– Landslaget for spelemenn vart stifta med formålet å «fremja den nasjonale folkemusikken og betra dei økonomiske vilkåra for spelemennene», konstaterte styreleiar Hilde Reitan i opningstalen til landsmøtet i ærverdige Gamle Logen.
– Den 100 år gamle formålsparagrafen er framleis relevant og står seg òg i dag. Den er sjølvsagt foredla og vidareutvikla i takt med tida vi lever i, og representerer heile breidda i organisasjonen, utdjupa styreleiaren då ho helsa delegatar, heidersmedlemmer, gjester og observatørar velkomne til jubileumslandsmøte.
Styreleiaren trekte linjer frå Landslaget for spelemenn (LfS) si historie til FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans no.
– Dagens FolkOrg er både ein kulturpolitisk organisasjon og ein breidde- og kunstnarorganisasjon. Yrkesutøvande folkemusikarar og -dansarar står side om side med bredde og lagsarbeid. Dette gjer organisasjonen vår både unik og kompleks, og det er ei krevjande oppgåve å forvalta og sameina alle desse ulike interessene.
– Vegen frå det første skipingsmøtet i LfS og fram til noverande organisasjon, FolkOrg, har derfor ikkje vore utan humpar og bratte motbakkar. Spelemannsbladet vart flittig brukt som kanal for sterke meiningsbrytningar, og det var sterke karakteristikkar retta mot enkeltpersonar, dømming, tradisjonsforståing, styret osb. Bladet fungerte som ein ventil for det sterke engasjementet og kjenslene for folkemusikken og -dansen, konstaterte Reitan.
Konflikten om gammaldansen
Styreleiaren kom så inn på den opprivande striden om gammaldansen på 1980-talet.
– Den største og mest krevjande konflikten i organisasjonen vart utløyst av det såkalla «gammaldansvedtaket» frå årsmøtet til Landslaget for spelemenn (LfS) i 1986, der fleirtalet gjekk inn for å utvida arbeidsområdet til å gjelda gammaldansmusikk/runddansspel i tradisjonell stil, og etablere Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Vedtaket skapte stor splid i organisasjonen, noko som resulterte i at motstandarane av vedtaket braut ut og stifta Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) i 1987.
Det gjekk fleire år, prega av steile frontar og lite formell kontakt mellom LfS og NFD. Først i 1992 møttest dei to styra i eit fellesmøte med den hensikta å legge ned stridsøksa og få etablert eit samarbeid basert på gjensidig tillit og respekt. Å få til eit godt praktisk, samarbeid var svært viktig, fordi usemja i fleire samanhengar vart brukt som argument for å avslå offentleg økonomisk støtte til aktivitetar som begge organisasjonane hadde interesse av å få til.
Det gode samarbeidet gjennom fleire år bar heldigvis frukter, og bidrog til å danna grunnlaget for arbeidet med ei samanslåing av LfS og NFD. Og i 2009 vart FolkOrg stifta med nye vedtekter og ny organisering der begge organisasjonane gjekk inn som likeverdige partar, påpeika Reitan.
«Vi har erfart at arbeidet med å løfte fram heile feltet, både topp og breidde, gir gode resultat og fører oss framover.»
NFD gode på finansiering
Styreleiaren peika på at NFD var særleg gode på å skaffe midlar.
– I samband med samanslåinga vart styret utvida til sju representantar, der yrkesutøvande medlemmer skulle ha minst to representantar i styret. Det vart etablert eit arbeidsutval med styreleiar og to nestleiarar, der ein av nestleiarane representerer yrkesutøvarane. Dette var ein viktig premiss for NFD, som hadde jobba målretta for å ta vare på og betre rammevilkåra for yrkesutøvarane og dei profesjonelle utøvarane, medan LfS hadde fokus på breidda, dvs. lokallaga og arrangering av Landskappleiken og Landsfestivalen.
– NFD var særleg flinke på finansiering og støtteordningar til drift og prosjekt, og mykje av dette vart vidareført i FolkOrg. Dette bidrog til å danna grunnlag for eit godt økonomisk fundament gjennom stabile statlege driftstilskot når heile fagfeltet vart samla i ein organisasjon igjen. Administrasjonen vart òg utvida med fleire medarbeidarar og kunne dermed auka aktiviteten på fleire område.
– Og vi har erfart at arbeidet med å løfte fram heile feltet, både topp og breidd, gir gode resultat og fører oss framover. Vi treng idola og førebileta som inspirerer, som viser veg og som skaper merksemd og begeistring for folkemusikken blant eit breiare publikum. Men vi treng òg lokallaga, arrangørane og dei frivillige for at dette økosystemet skal fungere optimalt.
– Det trengst klokskap, respekt og vilje til å finna løysingar som gjer at heile den samansette medlemsmassen kan kjenne seg heime i FolkOrg, fastslo Reitan.
«Dagens FolkOrg er både ein kulturpolitisk organisasjon og ein breidde- og kunstnarorganisasjon.»
– Lokallaga er grunnmuren
– Samtidig skal ikkje kompromissa som ligg til grunn for den breie organiseringa svekke evna til handlekraft i viktige enkeltsaker. Det er mange kjensler knytte til tradisjonsmusikken og -dansen, og det er viktig at alle som brenn for feltet vårt klarer å løfta blikket og sjå dei felles langsiktige måla i arbeidet som blir utført på vegner av dykk alle.
– Mange opplever kanskje at det er langt frå sentralleddet og ut til medlemmene og at de ikkje alltid ser arbeidet som blir lagt ned for å ta vare på interessene deira. Men eg kan lova at både styret og administrasjonen har eit brennande engasjement for alle medlemmene og strekk seg langt for å hjelpe til i små og store spørsmål knytte til det viktige arbeidet som blir lagt ned over heile landet.
– Lokallaga er sjølve grunnmuren i organisasjonen vår og representerer miljøet, tradisjonsberarane, eldsjelene, kunnskapen, det sosiale fellesskapet og sjølve tradisjonsoverføringa. Utan desse ville både arrangørar, utøvarar, utdanningsinstitusjonar og sjølve kulturarven slite. Mykje av det daglege arbeidet i FolkOrg er derfor knytt til interne aktivitetar gjennom rådgiving, medlemsoppfølging og -system, som ikkje alltid er like synleg for medlemmene.
– Men styret og administrasjonen må òg ha fokus på utadretta arbeid, slik at folkemusikken og folkedansen skal ha gode økonomiske rammevilkår og få den rettmessige plass og merksemd som del av det norske kulturfeltet. Vi brukar derfor alle høve til å løfte fram feltet vårt og vere til stades under høyringar og debattar, både som sjølvstendig organisasjon, men også i samarbeid med andre musikk- og kulturorganisasjonar. FolkOrg har derfor oppnådd å få ei sterk stemme på den kulturpolitiske arenaen. Vi blir lytta til og respekterte, konstaterte Reitan.
«Lokallaga er sjølve grunnmuren i organisasjonen vår og representerer miljøet, tradisjonsberarane, eldsjelene, kunnskapen, det sosiale fellesskapet og sjølve tradisjonsoverføringa.»
– Må stå saman
FolkOrg har teke på seg eit svært viktig samfunnsansvar ved å forvalte den immaterielle kulturarven vår. Vi er heilt avhengige av at vi som organisasjon står samla og trekkjer i same retning for å bli endå sterkare, få rekruttert nye utøvarar og publikum, og få opna kjærleiken til og kunnskapen om spel, dans og kveding for alle dei som enno ikkje veit at dei elskar det.
Vi jobbar på ulike måtar for feltet men har alle ei felles målsetjing, nemleg å gi norsk folkemusikk og folkedans meir merksemd og status, sørge for gode rammevilkår for heile feltet vårt og bidra til at interessa og kunnskapen for sjangeren blir større.
Eg trur på at ei sterk forankring i eigen kulturarv gjer oss opne og nysgjerrige overfor andre tradisjonar og kulturuttrykk. Det er derfor eit viktig grunnlag for toleranse og respekt for menneska og kulturen i andre land. For det er jo slik at sjølv om tradisjonsrik kulturarv høyrer til historia vår og bind oss saman som folk, så har den òg universelle kraft, fastslo Hilde Reitan som tar fatt på sitt sjuande år som styreleiar.