FolkOrg, Noregs Ungdomslag (NU) og Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) har saman sendt ut ei spørjeundersøking til personar i miljøet. Der spør dei om folk har opplevd eller vore vitne til hendingar av trakasserande eller krenkande art. I spørjeundersøking blir det også spurt om korleis kulturen er for å varsle om slike hendingar, og om deltakarane veit korleis dei skal gjere det.
Leiar i FolkOrg Linda Dyrnes fortel at oppropet som kom frå folkemusikk- og folkedansmiljøet i november i fjor gav organisasjonen eit spark bak til å ta opp att arbeidet med retningsliner om seksuell trakassering, maktmisbruk og grenseoverskridande åtferd.
– FolkOrg har hatt retningsliner på dette sidan 2013, men me har kanskje ikkje fått spreidd dette ofte nok, fortel Dyrnes.
Direktør i Sff, Ellen Krageberg, seier at dei tre organisasjonane gjekk saman og diskuterte oppfølginga av temaet i kjølvatnet av oppropet i fjor haust. Før jul hadde dei kurs med Balansekunst, ein organisasjon som jobbar for mangfald og likestilling i kulturbransjen. Deretter var det eit nytt kurs i vår. På desse kursa har representantskapet i organisasjonane blitt inviterte.
– Desse kursa har alle som er interesserte i tematikken kunne melde seg på, fortel Krageberg og held fram:
– Me vil at dei som er leiarar tek eit ansvar og veit kva dei treng å gjere i desse situasjonane. Samstundes må dei også få vite kva me som organisasjonar treng at leiarane våre gjer. Det viktigaste er å danne ein organisasjonskultur som er god.
Vil ta Balansemerket
Allereie før oppropet, hadde FolkOrg planlagt å ta Balansemerket, ei merkeordning for organisasjonar der ein mellom anna forpliktar seg til å jobbe mot seksuell trakassering. Dagleg leiar Dyrnes fortel at arbeidet med Balansemerket måtte utsettast då korona kom, men at etter oppropet var det naturleg for organisasjonen å starte opp igjen arbeidet.
Balansemerket blir delt ut av organisasjonen Balansekunst, og gjeld for berre eitt år av gongen. På den måten må ein vise at ein arbeider kontinuerleg med temaet for å behalde merket. I samband med søknaden må organisasjonen også gjere ei risikokartlegging.
Etter oppropet i fjor haust kom det reaksjonar til FolkOrg frå begge hald. Nokre var glade for at folk endeleg sa ifrå, medan andre ikkje kjende seg igjen i noko av det som blei framstilt i kronikken.
– Me har ikkje fått varslar til oss, og me må finne ut kvifor. Er det fordi det ikkje er skjedd så mykje, eller er det fordi folk ikkje veit korleis dei varslar? Kor stort er problemet og i kva situasjonar skjer det? Det er noko av det me vil finne ut av, seier Dyrnes.
Ho understreker at oppropet gjer at FolkOrg ikkje er i tvil om at det har skjedd ting som ikkje burde skjedd, men at dei gjennom spørjeundersøkinga kan få litt meir kjøt på beinet.
I samarbeid med Opinion
Det var FolkOrg som tok initiativet til å lage ei spørjeundersøking. I tillegg til å ha med seg NU og Sff var det viktig for FolkOrg å ha ein nøytral part med på laget.
– Dette er sensitive tema, så det var viktig for oss å ha ein nøytral og profesjonell part i Opinion. Ingen av opplysningane kjem direkte til oss og kan såleis ikkje avsløre noko frå einskilde personar, fortel Dyrnes.
Spørsmåla har organisasjonane sjølv utforma med god hjelp frå Balansekunst og Opinion. Dyrnes fortel at fleire andre organisasjonar har gjennomført tilsvarande undersøkingar, og at dei dermed har fått gode døme på spørsmål og problemstillingar som så har blitt tilpassa den nye spørjeundersøkinga.
– Me treng svar både frå dei som har opplevd noko og dei som ikkje har opplevd noko for å få refleksjonar som kan fylle ut biletet. Me bed alle dei som tenkjer at dette er ei viktig problemstilling, om å svare på dette, seier Ellen Krageberg i Sff.
«Me treng svar både frå dei som har opplevd noko og dei som ikkje har opplevd noko for å få refleksjonar som kan fylle ut biletet.»
Frå kommentarar til overgrep
Som Krageberg meiner også Dyrnes at flest mogleg i organisasjonane må svare, for at dei på best vis kan danne seg eit bilete av korleis situasjonen er.
– Eg håper medlemmene våre ser at dette er viktig for heile miljøet vårt. Ved å få kartlagt dette, blir det lettare å vite kvar me skal sette inn støyten. Me kjem til å ha fokus på dette uansett, og særleg førebygging er viktig. Det er viktig å få fram at undersøkinga gjeld alt frå nedsettande kommentarar og utestenging til overgrep og andre kriminelle handlingar. Så me har heile spekteret, seier Dyrnes.
Alle tre organisasjonane venter spente på resultata og på kva som skjuler seg bak svara.
– Me håper og ønsker at me skal ha eit inkluderande og ope miljø som er trygt for alle, avsluttar FolkOrg-leiaren.