Tilbake på toppen
Per Anders Buen Garnås (Spelemannslaget Bøheringen) gjekk heilt til topps ei imponerande god A-klasse, med Lars Ingar Meyer Fjeld (Spelemannslaget Vårlengt) poenget bak som nr. 2.

«Noko av det beste og mest imponerande som er levert på Landskappleiken» er gjennomgangsmelodien etter at dei beste hardingfeleutøvarane hadde vore på scena.

Deltakinga var svært god og fleire tidlegare vinnarar kom på rekke og rad. Berre tjue poeng skilde førsteplassen frå siste (i Tinn i fjor var det 19 poeng). Dessutan var fleire av utøvarane tilbake i manesjen etter nokre års fråvær.

Per Anders Buen Garnås (Spelemannslaget Bøheringen) vart honorert med 92 poeng av dommarane Synnøve Bjørset, Arne Anderdal og Arne Øygarden. Lars Ingar Meyer Fjeld (Spelemannslaget Vårlengt) kom rett bak med 91 poeng, deretter Erlend Apneseth (Indre Sunnfjord Spelemannslag) hakk hæl med 90 poeng.

Alexander Aga Røynstrand hadde sjansen til å ta tredje napp og dermed vandrepremien til odel og eige heim til Hardanger. Slik vart det altså ikkje. No har også Per Anders Buen Garnås to napp, dermed vert det ekstra spennande neste år under Landskappleiken på Gol. For øvrig har Ottar Kåsa også eit napp i vandrepremien.

 

Meir frå Landskappleiken 2023:

Tilbake på toppen
Alexander Aga Røynstrand har to napp i vandrepremien, men måtte nøye seg med åttandeplass i år. Ottar Kåsa har eitt napp, og tok fjerdeplassen.

Heile resultatlista for Hardingfele klasse A og dei andre tevlingane på Landskappleiken 2023 finn du på resultat.folkorg.no