Tekst og foto: Jostein Aardal

Fire av seks finalistar i klasse gruppespel er påmelde til tevlinga: Kompani Byre som vann fjorårets landsfestival i Førde, Jutullaget som kom på andreplass, Ein haile halve maone på tredjeplass og Farstad & Farstad som fekk femteplass etter finalespelet.

Ein haile og halve maone kom på tredjeplass i fjor og skal lansere cd under Landsfestivalen på Vestnes.

Dei to finalegruppene som «manglar» er Lendmenn (nr. 3 i fjor) og Madam Jam (nr. 6) som fekk opp temperaturen i miljøet med det nokre meinte var utradisjonell gammaldansmusikk medan andre jubla.

Mange på durspel og trekkspel

Påmeldinga i dei fleste klassene er stor som i fjor, men fleire klasser større. Det gjeld ikkje minst durspel senior med 24 påmelde mot 14 deltakarar i fjor. Blant deltrakarane er Silja Lid Strysse og Jørn Ketil Solbakken.

Silja Lid Strysse er blitt senior.

Nytt av året er ei eiga soloklasse for trekkspel med 16 deltakarar. I fjor tevla dei i klasse ei samla klasse for «andre instrument». Også her blir det hard kamp om dei fremste plassane med mange kjende utøvarar, blant andre Thomas Nilssen, Ronny Kjøsen, Vegar Hansen, Emil Horstad, Mads Erik Odde, Rikard Odnes og Svein Kåre Haugen.

Vegar Hansen deltek både med trekkspel og torader.

Sterk fele/hardingfele-klasse

Fele/hardingfele senior er også ei stor og sterk klasse. Fjorårsvinnar Bjørn Kåre Odde er ikkje påmeld, men det er Britt Elise Skram (nr. 2 i fjor). Årets festivalsjef kom for øvrig på andreplass i fele klasse A under Landskappleiken på Gol. 

Solveig Brekke Hauknes vart nummer tre i fele/hardingfele senior i fjor og stiller igjen i år.

Blant dei 22 påmelde i solo fele/hardingfele finn vi også Rasmus Kjorstad med tredjeplass i fele A på Gol, Solveig Brekke Hauknes (nr. 3 i Førde), Jorun Marie Rypdal Kvernberg, Åsmund Farstad og Vegar Vårdal er blant soloutøvarane på fele/hardingfele.

Lagspelet

I lagspel fele/hardingfele er det 25 påmelde, to fleire enn i Førde. Blant desse er Lom spelemannslag som vann i fjor, Sør-Fron (nr. 2), Gamlebanken spelemannslag (nr. 4), Vågå spelmannslag (nr. 5) og Mukampen spel- og dansarlag (nr. 6).

Lom spelmannslag vil forsvare førsteplassen i lagspel fele/hardingfele frå Landsfestivalen i fjor.

I lagspel durspel/trekkspel er det 13 påmelde lag (12 i Førde). Av desse er tre av fire finalistar: Kongsberg trekkspillklubb (nr. 1 i fjor), Nord Gudbrandsdal toradergruppe (nr. 2) og Hafslobelgen (nr. 3).

Pardans og lagdans

Også pardans senior er det ein liten auke med 30 påmelde mot 26 i Førde. Fjorårvinnarane Anne Louise Drevdal/Tormod Øvrebø er ikkje påmelde. Men dei andre finalistane stiller: Jane Kathrin Hagen/Thomas Nilssen (nr. 2), Hanne Kjøk/Synne Kjøk (nr. 3), Jorunn M. Bakken/Arne Ødegård (nr. 5) og Audhild Molland/Kjell Einar Ormberg (nr. 6).

Jane Kathrin Hagen og Thomas Nilssen dansa fekk andreplass i fjor, her på scena samen med dei andre finalistane i Førde.

I lagdans senior er det 12 påmelde (13 i fjor). Her finn vi blant andre fjorårsvinnar Nordbygda spel- og dansarlag, Valdres, #Hedmark og Lystringen.

Super junior og samspel

I fjor vann Silja Lid Strysse klasse Super-junior føre Vegard Kvestad, begge med torader, medan Jens Svenkerud kom på tredjeplass.

Vegard Kvestad - ung og dyktig utøvar som fekk andreplass på Landsfestivalen i fjor.

Siljja har som nemnt vorte senior mendan Vegard og Jens framleis er juniorar og stiller opp i same klasse. Jens deltek for øvrig saman med far Åsmund Svenkerud i samspel senior.

Med andre ord: Det blir mange deltakarar, og dei beste deltek på Vestnes.