– Det er fantastisk å oppleve at stadig fleire rundt omkring i Noreg ser ut til å like det vi gjer, smiler vokalist Anne Nymo Trulsen.

Ho pustar ut etter ei lang flyreise og ein enda lengre biltur. Saman med dei andre medlemmane i Hekla Stålstrenga skal ho om nokre timar spele framfor nok eit entusiastisk publikum. Festivalspelinga på Tydalsfestivalen i Sør-Trøndelag er ein av sju spelejobbar dei gjer i sommar. Elles bruker dei dette året på å pleie familielivet, samstundes som dei planlegg nytt materiale med Hekla Stålstrenga. Tiårsjubileet vart markert med eit tingingsverk til Nordland Musikkfestuke i Bodø, framført på ein utseld konsert på Nyholms Skandse 7. august. Verket dannar grunnlaget for eit album som kjem ut i 2016.

Men no er det festivaljobb, og da handlar det om det som skal skje på scenen same kveld. Under middagen på hotellet blir låtutvalet til konserten diskutert. Nokre av overgangane sat ikkje heilt som dei skulle på den førre spelejobben, det må bli betre denne gongen. Og så repertoaret: Festival i Trøndelag betyr eit feststemt publikum, og songane må vere deretter.

– Vi kan ikkje spele både «Mi elsk» og «Tusen tankar», seier Trond Viggo Solås, medan han gjer eit innhogg i saltkjøttet frå buffeen.

– Kor mange instrumentallåtar skal vi tore å ta med? spør Ole-Jakob Larsen.

Diskusjonen rundt middagsbordet går ivrig. Kva forventar publikum seg? Kan dei prøve ut nye songar frå det komande albumet? Og kan dei verkeleg droppe songen «Er det sant»?

– Huff, vi har verkeleg altfor mange gode låtar, seier Nymo Trulsen, før ho ler høgt.

Maten er god, det same er humøret til Hekla Stålstrenga.

Ti år med Hekla Stålstrenga
TORE OM RAGNHILD: – Ragnhild er frykteleg flink til å få ting gjort. Hennar visjonære tenking kombinert med gjennom- føringskraft kjem oss andre stadig til gode. I tillegg lar eg meg etter tjue års vennskap stadig overraske og imponere over dei eineståande evnene hennar som komponist. Felespelet er det nesten ingen vits i å kommentere – det er jo, som alle veit, heilt latterleg bra.

I detaljane

Hekla Stålstrenga vart etablert av Ragnhild Furebotten og Tore Bruvoll i 2005. Ideen om ei akustisk folkrockgruppe hadde dei hatt sidan dei gjekk saman på musikklina på Kongsbakken vidaregåande skole nokre år tidlegare. Sidan studerte dei folkemusikk ved Raulandsakademiet. Dei var godt i gang på kvar sin kant med ulike musikalske prosjekt, da dei i 2005 vart spurde om å gjere noko saman under Kalottspel i Målselv. Dermed vart folkrockbandet deira endeleg ein realitet. Dei laga det første albumet Hekla Stålstrenga og fekk etter kvart ein del spelejobbar, til å byrje med mest i Nord-Noreg.

– Hekla Stålstrenga skulle vere eit band som hadde nordnorsk folkemusikk som basis, forklarer Tore Bruvoll.

Han er klar på at det ligg i botnen også i 2015. Sjølv om dei ikkje vart rike på dei første spelingane, gav arbeidet meirsmak, fortel han.

– Vi kjende med ein gong at dette kunne bli noko bra. Vi meinte vi hadde ei ganske tøff greie. Og vi kom i avisa – det hjelper jo alltid på, ler Bruvoll.

– Vi har heile tida hatt trua på prosjektet Hekla Stålstrenga, seier Furebotten. – Sidan eg og Tore kom på ideen om Hekla, har vi visst at denne musikken har potensial. Vi spelar folkeleg musikk, om ein kan seie det.

Bruvoll er einig.

– Vi kan spele for både barnehagebarn og folk i eldrebustader, på festivalar og i det tradisjonelle folkemusikkmiljøet. Eg trur eigentleg at musikken vår passar overalt, smiler han.

– Favorittsongen til borna er «Erter og sverter», ler Nymo Trulsen.

Dei andre musikarane har kome med i tur og orden etter som Tore ringde og spurde dei. Dei sa ja med éin gong – i alle fall nesten.

– Eg var først litt skeptisk, smiler Ole-Jakob Larsen, medan han smaker på den gode dessertbuffeen. – Eg ville ikkje vere med i eit band som ikkje tok koringa seriøst. Eg måtte vere sikker på at dei var innstilte på å bli så gode som mogleg – også der.

– Er det noko vi øver på, så er det koring! ler Furebotten.

Det handlar om terping, detaljar og «nerding», som Tore Bruvoll kallar det.

– Vi er utvilsamt eit betre band i dag enn i 2005, seier han. – På den første plata var det berre Ragnhild og meg, og etter kvart som dei nye medlemmane har blitt innlemma, har vi utvikla oss heile vegen. Alle er opptatt av ulike ting. Bassist Solås og trommis Larsen er svært opptatt av detaljar. All «nerdinga» vår i studioet har betydd masse for meg. Vi pushar kvarandre heile tida, tvingar kvarandre til å spele ting vi ikkje har prøvd på tidlegare.

Terping må også til denne julidagen i Tydal. Etter middagen på hotellet går vegen inn på rommet til Ragnhild Furebotten – for å øve på nettopp koring. At Furebotten har med si fem månader gamle dotter, får ikkje hjelpe. På den nye singelen «Akk o ve» har det nemleg vore noko smårusk i det siste, og det må vekk. «Kompgutta» Solås og Larsen er dei ivrigaste i koret.

– Vi gutane i gruppa er dei tre tenorar, ler Larsen, medan Bruvoll leitar fram gitaren.

Ti år med Hekla Stålstrenga
RAGNHILD OM TORE: – Tore er ein imponerande gitarist med ein stor kapasitet og rekk over mykje. Han har eit intuitivt øyre for kva som er god Hekla-musikk. Elles er han ein kjempe- god kokk, som stadig overraskar med spennande matrettar. Tore har omsorg for oss alle, han er rett og slett ein god venn!

Årets folkemusikarar

I 2014 vart Hekla Stålstrenga kåra til årets folkemusikarar under Folkelarm.

– Vi vart veldig overraska, seier Tore Bruvoll.

Vi har flytta oss til grasbakken bak scenen i Tydal der bandet ventar på å få kome i gang med dagens spelejobb. Stemninga blant medlemmane er avslappa. Bruvoll kjenner seg alltid trygg på at alle i gruppa vil gjere ein framifrå innsats. Han kan derfor ta seg god tid til å slå av ein prat om tilhøvet sitt til folkemusikken.

– Vi hadde prata litt om det ei stund. At vi følte oss litt på sidelina av folkemusikkmiljøet. Hadde vi kanskje strekt strikken litt langt med musikken vår? Derfor var det ekstra stas å få eit bevis på at vi var godtatt. Vi er jo folkemusikarar! seier han ivrig. – Men når vi arbeider med musikk, så følgjer vi hjartet, ikkje noka norm. Vi vil ikkje tvinge musikken inn i ei form. Oi, kan vi seie under ei øving, – no byrjar det å låte Hekla! Det er ein langsam prosess å lage Hekla-musikk. Om det til slutt læt som folkemusikk eller ikkje, er ikkje farleg.

– Og er det ein ting som er sikkert …, seier Trond Viggo Solås, som har vore på artistrommet og henta seg ein kaffi til snusen sin, – … så er det at i september i år er vi ikkje lenger årets folkemusikarar. Da er det nokon andre som får den tittelen. Sjølv om det er moro med sånne kåringar, må vi alltid sjå framover mot nye mål.

Måla er nye, men Bruvoll understrekar at tanken bak Hekla Stålstrenga er den same som i 2005.

– Vi har ikkje ein soleklar tanke om korleis vi skal høyrast ut. Sjølv om vi er eit nordnorsk folkemusikkband som vil skrive ny folkemusikk, inspirert av til dømes den nordnorske polsen, så er det berre ei forankring.

Éi endring er likevel verd å nemne, innrømmer Bruvoll: – Viseelementet er tydelegare i dag enn det til dømes var på den første plata vår.

Ti år med Hekla Stålstrenga
TORE OM ANNE: – Anne har ei heilt eiga evne til å kome i snakk med og bli venn med folk ho møter på sin veg. Ho kjenner fleire menneske enn nokon andre eg veit om i heile verda. Ho er ein fødd frontfigur, som klarer å gjere kva song som helst til sin eigen. Dessutan trur eg ho berre har sunge feil to gonger så lenge vi har spela saman i Hekla. Dét kan ingen av oss andre skilte med.
Hekla Stålstrenga
  • Nordnorsk folkrockgruppe. Vandrar mellom fleire musikalske sjangrar, men spelar først og fremst akustisk og energisk populærmusikk inspirert av den nordnorske tradisjonsmusikken.
  • Etablert i 2005 som ein duo med felespelar Ragnhild Furebotten frå Målselv og gitarist Tore Bruvoll frå Tromsø. Dei to har spela og komponert musikk saman sidan gymnastida i Tromsø.
  • Ved sida av Bruvoll og Furebotten består Hekla Stålstrenga i dag av Trond-Viggo Solås (Brønnøysund) på kontrabass, Ole-Jakob Larsen (Tromsø) på trommer og Anne Nymo Trulsen (Målselv) som vokalist.
  • Har gitt ut albuma Hekla Stålstrenga (2008), Makramé (2011), Dyrandé (2013) og Hjertebank: konsert med Nordnorsk Opera og Symfoniorkester (2014).
  • Komponerer gjerne eigen musikk til nordnorske tekstar. I tillegg har gruppa eit langvarig samarbeid med visesongar og komponist Ola Bremnes frå Svolvær og diktaren Helge Stangnes frå Senja. Furebotten og Bruvoll skriv òg mange låtar til bandet.
  • Laga tingingsverket til Nordland Musikkfestuke 2015 i Bodø. I juni sleppte dei singelen «Akk o ve», frå tingingsverket. Låten er òg første smakebiten på plata Ventetid som kjem ut 15. april.

Tekstleg univers

Anne Nymo Trulsen smågjespar og håpar tida fram mot konserten kan gå litt fortare. Ho har lært seg å bruke Snapchat, og viser ivrig fram bilde av «gullongen», som er igjen heime i Målselv denne gongen.

Nymo Trulsen kom med i gruppa i 2007. Først var ho vikar for Lena Kristin Ellingsen, som var med i Hekla fram til ho tok til i rolla som Karoline Ylvingen i NRK-serien «Himmelblå». Da Ellingsen fekk høyre eit opptak av songen til Nymo Trulsen, skreiv ho eit brev der ho søkte om avskil frå Hekla. Ingen passa betre som vokalist i gruppa enn Anne, meinte Ellingsen!

– Det er eg einig i, seier Bruvoll. – Anne er eit råskinn på scenen. Ho er ein utruleg formidlar og har ei fantastisk stemme. Frå 2005 og framover brukte vi litt tid på å finne både den rette besetninga og forma på korleis vi skulle gjere ting. Med Anne på laget var vi komplette.

Som syngedama i folkrockgruppa er Nymo Trulsen den næraste å spørje om tekstuniverset i musikken til Hekla. Kva syng dei om?

– Det finst ikkje noko klart svar på akkurat det, smiler ho. – Men det er særs viktig at tekst og melodi heng i hop. Sjølv er eg glad i tekstar som har tydelege bilde med store kontrastar. Tilhøve, identitet, dei store linene, det store i det små. Vi har nytta tekstforfattarar som til dømes Ola Bremnes frå Svolvær og Helge Stangnes frå Senja. Tekstane våre har eit nordnorsk lynne – «Har du fyr» er eit godt døme på det, seier ho, og viser til den kanskje største hiten deira, skrive av Ola Bremnes.

– Når vi no arbeider med ny musikk, har vi mellom anna tekstar av Tove Ditlefsen, Inger Hagerup, Frida Ånnevik og Halvdan Sivertsen, seier Furebotten.

Bruvoll legg til: – Halvdan Sivertsen seier at dei gode tekstane har mange melodiar, og at det er opp til oss musikarane å finne den rette. Det er noko i det.

Ti år med Hekla Stålstrenga
TORE OM OLE-JAKOB: – Å spele med Ole-Jakob gir ei kjensle av at ingenting kan gå gale. Om det er noko ein lurer på, anten det er midt under ein konsert eller elles, kan ein berre gløtte bort på Ole. Da veit han allereie kva det er du lurer på, og kan opplyse om korleis det er. I tillegg kan han spele alle instrumenta i Hekla bortsett frå fele.

Utruleg kjemi

Det var først etter albumet Makramé i 2011 at ting byrja å skje rundt Hekla Stålstrenga. Låtar som «Har du fyr» og «Er det sant» vart mykje spela på radio, og bandet fekk eit nasjonalt gjennombrot. Ei omfattande turnéverksemd gjorde også sitt. I tillegg skal Norsk rikskringkasting ha sin del av æra for at så mange i Noreg har fått kjennskap til dei livlege nordlendingane.

– NRK-programmet Store Studio gjorde konsertopptak med oss i Bodø i 2011. Det var viktig, seier Ragnhild Furebotten, som har fått sjekka at alt står bra til i barnevogna. – YouTube-klippet frå Store Studio med «Har du fyr» har vore vist veldig mange gonger. Den songen har gjort at mange folk har merka seg namnet vårt.

– Det var også moro at NRK laga dokumentaren «Reinhekla magi» etter konsertturneen vi hadde i Nord-Noreg i 2013, legg Nymo Trulsen til.

– Men vi har heile tida halde på med det same, meiner Bruvoll.

– Samstundes er vi heldige med timinga, meiner Nymo Trulsen. – Musikken vi spelar, er meir tilgjengeleg i alle kanalar i dag. Dessutan er det i vinden å synge på norsk, og det er mange band som bruker element frå folkemusikken. Denne bølgja er vi så heldige å vere ein del av.

Ti år med Hekla Stålstrenga
TORE OM TROND-VIGGO: – Trond-Viggo har ei slags Sareptas krukke med energi, eit uuttømmeleg lager det er umogleg å matche – anten det handlar om snikring, øving eller å vere oppe seint på kvelden. Dessutan skjer det noko magisk når basspelet til Trond-Viggo blir kombinert med trommespelet til Ole-Jakob.

Sjølv om jubileumsåret 2015 er eit relativt roleg år for Hekla, ligg dei ikkje på latsida. Ved sida av nokre konsertar arbeider dei mykje med det nye albumet sitt. Fleire låtar er allereie klare, og i juni sleppte dei songen «Akk o ve», som har vore spela mykje på radio i sommar.

– Teksten fann eg i ei diktboka av Inger Hagerup som eg kjøpte, fortel Ragnhild Furebotten. – Så hadde eg og Tore ein session heime hos meg, der vi fann fram til ein melodi vi kunne arbeide vidare med. Resten av låten laga vi med heile bandet samla. Det er ikkje uvanleg at vi gjer det på denne måten.

Familielivet krev også sitt for dei entusiastiske småbarnsmødrene og -fedrane. Men Hekla Stålstrenga er ein storfamilie, det òg, forsikrar Ole-Jakob Larsen. – Vi kan ikkje sjå for oss eit liv utan Hekla Stålstrenga. Når vi kjem saman, er det òg som å kome heim!

Bruvoll stemmer i.

– Det er litt uforklarleg kva som skjer når vi møtest. Alle saman boblar av kreativitet, og ting skjer. Vi har ein utruleg kjemi. Publikum på konsertane våre merkar det, og vi merkar det sjølve. Vi har alle masse å gjere andre stader som frilansmusikarar, men det er alltid godt å kome saman med denne herlege familien igjen, smiler han.

Larsen må minne gruppa på at det no er deira tur til å gå på scenen.

Trond Viggo Solås gjer klar kontrabassen og avsluttar: – Allereie no gler vi oss til 2016. Når den nye plata kjem, skal vi takke ja til alle dei spelejobbane vi ikkje kan ta i år. Det blir eit fantastisk Hekla-år!

Teksten vart først publisert i Folkemusikk nr. 3/2015.