Tekst: Pressemelding

Stein Torleif Bjella har sidan debuten i 2009 bergteke publikum med sine underfundige tekstar, melankoli og lune humor. I Bjella sine varme viser møter vi alle noko vi kan kjenne oss att i. 

-Dette er moderne folkemusikk av ypparste klasse, seier festivalsjef Ingvild Lie, og ynskjer alle velkomne til konsert.

Alt no kan ein tinge billett som årets julegåve.

Fyrste gong på Hilme

- Det er fyrste gong Stein Torleif Bjella held konsert på Jørn Hilme-stemnet, og vi gler oss veldig til denne kvelden, seier Lie. 

Hans fyrste album «Heidersmenn» fekk strålande kritikkar, og sidan den gong kan Bjella smykke seg med Spellemannspris, Edvardpris, Prøysenpris, Skjæraasenpris og Bendiksenprisen. Det er ikkje berre på konsertscena Bjella har hausta godord. Han har sett musikk til teateroppsetninga «Heil ved», og gjeve ut to bøker. Som forfattar har han motteke Nynorsk litteraturpris. I vinter vil vi få høve til å bli betre kjend med Stein Torleif Bjella, då han er ein av dei utvalde som skal benke seg rundt bordet i det populære programmet «Hver gang vi møtes».

Faktaboks:

- Stein Torleif Bjella kjem saman med eit stjernelag av musikarar: Geir Sundstøl, David Wallumrød, Kenneth Kapstad og Eirik Øyen.

- Jørn Hilme-stemnet set opp bussar tur retur Fagernes og Slidre. Her er det avgrensa med plassar, så ver tidleg ute!

- Når: Tysdag 8. juli 2025 kl. 21.30.

- Kvar: Jaslangen, Vestre Slidre.

- Arrangør: Jørn Hilme-stemnet, www.hilme.no

Solefallskonserten er godt besøkt uansett vêr. Her frå då Odd Nordstoga var invitert for to år sidan. Foto: Knut Aastad Bråten.

Lokale artistar

Fleire gonger har vi høyrt Stein Torleif Bjella i samspel med ulike folkemusikarar som Per Anders Buen Garnås, Kirsten Bråten Berg og Olav Luksengård Mjelva. Difor er det ekstra moro at vi på Jaslangen vil få høyre Bjella i samspel med dei lokale musikarane Sindre Tronrud og Marit Karlberg. Dette blir ei eineståande hending!

Særeigen arena

Solefallskonserten er på stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre. Arenaen ligg i ei helling som dannar eit naturleg amfi og der fjella og stølslaget rundt gjev storslegne rammer kring musikken. Det er duka for eit stemningsfullt solefall med den sjølvtitulerte innegubben Stein Torleif Bjella & Tvangsgutan kompani.