Dansetevlingane i Oslokappleiken finn stad på hovudscena til Riksscenen. Par etter par kjem dei på scena slik dei plar; guten til venstre som leiar, jenta til høgre som blir leidd.

Under konkurransen i dans senior dukkar eit par jenter opp saman. Dei blir akkompagnert av ein mann med eit sjeldant vakkert trekkspel. Denne gjengen  vi få ein prat med! Vi grip tak i dei utanfor salen når dei nett har gått av scena.

– No er eg sveitt! Gud, kor artig det var. Eg er heilt tørr på fortennene av å smile, seier Tone Ingvaldsen.

Ingvaldsen og Lisa Grav Henriksen held varmen i beste laget i bunadene sine inne. Ingvaldsen ber ein grøn nordlandsbunad, frå innlandet, medan Henriksen har på seg den blåe kystvarianten. Men begge jentene er frå den uomtvistelege kystbyen Bodø. Bodøværing er òg trekkspelaren som akkompagnerte dei, Thor Hauknes.

Ingvaldsen og Henriksen dansar for Leikarringen i BUL Oslo, der dei elles i året òg er instruktørar. Nordlandspolsen får fortsatt for lite merksemd, samanlikna med meir populære former som østerdalspols og rørospols, meiner dei. Vi må vite litt meir om kva som gjer denne polsen så bra.

– Nordlandspols held eit svært høgt tempo. Han har inga fast, stivna form, ein står fritt til å kombinere alle elementa heilt som ein vil. Og kjønnsrollene er svært like, det er ikkje stor skilnad mellom guten og jenta i paret, fortel ho.

Tempo, stor fridom og likskap i kjønnsrollene. Nordlandspolsen har mykje som talar til sin fordel i 2014. Ingvaldsen og Henriksen er einaste jente-jente-paret i Oslokappleiken i år. Kva er forklaringa på at dei vel å danse saman?

– Det var ingen gutar som dansa i Bodø då vi vaks opp. Vi er vane med å danse saman i par sidan den gong, har gjort det i mange år, svarer Henriksen.

Staurpolsbølgje i emning?
Tone Ingvaldsen, i grøn nordlandsbunad, og Lisa Grav Henriksen i blå, var det einaste staurdansande paret som tevla i klassa dans fele – senior på Oslokappleiken i år. (Foto: Audun Stokke Hole)
Staurpolsbølgje i emning?
Staurpolsbølgje i emning?

«Det var ingen gutar som dansa i Bodø då vi vaks opp.»

Lisa Grav Henriksen
Staurpolsbølgje i emning?
Thor Hauknes (t.v.) demonstrerer knappespelet på Castagnarien sin til Torstein Gjeldokk. (Foto: Henrik Kamphus)

Nordlandspolsen skal opp og fram

I tangomiljøet er queer tango, skeivtango eller staurtango om du vil, på moten for tida. Tangoen har rykte på seg for å vere særs heteronormativ, og mange dansarar har sett seg leie på dette. Norma i den skeive varianten er at gutar og jenter byter mellom å leie og å bli leidd, og det er like så naturleg å danse med ein av same kjønn som ein av motsett. Ser vi starten på ei staurpols-bølgje?

– Vi har absolutt ein hemmeleg plan om å gjere nordlandspolsen til det nye store, skjemter Thor Hauknes, trekkspelaren som akkompagnerte jentene under dansen. Begge jentene nikkar stadfestande – det er visst ikkje berre skjemt likevel.

– Vi skal ha ein runde med instruksjon i nordlandspols i Leikarringen i BUL i vinter. Og så vurderer vi å stille på Landskappleiken neste år! seier Henriksen.

Det høge tempoet gjer at nordlandspolsen kanskje ikkje er for nybyrjarar? Hauknes fortel at det er uråd å danse nordlandspols heile kvelden.

– Det går ei forteljing om ei som dansa tretten nordlandspolsar på éin kveld. Ho er daud no – det er uvisst om det var nordlandspols ho døydde av, men mange meiner visst det, fortel Hauknes.

Medan vi pratar, kjem Torstein Gjeldokk bort. Han lét seg imponere av det vakre Castagnari-trekkspelet til Hauknes, og vil gjerne vite litt meir om det.

– Dette spelet er spesielt eigna for bruk i folkemusikk. Ikkje minst er det perfekt til å akkompagnere felespel. Trekkspel er ofte svært tunge, særleg bassdelen kan vege mykje. Storleiken på dette spelet er veldig hendig, det er ein draum å frasere med, seier ein entusiastisk Hauknes.

Så då er det berre å gle seg til kurset i nordlandspols for dansarane i Leikarringen i BUL Oslo i vinter. Nordlandspolsen, anten den blir dansa staur eller vanleg, skulle ha framtida føre seg.

Merknad: denne teksten heitte opphaveleg «Skeivpolsbølgje i emning?» Etter at denne teksten blei publisert, har kunnige lesarar på Facebook-sida til folkemusikk.no gjort forfatteren merksam på at det finst ei god norsk nemning for det eg først kalla skeiv dans – nemleg å danse staur. Eg har difor valt å endre på dette i tittelen og tre andre stader i teksten. 

Trykk på biletet for å sjå videoen av Lisa Grav Henriksen og Tone Ingvaldsen som dansar nordlandspols under Oslokappleiken. (Foto: Audun Stokke Hole. Video: Audun Grüner-Hegge)