått fort, og rundt sankthans i år blei boka levert til trykken. Då var ho også klar i samband med at Bratland feira 85-årsdag 11. september.

Lystrup og Bratland var aldri omgangsvenner i oppveksten, då han er noko eldre enn ho. Men ho visste godt kven han og familien var. Etter kvart flytte Marianne Lystrup med prestefaren og resten av familien frå Vinje. Då var ho 12 år. Så gjekk det mange år før ho kom borti Bratland igjen. I mellomtida hadde ho møtt mannen sin, Erik Hillestad, som var primus motor i Kirkelig kulturverksted. Det var blømingstid for folkemusikken, og det oppstod stadig nye samarbeid på tvers av sjangrar.

– Då ting byrja å skje på folkemusikkfronten, blei eg ganske tent. For mykje av dette skjedde i Vinje, og eg kjente at det rykka i røtene mine. Eg ville vere med på dette og drog på kvedarkurs. Erik og eg snakka om at me kunne få til noko med gammalt stoff som me bearbeidde litt forsiktig, slik at det kunne nå ut til nye lyttarar. Så me spurde Agnes Buen Garnås og Hanne Kjersti Yndestad om å vere med på eit prosjekt. Samtidig hadde eg oppfatta at Sondre byrja å hente fram noko av folkemusikkstoffet han hadde inne, og mellom anna syngje gamle salmetonar. Det blei til plata Når klokkune gjeve du som kom ut i 1976, fortel Lystrup.

Sjølv var Marianne produsent for plata, og fotoet som er på framsida av biografien tok ho i samband med denne innspelinga.

Sondre Bratland i bokform
– Sondre er imponerande open og ærleg, også om sider ved livet som ikkje har vore så greie. Det syns eg er ganske rørande at han deler, seier Marianne Lystrup om å vere Sondre Bratlands biograf. Her er hovudpersonen heime i Edland. Foto: privat

Eit ønske om å dele 

Etter kvart konsentrerte Lystrup seg om journalistkarriera, og ho var ikkje lenger så delaktig i produksjonane til ektemannen. I nesten 40 år jobba ho som kulturjournalist, før ho for ei tid tilbake blei frilansar.

– Eg har følgt Sondre ganske nært og personleg, og har i tillegg fått eit overblikk ved å ha vore kulturjournalist og følgt med på feltet så lenge. I den grad nokre spør etter inhabilitet i desse tider, er eg kanskje ikkje ein rein utanforståande i dette prosjektet. Men eg er heilt open om det, så folk får lese det som dei vil, seier ho.

Då Marianne Lystrup lanserte ideen om å skrive bok om Bratland, tenkte hovudpersonen sjølv at det kunne vore kjekt å vere med på.

– Eg har opplevd så mykje. Det er kjekt å mimre litt. Boka er ei skildring av vår del av kulturen, seier Bratland der han i dag sit i huset med utsikt utover barndomsbygda Edland.

– Sondre føler veldig på eit ønske om å dele med seg, og det synest eg er vakkert, seier Lystrup.

Lange intervjuøkter

Lystrup og Hillestad har hytte i Arabygdi i Vinje, så turar på hytta har dei siste åra ofte blitt kombinert med mange og lange besøk hos Bratland. Før kvar samtale prøvde Lystrup å ha nokre tema klare som ho ville innom, men det var ikkje alltid så lett å halde seg innanfor rammene. For når Bratland byrja å prate, kunne han hamne mange stader.

Kapitla som boka er delt inn i, gav seg sjølv, då Lystrup såg kva ho sat med av forteljingar og info. Boka er, i tillegg til å vere portrett av ein artist og ein person, også ei tidsskildring av eit bygdesamfunn i det førre hundreåret.

– Eg tenkte det ville bli spennande å få med litt om bygdelivet. Men at det blei så spennande, var eg ikkje klar over. Livet i Edland var nok litt annleis enn nede i prestegarden der eg budde, seier Lystrup.

«Det er ei eiga glede å kunne fordjupe seg i noko. Mykje av det Sondre seier er viktig. Han deler tankar om å vere artist og eit heilt menneske.»

Marianne Lystrup

Har spurt om alt

Sondre Bratland voks opp med foreldre som dreiv Haukeli handelslag og Bratland pensjonat og kafé. Han fekk tidleg prøve seg med å fikse bilar, ordne rom til gjestene og stå i butikk.

– Boka rommar den utvida bygdehistoria og historia om folkemusikken som sprengde seg inn i musikklivet. Det er dei to fugleperspektiva eg har med, i tillegg til den personlege forteljinga til Sondre, fortel Lystrup.

– Det er ei eiga glede å kunne fordjupe seg i noko, og det seier eg som ein bladfyk som har laga korte saker i 40 år. Mykje av det Sondre seier er viktig. Han deler tankar om å vere artist og eit heilt menneske. Når eg les intervju med artistar, er det ikkje så ofte ein kjem heilt innpå dei. Men eg føler Sondre har sleppt oss heilt nær, seier Lystrup.

Ho har spurt om alt. Med lang fartstid som journalist tenker ho at det verste som kan skje er at ein ikkje får svar på eit spørsmål, eller at intervjuobjektet blir sinna. Men det kan ho leve med.

– Det er klart at det var nokre av samtalene eg hadde med Sondre som var meir krevjande for han, og då blei det også litt krevjande for meg. Eg ville gjerne få fram det som er viktig, men ikkje drive med noko unødig grafsing. Det var ingenting eg grudde meg for, seier ho.

Open og ærleg

Bratland las først boka då førsteutkastet var ferdig. Etter det retta Lystrup opp litt namn, og så lurte ho litt på korleis ho skulle formulere ein del ting som kanskje var litt såre.

– Sondre er imponerande open og ærleg, også om sider ved livet som ikkje har vore så greie. Nokre artistar vil helst «flashe» suksessane sine og morosame ting dei har opplevd på vegen, men Sondre er heilt tydeleg på at han er klar over kva ein slik suksess kan koste for heimen og basen, for ungane og kona. Det syns eg er ganske rørande at han deler, seier Lystrup.

Argumenterte godt for tittelen 

Tittelen Menneskelyden var Sondre Bratland litt skeptisk til i starten. Men Marianne Lystrup argumenterte godt, og til slutt gjekk han med på den.

– Det er viktig å ha eit ord som er litt spennande, der du ikkje veit presis kva det tyder når du har lese det. Det var Sondre som sette meg på ideen, for han snakkar om dette med at lyden av menneske er så lik i alle kulturar. Det syntest eg var ein vakker assosiasjon.

– Eg har vore ei vandrande sjel og har alltid blitt fascinert av møte med andre kulturar og menneske. Slike møte mellom forskjellige kulturar gjer at eg blir veldig oppteken av at me alle er av arten Homo sapiens. Og denne arten har ein tendens til å låte likt i dei mest intense situasjonane i livet – i gråt, latter og når mødrer syng for borna sine. Så menneskelyden er me alle bundne til, sidan me høyrer til same art, seier Sondre.

Sondre Bratland i bokform
Sondre Bratland-biograf Marianne Lystrup og ektemannen Erik Hillestad bur i Oslo, men har hytte i Arabygdi, like ved Bratlands heimplass Edland. Det er blitt mange kombinerte hytteturar og intervju på Lystrup dei siste åra. Foto: Johanne Flottorp

Musikken er vesentleg for sinnet

Lanseringa i Jakobkyrkja hadde Bratland grua seg litt til. Men kvelden gjekk over all forventing.

– Eg var berre publikum og hadde ein veldig fin kveld. Men eg song litt saman med Knut Reiersrud og Hans Fredrik Jacobsen. Dei sette seg på scenekanten og eg blei med og synge då. Marianne hadde regi, og las litt og presenterte dei ulike musikarane. Det var veldig lagleg. Stas, men veldig uvant, seier Bratland.

Nokre veker etter kvelden i Jakobkyrkja, hadde Bratland og Lystrup ein kulturkveld i Grunge kyrkje, som var fullsett. Der leide Bratland dei frammøtte i allsong, både med salmen «Det finnes en dyrebar rose» og Sondres eigen tekst til ein irsk melodi, «Gje meg handa di, ven».

Salet av boka har så langt gått bra. Bratland fortel at butikkane i nærmiljøet er positive til å ta ho inn. – Og eg kan gjerne sitje på Spar sjølv og selje. Det har eg gjort med plater før. Eg synest det er så moro å rø med folk, seier han og fortel også at det kom ein mann på døra for litt sidan og kjøpte åtte bøker, for dei skulle han gje til mellom anna alle barna sine.

«Eg høyrer somme seier at eg vel er pensjonist nå. Men dette er ein måte å leve på. Det gjev meg så mykje.»

Sondre Bratland

Bratland held ikkje så mange konsertar lengre, men han har gjort ein del songkåseri dei seinare åra, der han syng litt og fortel om menneska han har møtt, dei som aldri fekk namna sine i avisa, som han seier. Slikt synest han er moro. Han har vore over heile verda med songen sin, spelt i fjellet i Bhutan, spelt inn plate i Betlehem, vore instituttleiar på Raulandsakademiet, verka som rektor, kommunestyrerepresentant, speidarleiar og kyrkjebyggjar i nærmiljøet.

Sjølv om han er godt over vanleg pensjonsalder, har Bratland aldri offisielt gått av med pensjon.

Eg høyrer somme seier at eg vel er pensjonist nå. Men dette er ein måte å leve på. Det gjev meg så mykje. Nyleg fekk eg fornya førarkortet, og ute på køyretur syng eg veldig mykje. Musikken er medisinsk hjelp, og det er ikkje tvil om at musikken er vesentleg for sinnet, seier Sondre Bratland.

Les også Kjell Bitustøyls melding av Sondre Bratland-biografien til Marianne Lystrup.