Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Storhelg på Torpo har tiårsjubileum i år. Her samlar store delar av folkemusikkungdomsmiljøet kvar haust, og primus motor er Martin Myhr. Fyrste gong var det med cirka 50 kursdeltakar, men etter det har det vore over 70 kvart einaste år. Myhr fortel at han er glad for å sjå mange nye namn i år, i tillegg til dei som har vore med i mange år. 

Ottar Kåsa med hardingfelegruppe i 2022. Foto: Vegard Breie.

– Det er mange i aldersgruppa 17-20, og det er veldig spennande at dette er eit tilbod som dei har lyst til å koma på, fortel den engasjerte stordansaren. 

– Kor kjem folk frå?

– Dei siste åra har det kome mange frå Oslo og Akershus. Dei er gjerne organisert gjennom Bølingen og Bul. Marianne Tomasgård som organiserer Bølingen, sender åleine over 20 deltakarar i år.

Det er også ein del med stuttare reiseveg frå Hallingdal og Valdres, spreidde rundt på dei ulike kurstilboda hardingfele, vanleg fele, langeleik, lur, munnharpe, toradar, kveding, pardans og halling. Det kjem også ein gjeng frå Voss og Hardanger og ein del frå flatfeleområda på Austlandet, til dømes Trysil, Gudbrandsdalen og Lillehammer.

– Eg har sagt at 90 er absolutt maks eg klarar, vi hadde 100 ein gong, men det var for mykje. Lokalet og kapasiteten på matserveringa avgrensar det, meiner Myhr. 

Den store spenninga er om Vy greier å få deltakarane fram. 30-40 kjem med tog til Gol 19.40, der Myhr og co stiller med bilar for å få frakta dei til konsert med konsert på Torpo 20.00. 

Sjå meir informasjon om helga her.

Storhelg inn i framtida

– Kva er artigast for din eigen del? Dette krev vel veldig mykje for deg og dei rundt deg når det står på?  

– Det er veldig mykje arbeid og under helga er det mange som arbeider dugnad. Men eg synest det er moro å legge til rette og organisere for denne gjengen sidan dei vil koma, seier Myhr.

Det største høgdepunktet for han sjølv er dansefesten på laurdagskvelden, som viser kor viktig det er med slike samlingspunkt. I tillegg framhevar han kor kjekt det er å vise fram ungdommane i avslutningsførestillinga på sundagen og få alle desse 100 deltakarane og instruktørane fram på scena til slutt. Han fortel at dei fleste overnattar i gymsalen på Torpo skule, og det kan bli så som så med nattesøvnen. 

– Eg er glad eg ikkje skal sova der  sjølv, og at eg ikkje er nattevakt, skrattar Myhr. 

– Men du blir vel drivande på nokre år?

– Det blir nok til at eg prøver å dra på eitt år til. Eg har lurt på dei siste 4-5 åra om det kan ligge under paraplyen Folkemusikkveka etter kvart, fordi elles blir det veldig sårbart. Eg driv eigentleg med dette åleine. Om ein kan kople det saman med Folkemusikkveka, kan ein få eit større arbeidsfellesskap, greier Myhr ut. 

Sjå film frå avslutningskonserten i 2022 her.

Profesjonelle instruktørar

Myhr er tilfreds med instruktørane, og fortel han tykkjer det kjennest positivt å gi frilansfolkemusikarar jobbViktig også for dei som driv med teknikk, som lyd og lys. 

– Eg plukkar stort sett ut folk som har dette som ein stor del av jobben sin. Vi har omtrent 150 000,- i lønsutgifter. Det er som regel eit pent knippe med landskappleikvinnarar kvart år.

Årets instruktørar er Ådne Kolbjørnshus, Jon Bugge Mariussen, Svein Laingen Kjerland, Marit Karlberg, Sindre Tronrud, Inga Myhr, Anders Lunden Herfoss, Margit Myhr, Bendik Smedåsgjelten Qvam, Helga Myhr, Andreas Skeie Ljones og Rasmus Kjorstad. 

I år er det Treak som har opningskonserten på fredagskvelden. I tillegg har dei i samarbeid med dansescena Sprang på Ål fått Mamelukk Dansekompani til å koma og setta opp førestillinga Livmødre. Litt av greia er at dei skal få oppleve profesjonelle oppsetjingar, og då er det viktig at dei får møte eksempel på dette, fortel Myhr. 

Det brukar å vera god stemning på Hugnadheim under Storhelg, og dansen går heile kvelden. Foto: Vegard Breie. 

Budsjettet er på vel 340 000,- Deltakarane betalar 1000,- og får då seks måltid mat, overnatting og førestillingar. Støtta kjem stort sett frå fylkeskommunen og kommunen, i tillegg til Buskerud folkemusikksenter, Sparebankstiftinga, Folkemusikkveka, DNB og SFF. 

- Det har vore litt lettare å få midlar i år, og eg har dermed fått litt større summar enn eg er van med, fortel Myhr tilfreds. Han har dermed sloppe å gå etter mange av småsummane frå meir lokale sponsorar, som ofte er krevjande å få henta inn. 

– Kva står på menyen?

– Det er sjølvsagt småmat! Viss du ikkje likar det, er noko gale med deg, skrattar Myhr.