Les også: Meiningar om jubileumshelga
Fleire prominente gjester var med på feiringa, blant andre kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery, statsforvaltar Liv Signe Navarsete, fungerande Bergen-ordførar Eira Martinsen Garrido og fylkesordførar Jon Askeland.
Jubileumsforestillinga var ingen meisterkonsert som på landskappleik og landsfestival. Men likevel ein minnerik og meisterleg konsert med mykje song, dans og musikk frå scena. Det var lite prat utanom nokre helsingar og tale ved styreleiar Hilde Reitan.
– Det er ein grunn til at vi har valt å legge hovudfeiringa til Bergen. Her vart den første tevlinga i nasjonalt spel arrangert i 1896, noko som betyr at Landskappleiken faktisk er Noregs eldste festival! sa Reitan.
Og 27 år seinare vart Landslaget for Spelemenn stifta under Landskappleiken, også det i Bergen. Byen har ein sentral plass i historia til organisasjonen, fastslo FolkOrg-leiaren.
– Lite visste den første formannen, Arne Bjørndal, at organisasjonen skulle vere like relevant 100 år etter, og i dag ein høgt respektert kulturorganisasjon med eit stort engasjement og mangfald av uttrykk innan folkemusikken og folkedansen.
REITAN LOKKA I 1973
Hilde Reitan deltok sjølv då Landslaget for Spelemenn feira 50-årsjubileum i Bergen i 1973. Då var det med konsert med mange av dei store stjernene på den tida, i det gamle Konsertpaleet. Den gongen som no opna jubileumskonserten med ein kulokk.
– Den gongen var det eg, som 14-åring saman med mor mi, som opna jubileumskonserten med ein kulokk etter mormor frå Rendalen. Lite visste eg at eg 50 år etter skulle stå på scena i Grieghallen og ønskje velkommen til jubileumskonsert som stolt styreleiar i FolkOrg!
– Det er unekteleg rart å tenkje på, men det seier noko om dei lange linene gjennom eit livsløp og mellom generasjonar for oss som blir drege inn i dette fantastiske miljøet som barn og som held fram der resten av livet, konstaterte Hilde Reitan.
TAKKA ELDSJELER
Styreleiaren nytta høvet til å takke dei mange som bidrar på ulike måtar.
– FolkOrg er ein medlemsorganisasjon som femnar breitt, frå profesjonelle yrkesutøvarar til lokale spel- og danselag og arrangørar. Svært mykje av aktivitetane er avhengig av frivillig innsats, og eg vil nytte dette høvet til å takke alle dykk eldsjeler rundt om i lokallaga, som er sjølve grunnmuren i organisasjonen vår og som representerer tradisjonsberarane, kunnskapen og det sosiale fellesskapet på tvers av generasjonar.
– Det arbeidet de legg ned i lokallaga for å rekruttera barn og unge inn i miljøet, er ein vesentleg føresetnad for at tradisjonane blir overførte til neste generasjon og dermed blir i halde i hevd, fastslo Hilde Reitan.
JUBILEUMSKONSERTEN – program
Velkomst
Vokalensemblet Multa Paucis – lokk
Kirsten Bråten Berg – introduksjon og stev
Første scene: Ouverture
10 korte soloinnslag med utøvarar som også deltok seinare i konserten
Andre scene: om frivilligheten
Kristoffer Kleiveland om frivilligheten
Dans, «Småkvedarane», juniorspelemannslaget, Osterøy spelemannslag, Audhilds Spelemannslag og Spelemannslaget Fjellbekken
Tredje scene: Kappleik
Alexander Røynstrand, Per Anders Buen Garnås (hardingfele), Kirsten Bråten Berg (song), Geir Egil Larsen (bukkehorn), Inge Gjevre (toradar) med fleire
Fjerde scene: Nyskaping
«Folk Chamber» – intro til «Gjensyn». Deretter spel til dansarane Ådne G. Kolbjørnshus, Vetle Springgard og Tone Ingvaldsen
Vokalensemblet Multa Paucis og Berit Opheim. Scenen vart avslutta med heile «Gjensyn»
Femte scene: FolkOrg
Musikk og helsingar til FolkOrg
Avslutning med Sudan Dudan som spelte «Utta de»
Berit Opheim takka av. Solistar og orkester spelte «Rotnheims-Knut»
Frå jubileumsboka: Dronning Sonjas helsing til 100-årsjubilanten
Kjære FolkOrg! Gratulerer med 100-årsjubileet!
Dere representerer noe av det mest verdifulle i norsk kulturliv.
Folkemusikk og folkedans rommer ulike uttrykk for menneskers erfaringer, følelser og fortellinger gjennom flere hundre år.
Dere forvalter denne delen av norsk kulturhistorie på en usedvanlig god måte.
Og dere ivaretar ikke bare røttene! Dere ser også fremover.
I spennet mellom bevaring, formidling og fornying bidrar dere til å bygge bro mellom fortid og nåtid. Mellom det vi kommer fra, det vi har blitt – og med et åpent blikk mot fremtiden.
Som organisasjon har dere et imponerende nettverk av frivillige ildsjeler over hele landet, som bidrar til å forvalte den folkemusikalske arven. Jeg sender en spesiell takk til dere som bruker deres fritid og krefter på dette viktige arbeidet.
Som stolt beskytter av FolkOrg gjennom mange år er det en stor glede for meg å ønske dere alle til lykke med 100-årsjubileet!
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jafferys helsing ved boksleppet i Grieghallen
FolkOrg – gratulerer! Hundre år!
Hundre år – med brennende engasjement for noe så viktig som å løfte kulturarven vår – folkemusikken og folkedansen.
Hundre år – i aktiv tjeneste for de engasjerte miljøene våre, alle dere som bærer kulturarven videre, fornyer den, formidler den, brenner for den og skaper viktige fellesskap rundt den: Alle spelmannslagene og dansarlagene!
Hundre år – med innsats for oss alle. For kunst og kultur. Musikk og dans – som hører oss til – og verden til.
Folkemusikk og folkedans er jo på samme tid både urnorsk og grenseløst. Det er toner og bevegelser som får oss til å høre til. Som et nasjonalt muskelminne og en nasjonal hukommelse.
Samtidig er det en del av noe større – den grenseløse verdensmusikken og et internasjonalt felleskap.
Takk, FolkOrg, for hundre års kjempeinnsats!
Vi vet dere kommer til å stå på i hundre til. Aslak og Hilde – dere er klare, dere?
Tusen takk den viktige jobben dere gjør. Og gratulerer!