Tekst: Trond-Ole Haug og Arne Sigurd Haugen.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk, som gjekk av stabelen på Oppdal 19.—22. juli, vart den største til nå. Talet på deltakarar og tilhøyrarar har aldri vore større. I alt deltok bortimot 1000 musikarar i tevlingar og dansespel. Med 17.000 tilhøyrarar er det ingen tvilom at festivalen vart både ein publikums- og økonomisk suksess. Arrangørane reknar med eit overskot på bortimot 500.000 kroner! Det arrangementstekniske var også svært så solid, noko dei lokale arrangørane fortener stor ros for. 

Ekstra gledeleg er det at eit storarrangement som dette går så eksemplarisk føre seg. Vakthavande ved Lensmannskontoret under festivalen kunne melde om sju telefonar i løpet av festivalen, og ei blokk praktisk tala utan påskrift! Og det må ein seia er utruleg når så mykje folk samlast på ein plass.

Gudbrandsdalsdominans 

At Gudbrandsdalen står sterkt i trdisjonell runddansmusikk, viser resultata også frå Landsfestivalen i år. I klassa for lagspel, som hadde 28 startande lag, gjekk alle medaljene til Gudbrandsdalen. Sør-Fron Spelmannslag kopierte bedrifta frå i fjor, og stakk av med gullet. Lom Spelmannslag, som vart nummer fire i fjor, tok denne gongen sølvet, medan fjorårets sølvvinnar, Vågå Spelmannslag, i år tok bronse. 

Av dei seks finalelaga kom Honndalstausene, arrangørlaget Oppdal spelemannslag og Spelemannslaget i BUL-Nidaros på dei neste plassane. 

Visdals kvintett 

Av dei 58 gruppene som stilte til start gjekk seks til finalen. Og som i lagspel, dominerte Gudbrandsdalen også her ved å ta dei fem første plasseringane. Heilt til topps gjekk Visdals kvintett frå Vågå, dei vart nummer 6 i fjor. Sølvet gjekk til fjorårets bronsevinnar, Grindstuen og Midtlis gammeldansorkester frå Sel. Og bronsemedaljene var det sølvvinnarane frå i fjor, Vågå Toradergruppe, som tok. På fjerdeplass finn vi Odde og Koldens orkester frå Lom, som deltok for første gong i år.

Ulens kvintett frå Sel, som har vunne Landsfestivalen tre gonger tidlegare, kom i år på femteplass. Og på sjetteplass finn vi dei første ikkje-gudbrands-dølane, nemleg Tælahiv frå Levanger. 

Bekkeseth for fjerde gong! 

Ole Runar Bekkeseth frå Veggli gjorde litt av ei bragd, ved å vinna juniorklassa i torader for fjerde gong! Frå før har han toppa resultatlistene både 86, 87 og 88. I fjor deltok han ikkje. Sølvmedalja gjekk til Aaste Kveseth frå Miland, medan fjorårsvinnaren Rune Bergheim, Aurland tok bronse. Dei to siste finalistane var Bård Leversund, Naustdal og Harald Undheim, Undheim. 

Torader senior 

Øystein Nicolaisen frå Heggenes tok gull i torader senior, slik han gjorde på Fagernes i fjor. Sølvet gjekk til Olav Haugen, Lom, medan meisteren frå Vinstra 88, Terje Hong, Tretten vart nummer tre. Oddgeir Hårstadhaugen, Gausdal og Stig Øien Nilssen, Løten vart nummer fire og fem. 

– Eit positivt problem 

– Det er eit positivt problem at Landsfestivalen i gammaldansmusikk har fått nærare 1000 deltakarar, sa leiaren i Landslaget for Spelemenn, Sigmund Eikås, i opningstalen sin på Oppdal. 

– Om festivalen er ny, så er musikken gammal. Det viktigaste for oss i Landslaget for Spelemenn er å ta vare på dei lokale tradisjonane, sa Eikås mellom anna. 

Han nytta høvet, både ved opninga av festivalen og seinare ved avslutninga, å understreka det store arbeidet Oppdal Spelemannslag har lagt ned med førebuingane til den vellykka festivalen. 

Seks årsverk 

At festivalen vart så vellykka, var ikkje tilfeldig. Dei lokale arrangørane har gjort ein kjempejobb. 

– Vi har brukt rundt 7.000 timar for å planleggje arrangementet. Det skulle bety om lag 6 årsverk, seier festivalgeneral Ottar Olsen. 

– 268 personar har vore engasjerte arbeidet med landsfestivalen, 54 på sjølve arenaen, 104 har arbeidd med økonomi, kjøkken , kafé og informasjon. Vidare har 30 vore opptekne med tevlingane – med utrekning, avvikling og EDB-teneste. Endeleg har 80 arbeidd med underhalding. I tillegg kjem hjelpekorpsmannskapa, som har jobba med parkering og camping, opplyser Olsen.

Økonomisk suksess 

Med eit publikumstal på rundt 17.000 vil vi koma svært godt ut av det etter festivalen, seier Olsen tilfreds, og held fram: 

– Så langt vi har oversikt til nå, ser det ut til at vi blir sitjande att med ein netto på bortimot 500.000 kroner, der 60 % tilfell lokal arrangør og 40 % går til Landslaget. 

Større og større 

Landsfestivalen slår stadig betre an både hos deltakarar og publikum. Det tyder i alle fall tilstrøyminga på. Auken i tilstrøyminga er stor frå år til år. Om lag 5000 fleire besøkte festivalen i år enn på Fagernes i fjor. Talet på deltakarar er og betydeleg aukande. Til tider var faktisk idrettshallen på Oppdal for liten. Særleg gjaldt dette Meisterkonserten på søndag, da ikkje alle slapp inn. 

Fin framferd 

Trass i den store mengda folk, gjekk arrangementet på Oppdal knirkefritt føre seg. Vakthavande ved Lensmannskontoret, Asbjørn Liberg, kunne opplyse på pressekonferansen etter at det heile var over, at kontoret hadde hatt 7 (sju!) telefonar i løpet av festivalen, og at fem personar hadde vorte tilsnakka, men ingen av desse tilhøyrde gamaldansmiljøet. 

– Og meir har eg ikkje på blokka mi, sa ein tydeleg tilfreds vakthavande. 

Musikalsk nivåheving 

– Det musikalske nivået blir høgare år for år. Eg trudde nivået måtte ha nådd opp imot toppen, da eg var dommar på Fagernes i fjor. Men det viser seg at det ber rett til himmels. Og særleg må ein bli imponert over dei mange unge utøvarane, både blant toradersolistane og elles. 

– Det har vore eit utruleg høgt nivå på spel både i grupper og lag i år. Det er tydeleg at det blir jobba godt rundt om i landet. Det er og ein aukande tendens til at folk tek seriøst fatt i sine eigne lokale tradisjonar.

Det var ein av domarane under Landsfestivalen på Oppdal, Oddbjørn Ramstad frå Skjåk/Kaupanger, som på vegne av seg sjølv og domarane oppsummerte situasjonen slik på pressekonferansen etter at festivalen var avslutta. 

Når det gjeld solistklassane på durspel, var ikkje Ramstad berre positiv. Her trengs det ei aukande bevisstgjering om lokale tradisjonar, sa han, og meinte å ha registrert slurv og lettvint omgang både med slåtteformer og kjelder. 

– Og eg skulle ynskje at utøvarane vert meir opptekne av å ta vare på særpreget ved durspelet. Vi må ikkje øydeleggje dette særpreget ved å spela femradermusikk på toraderen, sa Ramstad. 

Dømminga 

Som alltid når musikkprestasjonar skal vurderast med poeng og rangerast, kjem diskusjonen i gang. Så også denne gongen, og noko meir i år enn etter tidlegare landsfestivalar. 

Særleg har diskusjonane denne gongen gått på gruppespelet. Mange kritiske røyster har stilt spørsmål ved utplukkinga av finalistane. Men slik vil det alltid vera. Meiningane er mange. Sikkert er det i alle høve at det er domarane Som dømmer, og dei er suverene. 

Ei side ved dommarpraksisen bør i alle høve LfS endre: Også finalistane må få dommarkommentar. Det bør dei ha krav på, for å kunne bli enda betre.