Tekst: Jostein Aardal

– Eg trur neppe at utøvarar frå Vågå har vunne meir på Landsfestivalen nokon gong, seier musikalsk leiar Lef Inge Schjølberg i Vågå spelmannslag.

Schjølberg leia laget fram til førsteplass. Deretter følgde Lom spelmannslag som toppa klassa i Førde i fjor. Østerdølenes Spellmannslag sikra seg tredjeplassen på årets festival.

Heile 21 år etter at dei sist gjekk til topps vann Vågå spelmannslag under leiing av Leif Inge Schjølberg klasse lagspel fele/hardingfele. Foto: Jostein Aardal

Det er heile 21 år sidan Vågå sist gjekk til topp i lagspel. Det skjedde under Landsfestivalen på Otta i 2003.  Og ein kan trygt slå fast at det vart storeslem til Vågå under årets festival.

Jutullaget med tre av fem medlemmer frå Vågå vann den prestisjetunge klassa gruppespel. Fjorårsvinnar Kompani Byre måtte dermed ta til takke med andreplassen. I fjor var det omvendt då Jutullaget tok andreplassen. I år som i fjor kom Ein Haile Halve Maone på tredjeplass. 

Nord Gudbransdal Toradergruppe med tyngda av utøvarar frå Vågå vann lagspel durspel/trekkspel på Landsfestivalen. Leiar Jørn Kjetil Solbakken (til høgre) er tydeleg fornøgd. Foto: Jostein Aardal

Dessutan: Nord Gudbrandsdal Toradergruppe vann lagspel durspel/trekkspel føre Hafslobelgen og Kongsberg Trekkspillklubb. Også i dette laget er fleirtalet av utøvarar frå Vågå. I fjor toppa Kongsberg føre Nord Gudbrandsdal og Hafslobelgen, og Kongsberg vann også på Vågå i 2022.

Veldig god festival

Så i år gjekk altså det meste til Vågå. Inge Gjevre i Jutullaget drog tilbake over fjellet lett til sinns og med gode minne frå Vestnes.

Kva betyr det å gå til topps?

- Det er veldig artig å vere med på Landsfestivalen. Jutullaget vart starta i 1988. Festivalen er årets er høgdepunkt. Det var heilt enormt då vi vann for første gong i 1996, fortel Gjevre. Gruppa vann igjen i 2004, 2005 og i 2016. 

- Det er stort at vi vann på nytt i år, særleg for Geir Marius Thorud som no endeleg fekk vere med å vinne etter to andreplassar, fleipar Gjevre. Men det er faktisk ikkje resultatet som tel mest.

- Det er svært gledeleg at festivalen vart så stor i år. Dette tegnar godt framover., meiner Inge Gjevre. Foto: Jostein Aardal

– Det er alltid ei oppleving å spele finale i ein stappfull idrettshall med dyktige dansarar. Det er svært gledeleg at festivalen vart så stor i år. Det var store klasser, solo durspel har ikkje så stor på mange år og mange lag deltek. Dette tegnar godt framover. Det er ei slags dansebølge både innan folkedans og bygdedans. Vi må henge å gammaldansen den bølgja, meiner Inge Gjevre.

Motiverer å vinne

Leif Inge Schjølberg legg heller ikkje skjul på at han tykker det har vore ein god festival i Vestnes. - Det har vore veldig triveleg på alle måtar, synest Schjølberg. 

Som nemnt er det 21 år sidan spelmannslaget sist gjekk til topps. Og for Schjølberg sin del er det heile 22 år sidan eg vann soloklassa fele/hardingfele på Landsfestivalen. Han har for øvrig mange sigrar også på Landskappleiken, men det er endå lengre sidan. 

Leif Inge Schjølberg toppa soloklasse fele/hardingfele, 22 år etter at han vann sist under Landsfestivalen i Førde i 2002. Foto: Jostein Aardal

– Det er mykje som skal klaffe og ekstra artig når vi får det til. Det gjeld å finne melodiar vi likar å spele ilag og som slår an blant dansarar og dommarar.

Du sjølv er på topp igjen no?

– Eg veit ikkje. Eg har fått meg betre fele, og det har vorte meir speling i det siste. Det er liksom motiverande å ta fram fela.

Motivasjonen blir ikkje mindre etter Landsfestivalen?

– Eg må innrømme at det er artig å lykkast, sjølv om ein har vore med i mange tiår på kappleikar og festivalar.

Må trivast saman

Kvifor er Vågå spelmannslag no så godt?

- Det er gjeld sjølvsagt å øve, og vi må ha det triveleg saman. Det sosiale er viktig. Det bidrar også til auka motivasjon, trur eg.

– Kva med rekrutteringa?

– Vi må alltid ha det i tankane. Har ein del ungdommar som er med, men ikkje alle kunne vere med på Landsfestivalen. Vi kunne fort vore borimot ti fleire på scena. Nokre reiser bort på skule, men vi håpar dei fortset, seier Leif Inge Schjølberg.

Resultat på: landsfestivalen.no