At samisk musikk og kultur har fått stor prioritet i dette budsjettet, med ein million ekstra til Riddu Riđđu-festivalen og dobla støtte til kunstnarkollektivet Dáiddadállu, er veldig positivt, konstaterer FolkOrg-leiaren.
Men den store sigeren for folkemusikken og -dansen er ikkje på kulturbudsjettet, men på Kunnskapsdepartementet sitt: Den nye bachelorutdanninga i folkedans på Rauland, byrjar Brimi i kommentaren som du kan lese på folkorg.no.
– Generelt i budsjettet er det lite ekstra til musikarane. Vi ynskjer fleire konsertar; fleire arrangører og scener, og fleire musikarar som får moglegheit til å turnere med musikken sin. For å få til dette har FolkOrg ilag med Arrangørforum lenge sagt at Norsk Kulturfond sine ordningar for arrangørar og for utøvarar må styrkast, særleg da Arrangørstøtte og Tilskudd til produksjon, komposisjon og konsertframføring. Hit kom det ikkje noko ekstra. Ei trøyst er at kunstnarstipendordninga blir styrka, held kommentaren fram.
Ikkje kulturarv-støtte
FolkOrg sine medlemmar og lokallag rundt om i landet er av dei viktigaste aktørane for å oppretthalde den immaterielle kulturarven, slår Aslak Brimi fast i avsnittet om immateriell kulturarv – som ikkje er nemnd i dette statsbudsjettet ein einaste plass knytt til norsk folkemusikk- og dans, påpeikar han.
– Noreg har ratifisert UNESCOs konvensjon om vern av immateriell kulturarv, og vi i FolkOrg meiner at vi som samfunn har ei stor forplikting i å arbeide for folkemusikken og folkedansen.
Kommentaren nemner også det at tradisjonell song, spel og dans frå Setesdal i 2020 kom med på UNESCO si verdsarvliste for immateriell kulturarv. Det betyr ikkje automatisk at denne tradisjonen overlev på eiga hand, legg han til.
– Det betyr at som immateriell kulturarv er den særleg sårbar. Dette var noko av det Annbjørg Lien, prosjektleiar i Setesdalsfolk, fortalte om på Kulturytring i Drammen i juni. Å vere på UNESCO-lista er eit varsel om at det må arbeid til. Det krevst arbeid og midler for å oppretthalde den viktige kulturarven folkemusikk og -dansen er.
Meir om kulturbudsjettet
– Ikke et budsjett for musikken. – Ikke et budsjett for det frie feltet. (Ballade.no)
Slik er kulturbudsjettet 2024 (Kontekst.no)
Kulturbudsjett uten musikkløft (Norsk jazzforum)
LK og LF får ikkje noko
Brimi nemner og at dei to store sommararrangementa til FolkOrg ikkje får noko auka tilskot.
– Landskappleiken (LK) og Landsfestivalen i gammaldansmusikk (LF) er våre to største arrangement, og båe er avhengig av stor grad av friviljugheit og iherdig innsats frå lokallag. Desse arrangementa er viktige møtestadar og scener for den immaterielle kulturarven som folkesongen, spelet og dansen er. Vi i FolkOrg ser at desse arrangementa blir meir og meir krevjande å arrangere, og at for små lokallag er det stor usikkerheit kring økonomien.
– I og med at desse arrangementa ikkje passar inn i vanlege arrangør- og festivalstøtteordningar i Norsk Kulturfond, meiner vi at det bør kome øyremerkte midlar til LK og LF via driftsstøtta til FolkOrg. Dette hadde vi også møte med finansministeren om i juni på Landskappleiken, der vi fekk stor forståing for dei utfordringane vi har og forslag om nettopp om øyremerkte midlar via driftsmidlane. Det vart difor ekstra skuffande at dette ikkje vart følgt opp av regjeringa i statsbudsjettet for 2024, skriv Aslak Opsahl Brimi mot slutten av budsjettkommentaren.