Tekst: Pressemelding

Sør-Fron spel- og dansarlag skal markere at det er 90 år sidan Anton Amundgård vart fødd med eit arrangementet på Harpefoss grendahus 9. november. 

Amundgard starta fyrst felekurs i Sør-Fron, seinare i Heidal, Harpefoss og Sel. I år er det 50 år sidan det fyrste felekurset på Øvertun (med Anton og Arne Risdal) – og nå er det godt over 100 felespelarar som har vorte rekruttert. 19 av medlemmane er under 18 år.

Spelmannslaget kjem, i tillegg til Krøklun, Vågå og Mukampen spelmannslag og fleire spelmenn som er sjeldan framme i ljoset om dagen. Anne-Grete og Rolf Bjørgan skal ha ei gratis kurs i gamaldans på grendehuset same dag. Asbjørn Stensrud og Ingunn Bø er programleiarar.

Les meir om jubileet i denne saka på GD.

Sjå Amundgård i aksjon med elevar i denne NRK-serien “Nye skot på gamal rot”. Trykk på bildet for å sjå episoden.

Då Amundgård gjekk bort i 2000, skreiv Rasmus Stauri dette minnordet i Spelemannsbladet (7/2000) som me no trykker på nytt for nye lesarar. 

Anton Amundgård til minne

Så ofte blir det sagt at vi veit så lite framfor oss. På nytt har vi fått sann kjent dette. 

Ein kjent gudbrandsdøI, Anton Amundgård frå Sør-Fron, har brått falle om. Han stupte så å seia på sin post 19. august – i dansen — dansespelmannen, folkemusikaren og felelæraren Anton. Det gjekk ein vemodig ettertanke gjennom oss da døyarordet hans kom — så altfor tidleg. Men vi kjenner på same tid ein djup takk for den store og respektfulle innsatsen han la ned i meir enn ein mannsalder for folkemusikken og rekrutteringsarbeidet blant dei unge her i dalen. 

Han la grunnen for Sør-Fron spelmannslag, og fleire dølabygder fekk hauste frukter av arbeidet hans. Knapt nokon felelærar og spelmann kan syne til slik ettervokster av ungdom som vil ta i vare tradisjonsmusikken. Han var i seg sjølv ein musikkskule utan faste timesatsar og lønnsregulativ. Han arbeidde sidan fyrst på 1970-talet og fram til siste dag med opplæring, leiing og formidling av spelmannsmusikken ved sida av å vera aktiv dansespelmann i lyd og lag. Det er så langt frå saltstrødd der han fór, - det blomstrar og gror og vil giera det i år framover, Kanskje levde han etter diktarordet: «Fred er ei det beste, men at man noget vil!« Anton var ein viljesterk og ambisiøs person, og han gøymde ikkje meiningane sine. Men han var heller ikkje atterhalden med rosen når han meinte det var rett. 

1 1970-åra vart utsiktene mørke for spelmannsmusikken i Sør-Fron. Men i 1974 vart Sør-Fron juniorspelmannslag stifta, og Anton Amundgård og Arne Risdal stod saman for opplæringa. Kurs og organisert arbeid var løysinga på manglande ettervokster til folkemusikken i heimbygda. Det nedlagte skulehuset Øvertun i Øverbygda rett ved garden Ommundgard, som han og Anne dreiv frå 1958, vart eit folkemusikalsk opplæringssenter. 

Det nedlagte skulehuset vart den viktige Øvings- og leikestaden for dei mange unge som melde seg på kurs tidleg på 1970-talet. Lærarkrefter utanfrå vart også trekte inn, som Harald Haug og Ola Opheim i Vågå. Det vart skapt eit miljø som berre skulle vekse seg meir livskraftig med åra. Redningsaksjonen var vellykka. Anton Amundgård tok seinare initiativ til og dreiv fram eit nytt juniorlag i Sør-Fron. Da han vart spurt om å drive fram eit nytt spelmannslag i Heidal, og i dei siste åra på Sel, var det også jaord å få. Og få er ikkje dei som har fått gratisopplæring i heimen hans desse åra. Dette er eit musikalsk entreprenørarbeid av stort format. 

Mange har spurt seg korleis han fekk det til. Han hadde naturgjevne anlegg for undervisning, ikkje nødvendigvis etter klassiske og vedtekne prinsipp, men etter eigne tankar og syn. Han makta å få fram gløden og gleda i det musikalske uttrykket av den enkle grunn at han hadde stor kjærleik til ungane og musikken. Den stive, følgjestrenge framføringsmåten i lagspelet var ikkje hans form, — han likte musikk med driv, kraft og gjerne noko villskap, musikk med sterk danseappell, rytme og kraft. Dette var det scenesjarm og publikumsappell i, og mange er dei kappleikane der Antons lærejenter og -gutar var publikumsvinnarar. Midt inne i flokken av ungdom stod han sjølv og vinka til fulle salar. 

Han vart berre 66 år. Sjølv tok han til med fela i ungdomsåra, og fekk gå i lære hos lærar Knut Romstad i Øverbygda. Spelmannen Redvald Fjellhammer, som var 19 år eldre, slong innom Ommundgard rett ofte, og Anton rekna han som sin fremste læremeister. Det låg ikkje til Anton å gi opp, og musikken vart følgjet hans livet igjennom, – solospelmann i tidlege år, deltakar i gamle Fron spelmannslag og Ringebu spelmannslag. Dansespelmannen var velkjent i hop med trekkspelarar som Arne Vangen, Eivind Holen og Oddvar Nygaard ei tid. Anton Amundgård fekk mellom anna Kulturprisen for Sør-Fron og Selstreffprisen for arbeidet sitt. Han hadde også eigne grupper, gav ut kassett og eit notehefte med melodiar som alle er røtte i heimbygda, og inspirerte frå stunder han opplevde ute i det fri, i lyd og lag. Han gavfrå seg garden for få år sidan, sette opp nytt hus på Harpefoss, og bygde opp det unge og dyktige Harpefoss spel- og dansarlag. 

Han gledde seg til amerikaturen med laget i haust, og han såg ikkje mindre fram til Distriktskappleiken i september. Anton Amundgård var ein familiekjær mann, og han og Anne hadde ein gjestfri heim. Tankane våre går til dei næraste, og med stor takk lyser vi fred over minnet hans. 

For Sør-Fron spelmannslag Rasmus Stauri