Det skal mykje til å takle presset ut frå forventingar og overfylt kappleikshall i gloheit sommarvarme. Det skjer heilt plutseleg at nervane ikkje alltid er i godlage. Også årets vinnar har vore ute for det.
Men ein herdar seg til, som det heiter, og i år hadde fjorårets kongepokalvinnar Astrid Sulheim stålkontroll på båe slåttane: «Søljukolljakup» i form etter Rolv Brimi og «Prillargurislått» i form etter Amund Bjørgen og Knut Kjøk.
«Skikkeleg god spelmeinn»
Det herska liten tvil om at dette ville nå langt, eller som min svært så røynde sidekvinne uttrykte det: «Ho Astrid er skikkeleg god, gåmeil spelmeinn ho». Eg forstår kva ho meiner. Astrid Sulheim har eit opphavleg og ekte, uforfalska spel i gammal tradisjon, nærast medfødd. Ho vart tidleg god i ung alder, og har dyrka sin eigen stil og fått fram ein nerve i spelet utan tilnærming mot klassisk fiolinist.
Enkelte hevdar rett nok at ho dreg tonen litt langt ut over takt, men samla sett er doktoren og den sjølverklærte felenerden frå Bøverdalen ein genuin utøvar. Det er ikkje minst den siste cd-en hennar som kom tidlegare i år, eit godt døme på: Betre slåtteutgjeving på vanleg fele skal leitast lenge etter.
Dette var femte gongen Sulheim gjekk til topps i Fele klasse A på landskappleiken. Ho vann også gruppespel saman med Tufskrøkjun, og dotter Åste Sulheim Viken vann yngste feleklasse, veslesyster Live vart nummer sju. Så her blir arven vidareført.
Mange gode kvinner
Aslak O. Brimi kom på andreplass med 91 poeng, eitt bak Sulheim. Med heile 24 utøvarar var det ingen som «datt gjennom», som det blir sagt om å mislykkast: Ikkje meir enn 23 poeng skilde topp frå botn på resultatlista.
Kvinner stod for mange gode prestasjonar i ei jamt god, breitt representert og ei rekordstor fele klasse A. For eigen del hadde eg ikkje reagert på om tre kvinner hadde toppa lista. Britt Elise Skram, Vestnes, hadde ein nydeleg tone i to vanskelege slåttar og kom på tredjeplass, Sigrid Stubsveen, Engerdal, var også botnsolid og kom på femteplass. Fanitullvinnar Rasmus Kjorstad frå Sør-Fron splitta desse to med fjerdeplass. Litt meir undrande er eg over at Nina Fjeldet, Gausdal-Målselv, kom så langt ned som på 14. plass.
Trøysta for oss mannfolk får vera at det var tre karar i toppen på B-klassa.
Heile resultatlista for Fele klasse A og dei andre tevlingane på Landskappleiken 2023 finn du på resultat.folkorg.no.
MEIR FRÅ LANDSKAPPLEIKEN 2023:
- Tilbake på toppen: Hardingfele klasse A
- Finansminister Vedum baud opp til dans
- Død spelemann vekt til live: Fel-Jakup-konserten
- Tre brør Kjorstad kjempar om det aller gjævaste
- Kvalitet, kvantitet og mangfald: vokalklassene
- Kjeltringane lurte alle: Open klasse
- Nesten pallreprise i rik Fele klasse B
- Nokre område slit med dansen: Dansetevlingane
- Jubileumsvinnar tilbake: Knut Myrann og Ivar Schjølberg
- Jarnfrid Kjøk og Aud Laingen Hamre møtest på kappleik
- To nye heidersmedlemmer: Sigvald Rørlien og Amund Bjørgen
- Strålande dagar i Lom: arrangørane oppsummerer