Fele C, vokal C, dans fele C, lagdans junior og senior, lagspel junior og senior, samt open klasse, er klasser som har Hanne og Synne Kjøk på deltakarlista. Dei skal delta i heile åtte klasser under Landskappleiken på heimebane i Lom.

I fjor stilte dei i seks klasser, så årets deltaking er rekord for dei to. Open klasse har dei aldri delteke i tidlegare. Der skal dei stille med gruppa Feristun, som er folkemusikklassa dei går i på Vinstra vidaregåande skule.

– Me har lyst til å vere med og opptre mest mogleg på kappleiken, og sidan det er siste år som junior er det om å gjere å stille mange gonger, fortel Synne Kjøk.

Både ho og systera skal også vere frivillige under kappleiken, og i tillegg skal dei vere med på ein konsert om fredagskvelden.

Det blir med andre ord mykje å øve på fram mot kappleiken. Og etter at dei var ferdige med å øve til matteeksamen tidlegare i mai, blei det meir tid til å konsentrere seg om kappleiksøving, fortel Hanne Kjøk.

Tilbake til gammalt påmeldingsnivå på Landskappleiken
«Sidan det er siste år som junior er det om å gjere å stille mange gonger,» seier Hanne og Synne Kjøk. Dei skal delta i heile åtte klasser under Landskappleiken på heime- bane i Lom. (Foto: Nils Petter Lotherington)

Nøgd tevlingssjef

Tevlingssjef på Landskappleiken Kjellbjørn Karsrud er godt fornøgd med påmeldinga til kappleiken i år. Det er 468 startnummer og totalt 1470 deltakingar. 918 unike deltakar vil dukke opp i Lom.

– Me har like mange startnummer som på dei best besøkte kappleikane på 2010-talet, som Fagernes i 2015 og Vågå i 2019. Det er også 200 fleire unike deltakarar enn på Rjukan i fjor, noko som tyder på at det kjem bra med folk, seier han.

I fjor var det 410 startnummer på Landskappleiken, med totalt 1190 deltakingar. Landskappleiken i 2019 hadde 467 startnummer og 1595 deltakingar, kan Live Visdal i FolkOrg opplyse om. Der blei også den førebelse rekorden i unike deltakar sett, med 992.
Kjellbjørn Karsrud meiner det er fleire faktorar som spelar inn med tanke på deltaking, men at Lom ligg geografisk bra til, er han sikker på.

– Det er ofte god deltaking når Landskappleiken er i Gudbrandsdalen. Me er plassert midt mellom fleire sentrale distrikt, seier Karsrud.

«Det er ofte god deltaking når Landskappleiken er i Gudbrandsdalen.»

Kjellbjørn Karsrud, tevlingssjef Landskappleiken 2023

FolkOrg opererer med to ulike fristar for påmelding til Landskappleiken. På den første fristen er det ein startpris for påmelding av juniorar på 200 kroner, medan seniorar må betale 300 kroner. Ved andregongspåmelding er prisen halvert uansett alder. Etter den første påmeldingsfristen, aukar prisen med 100 kroner per første påmelding. Den endelege fristen var i år 22. mai.

– Før den første fristen, er det ein del spelemannslag og danselag som melder seg på. Det er nok praksis i mange lag at laga betaler startkontingent, og då er det ein del pengar å spare om ein melder seg på tidleg. Så er det heller folk som stiller i soloklassene, og spesielt i A-klassene, som dreg det ut i det lengste før dei melder seg på. Mange går nok og vurderer om dei er klare til å tevle i år og tenkjer at dei skal få øvd litt før dei ser om dei skal delta, seier Karsrud.

Tilbake til gammalt påmeldingsnivå på Landskappleiken
Det er ofte god deltaking når Landskappleiken er i Gudbrandsdalen, som ligg plassert midt mellom fleire sentrale distrikt, seier tevlingsleiar for årets landskappleik i Lom, Kjellbjørn Karsrud. (Foto: Thor Hauknes, FolkOrg)

Uroa for Hardingfele C

Han er godt nøgd med at så mange stiller i feleklassene. I Fele A er det 24 påmelde.

– Eg har statistikk attende til 1997, og aldri har det vore så mange påmelde i denne klassa. Det er også god påmelding i Hardingfele A og B, særleg med tanke på at Gudbrandsdalen er eit vanleg fele-distrikt. Me har også god påmelding i årets kongepokalklasser, eldre folkemusikkinstrument og halling, fortel han.

Tala ligg elles høgt i Open klasse, med 25 startnummer. Lagspel og lagdans har også mange innslag.

Sjølv om tala for Landskappleiken i år generelt er positive, har Karsrud også gjort seg nokre observasjonar av piler som peikar i negativ retning.

– Personleg tykkjer eg utviklinga i Hardingfele C er bekymringsverdig. I mange år låg deltakartalet der mellom 20 og 30 stykk. No er det nede på åtte. Me veit at det blir jobba godt med rekruttering mange stader, men det krev ein del å bli kappleiksklar felespelar, ikkje minst den erfaringa og rutinen ein kan få ved å stille på lokalkappleikar. Dette har nok vore skadelidande under koronaen, men det er nok ikkje heile forklaringa. Det er ei påminning om at rekrutteringsarbeidet må gå kontinuerleg og der me alle har eit kollektivt ansvar, seier han.

Han skulle også gjerne sett at deltakinga i durspel var høgare, då Gudbrandsdalen er eit distrikt der instrumentet står sterkt.

Gjeld å finne ein god springleik

Synne og Hanne Kjøk er vande med å bli vurdert på hovudinstrumentet på musikklinja og veit korleis det er å få karakter på spelet sitt. Tevlinga på Landskappleiken er noko dei berre synest er moro.

– Det er litt spennande å sjå kor mange poeng ein får. Men det er ikkje det som er viktigast – det viktigaste er å ha det artig når ein spelar og dansar, fortel dei, og legg til at poengsummar og plasseringar kan vere ein motivasjon til å øve hardare til neste kappleik.

Kva dei skal framføre, blir nokre gonger bestemt eit par dagar før, andre gonger lang tid i forvegen.

– Det gjeld å prøve å finne ein god springleik som er fin og god å danse til, så me får vist fram tradisjonen vår, fortel Synne Kjøk.

«Det gjeld å prøve å finne ein god springleik som er fin og god å danse til.»

Synne Kjøk, tevlar i åtte klasser på Landskappleiken 2023

I det daglege er systrene god støtte for kvarandre, og dei høyrer på kvarandre og gir kvarandre tilbakemeldingar.

– Det er for å få den andre til å bli betre, ikkje for å tråkke den ned, seier Synne Kjøk og får støtte av systera Hanne som seier:

– Det gjeld å oppmuntre den andre til å ville opptre vidare.