Stiftinga er bygd på ei stor testamentarisk gåve frå Eidis Huseby Kvaalen (1932-2020), og ber namnet etter mor hennar, songarinna Lilly Huseby Kvaalen. Ho ynskte at ein stor del av arva hennar skulle gå til ungdom som studerte musikk, og formålet til stiftinga er formulert på denne måten: 

«Å gi jevnlig støtte til fordel for en eller flere norske statsborgere for sangstudier innenfor klassisk musikk, opera eller norsk folkemusikk. Støtten kan gis for et kortere eller lengre tidsrom begrenset oppad til tre år til studier eller undervisning i sang i Norge eller utlandet.» 

Lilly Stiftelsen har som mål å vere eit bindeledd mellom utdanning og jobb for unge, norske folkesongarar, operasongarar og klassiske songarar. Eidis Huseby Kvaalen sitt mangslungne liv kan ein lese meir om her

Det blir arrangert ein tildelingskonsert 16. november klokka 17.00. I fjor fekk mellom andre Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Malin Alander og Victoria Oftestad innvilga stipend. Ein kan søkje om både utdanningsstipend, arbeidsstipend og reisestipend. 

Sjå meir om stipenda her

Søknadsfrist er 10. oktober