Inga Juuso var født i Jokkmokk i 1945, men kom til å vekse opp i Finnmark. Ho er av mange rekna som ein av dei aller ypparste innafor nordsamisk joik, og var ei varmt og inkluderande menneske som er djupt sakna. Joiketradisjonen sin hadde ho frå Alta og Kautokeino. Og sjølv om ho var utdanna journalist, er det kanskje som fylkesjoikar i Troms ho vil bli best hugsa. Ho var òg skodespelar og var med i filmen Kautokeino-opprøret. I 2011 vann ho Spellemannprisen i open klasse for plata Bálggis saman med gruppa Barut. I tillegg var ho medlem av den samiskbaserte gruppa Orbina.

Strålande hyllest til Inga Juuso i Operaen
Mari Boine hylla sitt store førebilete, Inga Juuso. (Foto: Ileana Alvarez Reyes)

Eit stjernelag

Konserten gjekk føre seg i sjølve hovudsalen i Den Norske Opera. Eit stort publikum hadde møtt fram, det var ikkje mange ledige sete å sjå. Leiar for Oslo World Music Festival, Alexandra Archetti Stølen, kjente godt til Inga Juuso og stod for introduksjonen. Å ha ein avslutningskonsert som på denne måten lyfta fram det samiske, passa ifylgje henne svært godt etter som temaet for årets festival var «Forbudte sanger». Sametingspresident Ailo Keskitalo kasta òg glans over arrangementet.

I fyrste nummeret stod heile «stjernelaget» på scenen, åtte joikarar/songarar: Mari Boine, Ulla Pirttijärvi, Sara Marielle Gaup, Sofia Jannok, Ingor Ánte Áilo Gaup (Ailloš), Niko Valkeapää, Anders P. Bongo og Leif Isak E. Nilut. Vidare musikarane: Roger Ludvigsen (gitar), Steinar Raknes (kontrabass og song), Patrick Shaw-Iversen (fløyter) og Håvard Lund (klarinett og saksofon) og perkusjonistane Gunnar Augland og Harald Skullerud.

Ei feststund av ein konsert

Me fekk ei feststund av dei sjeldne, med musikk av kunstnarar som på ulikt vis har sett spor i nyare samisk musikk. Det var ei god blanding av solo og samsong/samjoik. Mari Boine er framleis den store leiestjerna, noko ikkje minst publikum responderte på – men her var ho til dei grader ein del av det store samspelet.

Dei fleste låtane Boine var med på inkluderte ein eller fleire av dei andre joikarane. Og sjølvsagt fall det naturleg å ha med hennar vare og vakre kjenningsmelodi til filmen Kautokeino-opprøret. Like naturleg som at Sara Marielle Gaup, som langt på veg blei peika ut av Inga Juuso sjølv til å ta hennar plass i duoen Skaidi, framførte sine joikar/songar i lag med Steinar Raknes (eit samarbeid som me kjenner frå duoen Arvvas).

Strålande hyllest til Inga Juuso i Operaen
Stjernelaget av joikarar, f.v. Sofia Jannokk, Sara Marielle Gaup, Mari Boine, Ulla Pirttijärvi, Niko Valkeapää, Anders P. Bongo Ingor Ánte Áilo Gaup, og Leif Isak E. Nilut. (Foto: Jonathan Vivaas Kise)
Strålande hyllest til Inga Juuso i Operaen
Sammen i hyllest for Inga Juuso; f.v. Mari Boine, Ingor Ánte Áilo Gaup og Sara Marielle Gaup, bak skimtar med perkusjonistane Harald Skullerud (t.v.) og Gunnar Augland. (Foto: Jonathan Vivaas Kise)

Sara Marielle Gaup står fram meir og meir som ein av dei dyktigaste joikarane me har, sterk og inderleg, og ikkje minst med eit politisk engasjement for samanes og andre urfolk si sak. Det same kan ein langt på veg seie om Sofia Jannok, kanskje den mest profilerte av dei samiske artistane frå Sverige.

Niko Valkeapää, med aner både i Noreg og Finland, kjenner me mest som visesongar med samiske tekstar. Men også han har, som Mari Boine, meir og meir nærma seg joiken. Få er så tilbaketrekte i si framføring som han,  han har sin heilt særeigne stil.

Finske Ulla Pirttijärvi er også lett å kjenne att, ho er blant anna kjent for samarbeidet med sørsamiske Frode Fjellheim.

Anders P. Bongo er kanskje den mest tradisjonelle av desse joikarane. Medan Ailloš  både er kjent som skodespelar i Beaivváš og joikar – noko sceneframføringa hans bar preg av – han er meir rørleg på scena enn dei andre.

Leif Isak E. Nilut var det mest uskrivne bladet for meg. Også han er knytt til det samiske teateret Beaivváš, som produsent. Summen av desse artistane blei eit farleg brygg med sterke kontrastar, frå det vare og kjenslevare til rytmiske, kraftfulle og suggererande joikar – slik operabygget kanskje ikkje har opplevd før. Konserten blei ein sann svir for den som er glad i samisk musikk. Verdt å merke seg var at det samiske var sterkt synleg blant publikum, mange hadde teke på seg sin finaste stas.

Det blei ei rørande og minneverdig stund for Inga Juuso, og ein kraftdemonstrasjon av dei sjeldne av kva som bur i den samiske musikken. Som identitetsmarkør, men endå meir reint musikalsk: nyskapande og tradisjonelt, hand i hand.  Slik Inga Juuso òg var.

Me fekk ei feststund av dei sjeldne, med musikk av kunstnarar som på ulikt vis har sett spor i nyare samisk musikk.

 

Strålande hyllest til Inga Juuso i Operaen
Joikarane og sameaktivistane Sara Marielle Gaup (t.v.) og Sofia Jannok deltok like i framkant av konserten i operaen på ei markering ved Sukkerbiten til støtte for indianarane sin kamp ved Standing Rock i Nord-Dakota, eit arrangement sett i scene av Natur og Ungdom og med eit sterkt samisk preg. (Foto:Kjell Bitustøyl)