– Me starta vel så smått å spele saman i 2015, medan me alle gjekk andreåret på konservatoriet ved Universitetet i Agder. Eg og John André Eira møttest først og ville prøve å blande joik og anna tonespråk frå norsk folkemusikk som eg har litt bakgrunn i. Vidare tenkte me at det ville vore kult med band, og då fekk me med oss Marius Trøan Hansen, Espen Bakke og Christoffer Mietle Furuheim, fortel Ola Brandsnes Vårtun.

Frå scena på Spellemann-utdelinga takka vokalist John André Eira nettopp Vårtun for at han hadde sett saman bandet og dratt dei med på eksamenskonserten sin i Kristiansand. Så snart eksamen var overstått, byrja dei å spele inn.

Spellemann til debutplate med viddeblues
Gabba, med joikar John André Eira frå Maze i sentrum, blei utropt som vinnar i kategorien tradisjonsmusikk då Spellemann blei utdelt laurdag 15. april.

Produsert i kollektivet

Etter bachelorgraden flytta tre av bandmedlemmene til eit kollektiv i Drammen, medan to blei igjen i Kristiansand for å ta master. Dagane i kollektivet gjekk blant anna med til å produsere og spele inn mykje av albumet. I 2018 var det ferdig miksa og mastra, og etter å ha tatt ei runde med ulike plateselskap, bookingbyrå og promo utan å få den responsen dei håpa på, ville bandet gjere den jobben sjølv. Dei skulle gje ut singlar og til slutt heile plata. Men før dei kom så langt, sette korona kjeppar i hjula for prosjektet, og dei bestemte seg for å vente. Dermed viste kalenderen 2022 den dagen albumet var ute.

– Det var veldig godt å få det ut. Når ein sit med noko så lenge, byrjar ein til slutt å tvile på om det er bra nok, om det er noko ein burde ha gjort om att og slikt, fortel Vårtun.

Det var altså ein letta gjeng som platedebuterte med eit album både på strøymetenester og vinyl i april i fjor. No var ikkje Gabba noko som berre fanst på ein harddisk og på ei livescene lenger.

Joiken i førarsetet

Vokalist John André Eira, opphavleg frå Maze, fortel at mange av joikane som er med på plata er eldre melodiar, frå 1960- og 70-talet. Låtane blir til ved at bandet jammar fram groovar og set det saman med joikane.

– Me har jobba bevisst med at joiken ikkje skal tilpassast resten av musikken, men omvendt.  Joiken kjem i første rekke. Det har vore ein interessant prosess, med tanke på at ingen av dei andre i bandet hadde bakgrunnskunnskap om joik frå før. Men det har heile tida vore stor entusiasme frå gjengen, og det har ikkje bydd på nokre problem, seier han.

Eit år etter at platedebuten var eit faktum, blei Gabba av prisutdelar Odd Nordstoga ropt opp som vinnarar i klassa for tradisjonsmusikk på Spellemann. Dei andre nominerte i klassa, var Julie Alapnes, Erlend Viken Trio og Akselsen/Kvernberg/Carstensen.

– Det var heilt magisk å bli ropt opp som vinnar. Eg hadde ærleg talt ikkje venta det, seier John André Eira. Takketale hadde han heller ikkje tenkt stort på, seier han. Men han hausta latter i salen då han retta ein takk til Karpe for at dei ikkje hadde blitt nominert i Tradisjonsmusikk.  Karpe fekk elles med seg rekordmange prisar og blei kåra til Årets Spellemann.

Eira kan fortelje at Gabba er i gang med nytt album, og at dei etter Spellemann har blitt ekstra gira på å ta tak i det.

«Når du høyrer musikken vår, skal du føle du har sett ein film med store landskap og fin natur, action og råskap – akkurat som i westernfilmane.»

Ola Brandsnes Vårtun i Gabba

Filmatisk band

Ola Brandsnes Vårtun seier at mengda joikar John André Eira sit på, er enorm. Men det er ikkje berre gamle og tradisjonelle joikar som blir bruka av bandet.

– Me høyrer mykje på John André som joikar for oss, og så plutseleg tenker me; den der må me jobbe vidare med. Men me prøver også å komponere sjølv. John André har bede oss om å gjere det, slik at han får input kva joik kan vere. Det er lett å tenke at joik er ein tradisjon som me søringar ikkje kan røre ved, men det er gøy at han tek oss med og utfordrar oss, seier Vårtun.

Gabba har sjølv døypt musikken sin for viddeblues, då det musikalsk er kort veg til Sahara og ørkenblues. Men ved at dei blander inn samisk tradisjonsmusikk, var det naturleg å lage ein eigen merkelapp som passa bandet. Dei har også ei filmatisk tilnærming til korleis musikken deira lét.

– Me har sett for oss westernplakatar med ein cowboy på hesteryggen på prærien. Hos oss er John André den cowboyen. Hesten er bytta ut med rein og prærien er bytta ut med vidda. Når du høyrer musikken vår, skal du føle du har sett ein film med store landskap og fin natur, action og råskap – akkurat som i westernfilmane, seier Vårtun.