Tekst: Johanne Flottorp

I heile den 35 år lange historia til Førdefestivalen, har dei alltid hatt eit tema som har lagt føringar for ein del av programmeringa. Festivaldirektør Sølvi Lien seier dette er ein fin måte å kommunisere programmet på, spesielt for å løfte fram dei artistane som ikkje er så kjende i Noreg. 

Sølvi Lien og den tidlegare Førdefestival-generalen Hilde Bjørkum var nøgde med fjorårets festival. I år satsar dei på musikk og språk. Foto: Jostein Aardal.

– Med eit tema får ein fram historier og kontekstar knytt til artistane, seier ho. 

Ho fortel at det dei siste åra også har blitt meir og meir aktuelt å knyte temaet opp mot ting som skjer i verda. 

– Her har me moglegheiten til å kommentere litt på verdssituasjonen og vise korleis folkemusikk er relevant i den samanhengen, seier Lien. 

Heile programmet til Førdefestivalen finn du her.

Lang liste

No har Førdefestivalen valt tema fram til 2027, med atterhald om korleis verda ser ut i åra framover. Det er mogleg å ombestemme seg. Men å velje tema er ein nitidig prosess. 

– Eg har ei lang liste med potensielle tema. Me har gjennom 35 år hatt mange ulike tema, så ein må vere kreativ og stadig finne nye innfallsvinklar, seier Lien og legg til: 

– Eit tema er kanskje med på å gjere festivalen interessant for folk som ikkje oppsøker den til vanleg. 

Lien seier ho opplever at det er litt spenning knytt til kva årets tema er før dei offentleggjer det, og ho synast det alltid er spennande å sjå om temaet slår an. 

Musikk og språk

I år er temaet til Førdefestivalen «Musikk og språk». Det har lagt sine føringar på programmet. Til dømes skal Marja Mortensson skrive tingingverket på sørsamisk. Artisten Sara Curruchich frå Guatemala skal synge på morsmålet sitt, kaqchikel, eit mayisk språk som blir snakka av rundt 500.000 i dag. 

Sara Curruchich syng på morsmålet sitt kaqchikel, eit språk med ein halv million brukarar, på Førdefestivalen i år. Foto: Sandra Sebastián

I tillegg blir det språksjov med Linda Eide laurdagskvelden.

– Vi utfordra Linda Eide til å lage eit folkemusikalsk spåksjov, så der skal ho få leike seg med ein god del av artistane som er på festivalen, fortel Lien. 

Festivalleiaren er godt nøgd med valet av tema, og seier det er viktig i eit tid som verkar mørk og uroleg, og med språk og retorikk som bidreg til meir polarisering.  Då har folk behov for å søke seg tilbake til det opphavelege og trygge. 

– Musikken er eit universelt språk, og det er ei samlande kraft, seier ho. 

Linda Eide er utfordra til å laga eit folkemusikalsk språksjåv på Førdefestivalen. Foto: Per Finne.

Tema som verktøy

Telemarkfestivalen har ikkje hatt ein sterk tradisjon for å ha eitt eit tema som er gjennomgåande for heile festivalen, men følgjer med på aktuelle jubileum eller strøymingar i samtida som kan vere ein gjengangar for fleire av postane på programmet. I fjor var det 100 år sidan Bø stasjon blei opna, og både tingingsverket og ein eigen temakonsert blei arrangert i pakkhuset nede ved stasjonen. 

I år rammar 200-årsjubileet for emigrasjonen inn fleire av konsertane. 

– Det er både gøy og spennande når ein kan bruke eit tema som verktøy for å finne fram til gode tankar kring arrangement for festivalen. Men me har ingen kjempestrategi for val av tema. Det blir litt frå år til år, seier festivalsjef Kristoffer Mosfjeld. 

Programmet til Telemarkfestivalen finn du her.

Liker det konkrete

Nokre av konsertane som er knytt til temaet i år, er ein temakonsert med Halvor Kleppen og Knut Buen der dei skal fortelje om spelemenn frå Telemark som reiste over til Amerika. I tillegg skal Laura Ellestad, som har teke doktograd om temaet, halde den tradisjonsrike Borgjakonserten saman med Ottar Kåsa. Ho skal også vere med på eit dokorgrad-bokbad. 

Temakonserten på Telemarkfestivalen i år er med Knut Buen og Halvor Kleppen og har tittelen Frå Telemark til Amerika. Kven denne præriespelemannen er er hittil eit lite mysterium, så aktuelle forslag kan sendast inn til redaksjonen.

– Og så kjem Mattis Kleppen og Knut Reiersrud som er personifiserte smeltediglar av norsk og amerikansk tradisjon, seier Mosfjeld. 

Mosfjeld fortel at tanken om eit mogleg tema kjem først, og så spinner ein vidare utifrå det. 

– Ein kan ikkje programmere ein festival og så tenke at «her er det eit tema». Eg er pragmatisk og liker å tenke konkret. Så det er viktig for meg å ha eit tema der ein skjønner koplinga til konsertane. Det er ofte eit jubileum eller liknande som ein kan nytte som eit utgangspunkt, om det er for ein person, eller noko anna, som jubileet for Bø stasjon i fjor eller emigrasjonsjubileet i år. I år er det også Friluftslivets år, og det er ein annan fin ting å inkludere. Så det blir ein friluftskonsert og tur med Bø turlag under festivalen. Så ulike tema er alltid ein del av programmet, sjølv om det ikkje er overordna. Det er veldig givande å kunne jobbe med ei tematisk tilnærming med eigenproduserte konsertar som eit tillegg til dei «vanlege» konsertane ein booker. Det gir festivalen meir djupne og substans, seier han. 

Stemnesjef Kristoffer Mosfjeld er klar for nok ein telemarkfestival. I år med 200-årsjubileet for emmigrasjonen som eit sentralt tema. Foto: Knut Utler.