Les også: Kulturministerens tale ved åpninga av FolkOrgs hundreårsjubileum

 

Det skjedde på ein storslått konsert på Riksscenen laurdag 11. februar. Her vart Øyvind Sandum kåra til vinnar av konkurransen om å lage beste jubileumsmelodi. Programleiarar var nestleiarane i FolkOrg, Kristian Hanto og Camilla Granlien. Talarar var kulturminister Anette Trettebergstuen, FolkOrg-styreleiar Hilde Reitan og Oslos varaordførar Abdullah Alsabeehg.

Kulturministeren hylla FolkOrg for arbeidet som er utført og blir gjort for å ta vare på og utvikle folkemusikken og folkedansen. Ikkje minst at miljøet inkluderer ulike grupper unge og eldre og er opptatt av mangfald også i kulturuttrykk.

– Til hundreåring å vere, er FolkOrg uforskamma sprek og lett på foten, konstaterte Trettebergstuen. Då hadde gruppa BULder og Brak opna det heile med heftig hallingdans til musikk av NMH Folk Big Band, ei gruppe studentar ved Norges Musikkhøgskole.

Kulturministeren hylla aktiviteten til hundreårsjubilanten.

– De er vel så opptatt av å sjå framover også på ein dag som denne. FolkOrg gjer ein utruleg viktig jobb.

Stor jubileumsopning
BULder og Brak, hallingdansgruppa til Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo, opna jubileumskonserten med heftig hallingdans til musikk av NMH Folk Big Band. (Foto: Thor Hauknes)
Stor jubileumsopning
Vertskap og gjester: Frå høgre FolkOrg-leiar Hilde Reitan, kulturminister Anette Trettebergstuen, varaordførar Abdullah Alsabeehg, dagleg leiar Linda Dyrnes i FolkOrg og dagleg leiar Ane Carmen Roggen på Riksscenen. (Foto: Jostein Aardal)

Kultur å leve av

– Folkedans- og folkemusikkfeltet er opp gjennom åra halde levande av engasjerte lokallag med mange eldsjeler. Lokale spel- og dansarlag er læringsarenaer, inngangsport og talentklekkeri. Dei er møteplassar og kreative basar for aktive utøvarar. Viktig kulturarv vert ført vidare og fornya, heldt kulturministeren fram.

Som medlemsorganisasjon bind FolkOrg saman og styrker alle disse miljøa. De er superlim og støtteapparat, møteplass og nav, fastslo Trettebergstuen blant anna.

Kulturministeren kom også med gode ord til dei som satsar profesjonelt på folkemusikken.

– Vi jobbar for å løfte kultursektoren skikkeleg, slik at kulturen får den plass og dei vilkår han fortener i samfunnet vårt. Kulturarbeidarar – i dette tilfellet yrkesaktive folkedansarar og folkemusikarar – er arbeidsfolk og skal ha vilkår og rettighetar på linje med alle andre.

– Han som tar pusten frå alle med halling – han skal ikkje berre ha applaus, han skal ha betalt. Det same skal ho som kved og som stiller opp som lærar i kulturskolen. Her er vi veldig på lag. FolkOrg og vi samarbeider godt allereie. De skal vite at vi skal fortsette å gjere vårt, lovde Trettebergstuen.

Stor jubileumsopning
Under finalenummeret var det folksamt på Riksscenens hovudscene. (Foto: Thor Hauknes)

«Han som tar pusten frå alle med halling – han skal ikkje berre ha applaus, han skal ha betalt.»

Kulturminister Anette Trettebergstuen

Gamle og gode

Hundreårsjubileum er ei god anledning både til å feire det organisasjonen har stått og står for, og til å sette søkelyset på folkemusikken og folkedansen i Noreg i dag og i framtida, konstaterte FolkOrg-leiar Hilde Reitan i sin opningstale.

– Folkemusikk- og folkedanstradisjonane i Noreg er gamle fordi dei er gode, og fordi det finst gode miljø og virkemidlar som har halde tradisjonane i hevd. Dei er overførte frå generasjon til generasjon i stadig utvikling. Noreg er ein ung nasjon, relativt sett, og den folkemusikktradisjonen er noko av det eldste vi kan vise til som fri og sjølvstendig nasjon. Det dannar grunnlag for vår identitet.

For å vidareføre kulturarven og rekruttere nye utøvarar og nytt publikum, er ein avhengig av kvarandre, slo styreleiaren fast.

– Vi som har livslang kjærleik til sjangeren, og som så gjerne vil dele gleda med fleire, opplever at det er utfordrande å få fortent merksemd. Men det er heldigvis i ferd med å endre seg, og vi ser at interessa er aukande, spesielt blant yngre. Det har blitt «kult» med folkemusikk og folkedans, konstaterte Reitan.

Riksscenen og NRK

Riksscenen har spelt ei viktig rolle, fastslo FolkOrg-leiaren frå scenen.

– Vår eigen folkemusikkscene midt i Oslo presenterer eit breitt og variert utrykk med norsk, samisk og internasjonal folkemusikk. Norge er i ei særstilling som har ein kulturinstitusjon som Riksscenen. Vi er svært takksame for at styresmaktene har tatt ansvar, stiller seg bak og finansierer drifta.

Reitan gledde seg òg over at NRK viser auka interesse for, og vier meir plass til folkemusikksjangeren. Dei satsar stort i 2023 folkemusikk og -dans i mange ulike program og sendeflater, fortalde ho.

– Noreg har all grunn til å vere stolt over folkemusikken og folkedansen vår, og kunne i langt større grad ha løfta han fram. Det gjeld for eksempel når Noreg skal presenterast i ulike samanhengar. Sterk forankring i eigen kulturarv gjer oss også opne og nysgjerrige overfor tradisjonar og kulturuttrykk frå andre land.

– Vi gler oss til å feire ein høgst levande og vital 100-åring og håpar verkeleg å få sett folkemusikken og folkedansen på kartet i jubileumsåret, avslutta styreleiaren.

Oslo ein smeltedigel

Varaordførar Abdullah Alsabeehg peika på at Oslo i over 100 år har vore smeltedigel for dei ulike folkemusikk- og folkedanstradisjonane rundt om i landet.

– Folk frå heile Noreg kom til Oslo for å arbeide og bu, og heldigvis tok dei med seg fela og danseskoa. Folk kom med musikk, dans, tradisjonar og lokale uttrykk. De har vore med på å skape ein raus, fargerik og spennande by, fastslo Abdullah Alsabeehg og fortsette:

– Oslo anno 2023 er ein internasjonal by. Her ligg det til rette for spennande møte med musikk og dans frå alle verdshjørne. Musikk og kultur er eit eige språk der vi kan møtast på tvers av bakgrunn.

Riksscenen er ein viktig møtestad både for det lokale og nasjonale miljøet, ein stad der det kulturelle mangfaldet i hovudstaden får vist seg fram. Det er også eit hus som imponerer internasjonale besøkande, sa varaordføraren.

– Kulturopplevingane er viktige i seg sjølv. I tillegg gir lag og foreiningar moglegheit til samhold, og fellesskap både for vaksne og barn. De er viktige bidragsytarar til hovudstaden vår. Tusen takk til alle for at vi har eit levande folkemusikkmiljø her i Oslo. Takk for dei fine opplevingane, avslutta Abdullah Alsabeehg.

Stor jubileumsopning
Tuva Færden og Johanne Flottorp spelte «Sagafosspringar» og «Tinnsjøvisa» frå plata Hitterdal som gjekk til topps i klassa for tradisjonelt samspel på Folkelarm sist haust. (Foto: Thor Hauknes)
Stor jubileumsopning
Øyvind Sandum vann konkurransen om beste jubileumsmelodi. Han kunne ikke delta sjølv, men var godt representert med Ronny Kjøsen, Thomas Nilssen og Thomas Lomundal som framførte slåtten, og også spelte med kvintetten Over Stok og Steen (bildet). (Foto: Thor Hauknes)