Hilde Reitan blei søndag valt til ny styreleiar i FolkOrg. Reitan er 58 år, fødd i Oslo og med røter i Rendalen. I dag bur ho i Vågå, arbeider som kommunalsjef i Skjåk og er aktiv i Vågå spel- og dansarlag. Ho har halde på med folkemusikk sidan ho var fem.
Reitan blei vald under landsmøtet til FolkOrg, landsorganisasjonen for folkemusikk og folkedans, som blei halde på Quality Hotel 33 på Økern i Oslo i helga. Ho var innstilt som leiar av valnemnda, og blei samrøystes vald.
Det er eit røynt organisasjonsmenneske som no overtek som leiar. Reitan har tidlegare vore styremedlem i LfS, har sete i FolkOrg-styret sidan 2013 og er no styreleiar i Vågå spel- og dansarlag. Tidlegare har ho vore styreleiar i Østerdølenes spelemannslag i Oslo og styremedlem i Hedmark Folkemusikklag, og i 2012 sat ho i hovudkomiteen for Landsfestivalen i Vågå.
“Når statsleiarar er på reise, og når vi får besøk frå andre nasjonar, skal norsk folkemusikk og dans vere ein naturleg del av presentasjonen av Noreg.”
Les også på folkorg.no:
Vellukka landsmøtehelg i FolkOrg – Attende til full rangering på tevlingar, same poengskala for alle tevlingar, gjennomgåande medlemsskap, ny langtidsplan og nyvald styre var noko av det som vart bestemt på FolkOrg sitt landsmøte i Oslo i helga.
Årets lokallag er Vågå spel- og dansarlag – Regelmessig arrangør av Landsfestivalen i gammaldansmusikk og Landskappleiken, sterke bidragsytarar i kulturlivet i sin region, mange spennande prosjekt innanfor folkemusikk og -dans. Dette er berre nokre stikkord om vinnaren av Årets lokallag i FolkOrg i 2017.
Frå ord til handling
– Kva er det første du vil ta tak i som styreleiar, Hilde Reitan?
– Eg er oppteken av at vi skal ha ein organisasjon som skal famne alle, heile spekteret av interesser frå profesjonelle utøvarar til lokallagsmedlemmer. Alle skal kjenne seg heime. Eg er kjent med at ein del medlemmar opplever ein avstand til sentralleddet, og det er difor viktig å styrke dialogen mellom administrasjonen og lokallaga. Styret kjem til å legge ein del av styremøta framover rundt om i landet, nettopp for å kunne møte medlemmane våre på deira heimebane.
– Det er også uhyre viktig å betre rammevilkåra våre og syte for at vi får ein meir føreseieleg økonomi. Det må vi viss vi skal få gjennomført alle tiltaka i den ambisiøse handlingsplanen som blei vedteken på Landsmøtet: Vi er nøydde å gå laus på politikarane, utnytte moglegheita som ligg i at det er val til hausten!
– Kor tenkjer du at norsk folkemusikk og folkedans står i dag?
– Det blir gjort mykje godt arbeid, både på det profesjonelle feltet og ute i lokallaga. Men vi må bli meir synlege, få ein meir naturleg plass i norsk kulturliv. Når statsleiarar er på reise, og når vi får besøk frå andre nasjonar, skal norsk folkemusikk og dans vere ein naturleg del av presentasjonen av Noreg. Vi har stor respekt blant politikarar, men ord må bli til handling! Og så skal vi styrke oss gjennom å få fleire medlemmar.
– Landskappleiken og Landsfestivalen har hatt tidvis store overskot dei siste åra, og det meste går rett tilbake til arrangørlaget. Det blei nemnt på landsmøtet at berre lag med store mannskap og ressursar kan ta på seg jobben med å arrangere stemna – gjerne lag som har god økonomi grunna overskot frå tidlegare kappleikar. Står vi i fare for å få eit A- og B-lag av medlemslag i FolkOrg på denne måten?
– Eg er ikkje enig i at det berre er dei store laga som kan ta på seg Landskappleiken og Landsfestivalen. Det handlar om å tilpasse arrangementa etter rammevilkåra på kvar plass. Det viktigaste er å legge til rette for effektiv og god gjennomføring av tevlingane, og syte for gode dansearenaer og trivelege møteplassar med god lokal mat og drikke. Vi har mange døme på små lokallag som har gjennomført svært vellykka kappleiker og festivalar. Men ein må ha vilje til å bruke tid og krefter på det!
– Vågå, som nyleg har teke på seg både landskappleik og landsfestival, er til dømes ikkje store kommunen i innbyggjartal. Laget har ikkje hundrevis av aktive medlemmar, og det finst nesten ikkje kommersielle gjestesenger i sentrum. Men laget har medvite engasjert og kjøpt tenester av lag og foreiningar i kommunen, slik at fleire opplever at dei får noko att for det store arrangementet. Det har skapt entusiasme og engasjement også utanfor den indre krinsen. Og så bidrar flinke og dedikerte medarbeidarar i FolkOrg-administrasjonen til at kunnskap og kompetanse blir overført frå ein arrangør til neste.
– I helga, som ofte elles, har det vore snakka ein del om utfordringane FolkOrg har i å famne om to ganske ulike interesser: Ein har yrkesutøvarane, som driv profesjonelt og kommersielt på det rytmiske musikkfeltet; og så har vi amatørfeltet, knytt til musikken og dansen som lokal og nasjonal kulturarv. Kva tenkjer du om denne problemstillinga?
– Det er klart det er ei utfordring, og at vi har ein jobb å gjere med å sameine desse interessene. Det er difor viktig at alle medlemmane føler dei blir sett og høyrt, og at dei opplever at dei har både styret og administrasjonen si merksemd. Men organisasjonen er i ferd med å finne forma si, og eg vonar mellom anna at Folkelarm skal bli ein arena som sameiner dei profesjonelle og amatørfeltet – som viser at FolkOrg er ein naturleg plass for begge!
Aktiv pensjonist
Per Øyvind Tveiten, frå Tørvikbygd i Hardanger, går av etter å ha vore FolkOrgs styreleiar sidan våren 2012. Korleis ser han tilbake på dei fem åra han har sete som leiar?
– Det har jo ikkje vore dei heilt store omveltingane eller konfliktsakene i mi tid. Eg har kjensla av at Folkemusikk-Noreg har vore nokolunde einig om retninga, at ein har arbeidd saman om felles mål. Det har vore utruleg givande og inspirerande å få jobbe med folkemusikken i breitt format, ikkje minst komme seg ut og møte medlemmene og laga.
– Er Folkemusikk- og Folkedans-Noreg noko anna for deg i dag enn før du blei styreleiar?
– Nei, men eg kjenner det sjølvsagt mykje betre og meir samanhengande. Eg kjenner fleire personar, kjenner dei ulike spel- og dansedialektane betre og har lært å setje pris på område eg tidlegare visste lite om, slik som Hedmark.
– Kva føler du at du har fått til som leiar?
– Vi har klart å stabilisere og samle den nye organisasjonen, etter overgangssmertane vi hadde etter samanslåinga i 2010. Eg synest vi i dag står fram som eit homogent lag, med dei diskusjonane og spenningane som skal vere i ein slik organisasjon. Eg ønskte meg også ei medlemsauke, noko som jo ikkje har skjedd – medlemstalet har vore ganske stabilt. Det i seg sjølv er kanskje ikkje så gale. Og Landskappleiken og Landsfestivalen har stort sett hatt auka deltakartal, noko som er tilfredsstillande å registrere. At solide støttespelarar som t.d. Dextra Musica og Furestiftinga ser verdien av å stø oss, og at Folkelarm no er på rett veg etter fleire utfordrande år, er òg svært fint å ha med.
– Kva er den største utfordringa til FolkOrg i dag?
– Vi er enno ikkje i mål når det kjem til å få folkemusikken og dansen inn som del av allmenndanninga i Noreg. Media og andre institusjonar må bli meir medvitne og bli flinkare til i større grad å sjå og anvende materialet vårt. Som vi såg i paneldebatten på landsmøtet på laurdag, er politikarane positive til og har interesse av tradisjonane, men så er det eit gap mellom intensjonane og realitetane. Pengar løyser ikkje alt, men vi treng politisk vilje – vi må bidra til å skape medvit og spreie kunnskap.
– Kva skal du gjere no?
– Eg er jo pensjonist, så eg kjem til å bruke mykje tid på dans og spel i lokalmiljøet. Ein del meir reising i samband med interesser som ikkje er folkemusikk- og folkedansrelaterte, blir det vel òg plass til. Eg har òg eigedom som krev tid. Så får ein sjå kva som dukkar opp og ein kan ta fatt i – eg ser ikkje mørkt på det!