VELLUKKA LANDSKAPPLEIK I SOGNDAL

Landskappleiken i Landslaget for spelemenn og dansarar saman med Sogn Spelemannslag vart ein storfest av dei sjeldne, med rekord-deltaking både av tevlarar og publikum, som hadde funne vegen til Sogndal i eit fint solvêr og ein storslått natur innover Sognefjorden. Ei virkeleg naturoppleving, ein aldri gløymer. Det var og ei mengd med utanlandske turistar i Sogndal som fekk vera med på denne stormønstringa av ekte norsk kultur, med bunadskledde spelemenn og dansarar frå alle kantar av landet.

Dei filma og fotograferte, for motiv var det nok av. Det var dans og felespel over alt kvar ein gjekk, utanom tevlingane. Formannen i L.F.S. Jon Stuvøy sa det slik: 

– Det er ikkje berre for å kappast at folk frå nord og sør, aust og vest, set kvarandre stemne på landskappleikane. Landskappleikane rømer så mangt. Her er venskapeleg kappestrid framfor levande interessert publikum. Her er spel og dans i kvar busk. Men kanhende er landskappleiken fyrst og fremst møte mellom gamle vener og eit høve til å knyta nye venskapsband. I kvar busk ja. 

Stuvøy meinte ikkje dette bokstaveleg. Men han viste av røynsle at fela ville låta og dansen ville bli trødd over alt der det fanst spelemenn og folkedansarar denne helga.

– Det er meir enn eit år sidan det vart vedteke at landskappleiken 1971 skulle haldast i Sogndal», fortalde formannen i Sogn Spelemannslag og formann i tilskiparnemnda, Svein Skjerdal. 

Sjå programmet frå Landskappleiken i Sogndal her.

– Vi har med andre ord førebudd oss i mange månader på dette store arrangement. Mellom 40–50 personar har vore engasjert for å ta seg av opplegget. Føremålet med kappleikar av dette slaget er å syna breidda av den folkemusikk og folkedans som vert halden ved like her i landet, sa Skjerdal. 

– Vi vonar og å kunne skape større interesse for folklore, noko som i stor grad har lukkast i den seinare tid. Eg trur grunnen mellom anna er den, at dei som tek aktiv del anten i folkemusikklivet eller i folkedansen etter kvart har teke i bruk moderne verkemidlar for å gjera kjent kva folkelore eigentleg er.

Ja, skal ein døma etter dei store publikumtilstrøymingar og det store frammøte av tevlarar, som aukar for kvart år, så viser det eit stigande behov for slike kappleikar og stemner. Folk flest har no fått auga opp for denne kultur skatten og finn verdi i han.

Årsmøte i Landslaget for spelemenn, som var fyrste post på programmet, vart opna i banksalen i Sogndal fredag klokka 9, med stor tilslutnad av utsendingar og tilhøyrarar. PR.-mannen Jon Ryssdal, som på vegne av Sogn Spelemannslag ynskte alle velkomen, og han bar fram ynskje om eit godt årsmøte. Formannen i L.F.S. Jon Stuvøy, takka for dei gode ynskje og vona at vedtaka vil verta til gagn for saka. Jon Stuvøy vart attvald til formann i L.F.S. og elles vart dei andre styresmedlemmar framleis i styret, som er: Jostein Mælnad, Voss, Hallgrim Berg Oslo, Jon K. Nordibø, Kjevik, og Inge Gotland, Oppdal. Viser elles til ref. ein annan stad i bladet.

Leif Rygg var høgt oppe på premielista i hardingfeleklassa. 

Etter årsmøtet var alle utsendingane til lunsj på Sognatun kafe, der Sogndal herad var vertskap. Jon Rysstad leia den hyggelege bordsæte som alle sette stor pris på. Jon Skjeldestad spela piano heile tida, medan praten gjekk. Jon Stuvøy takka vertskapet for maten. Etter ei pause vart så landskappleiken 1971 opna i Idretshallen av ordf. Nils J. Knagenhjelm. Salen var fint pynta og fullsett. Radio og fjernsyn var på plass for opptak, med Rolf Myklebust og Lise Foss i «teten». Sogn Spelemannslag spela eit opningsnummer, før Richard Hilde presenterte formannen i hovudnemnda, Svein Skjerdal. Han sa at no er det ingen veg attende, men alle i Sogn og Sogndal har gått så heil hjarta inn for landskappleiken at det skulle ikkje vera nokon fare på ferde. Han ynskte alle velkomen til Sogn og Sogndal og vona vina på ein triveleg landskappleik.

Formannen i L.F.S. Jon Stuvøy, kom inn på dei rike tradisjonane i Sogndal og at folkemusikken har sitt utspring i bygdemiljøet og ein nær kontakt med naturen. Ordf. Nils J. Knagenhjelm sa m.a. at de som er med her og kjempar representerar eit naturleg overskot som me har så god trong for no i vår mekaniserte tidsalder. De er med og tek vare på ein tradisjon som me heldt på å missa for alltid. De gjer ein innsats ved å halda oppe tradisjonen som ei motvekt mot utanlandsk påverknad med pop og stereo.

Maria Høgetveit Berg var ein av tre vinnarar i vokalklassa.

Me har sett korleis nett popmusikarane har gått til dei reine kjeldene etter stoff — folkemusikken og folkevisene er vorte pop-musikk-paradoksalt nok. Ordf. Knagenhjelm fann det og naturleg å stogga litt ved det som hende i midten av førre hundreåret då Ludvig Mathias Lindemann drog i dalane våre og samla melodiar og slåttar som hadde halde seg levande like frå seinmillomalderen. Han greidde å samle kring 1000 melodiar frå Gudbrandsdalen, Valdres og i Telemark. 

Ein kan trygt seia at dette inn samlingsarbeidet som seinare vart utgjeve som «Ældre og nyare Fjeldmelodiar» skulle koma til å gje grunnlaget for det nasjonaliseringsarbeidet som både Kierulf, Nordråk og Bull presenterte innan musikken og som også Grieg og Svensen gjorde seg nytte av. Det var på denne tida våre mest kjende spelemenn dukka opp. Det var Knut Lurås og broren Øystein, båe kjende rosemålarar, Håvard Gibøen og ikkje å gløyma Myllarguten eller Tarjei Augunsson, som var døypenamnet. Vidare sa Knagenhjelm at samanlikna med andre land er me fattige på tradisjonar og di viktig are er det å ta vare på det som enno er att.

Folkemusikken som de er forkjemparar, for den står i direkte kontakt med openberringar i naturen, den går ikkje nokon omveg. Og desse merkelege toneartar som me skal få høyra i dagane som kjem vil føra naturen rett inn i sjela vår. Med desse orda sa ordførar Knagenhjelm Landskappleiken 1971 vor opna.

Bjørn Odde vann med Hans W. Brimi sin komposisjon “Skilnadsgrauten”.

Deretter tok Richard Hilde over som ordstyrar og delvar klart for å setja i gang første tevling, som var spel i klassane D og C. Deretter var det spel på eldre folke musikkinstrument og kveding.

Fredag kveld var det eit fint kulturprogram i Idretshallen, som var fint pynta og fullsett av tilhøyrarar. Sogn Spelemannslag opna med ein slått frå Sogn: Årdalsvalsen. P.S. Hjermann fekk så ordet og fortalde ei interesant soge om folkemusikk og folkedans i Sognbygdene fram gjennem tiderne. Han bandt dette saman på ein ypperleg måte, trass i sine 80 år.

Det var vekselvis framsyning av dans og spel frå dei einskilde Sognebygder. Det vart såleis eit godt samansett program. Seinare på kvelden var det folkedans i Solhov og på Folkehøgskulen.

Laurdag kl. 10 var det tevling i spel kl. B. Nyskaping og Lagspel i Idretshallen. Samstundes var det tevling i dans kl. B, C og D. På Folkehøgskulen. Kl. 17, var det tevling i spel kl. A i Idrettshallen og den var då fullsett av stemnedeltakarar, for det er nå eigong slik at klassene A. i både spel og dans trekker mest publikum. Dei som sto for avviklinga av alle desse tevlingane i alle klassar, hadde ei stri tørn då det var så mango tevlarar, og ikkje altid var dei som skulle delta, på plass .Dei måtte ofte etterlysast og det seinkar, då tida vil verta vor knapp og programmet sprengt. Men leiarane dirigerte alt saman på ein mesterleg måte. Om kvelden var det så folkefest att vil langt ut i dei små timar .

Sundag var det siste dagen pu dette stemna og dagen tok til med Gudsteneste i Stodje kyrkje der kallskapp. Stubbhaug tala, og det var vel ikk/e så ofte han har hatt ei så «internasjonal» forsamling framføre sog. Etter messa var det bunadtog frå stemnekontoret til Idrettshallen, med spelemenn i spissen eit fint innslag i festbyen i det fine veret og med alle flagg på topp til ære for dette storstemne. I Idrettshallen skulle då siste tevling avviklast. Det var dans kl. A. Det vrimla med dansepar rundt over alt som dreiv med øving og eit «pauli» ord til sine partnarar.

Torleiv Bolstad vann hardingfele klasse A, trass i at han rauk ein streng på andre låtten og måtte koma oppatt og spela låttten på nytt.

For det er vel ikkje til å nekte at nervene er ikkje gode å halde styr på føre ei slik tevling. Inne i salen var det ei stor festkledd og feststemt forsamling, ferdig til å ta imot inntrykk og til å få sjå på all denne fine folkedansen frå dei ymse deler av landet.

Om kvelden var det premieutdeling i Idrettshallen. Og her var det samla om lag 12—1300 då Svein Skjerdal, Richard Hilde og Toralv Eldegard opna med å spela ein Sogneslått. På scena var det eit rikhaldig premiebord, med m.a. ein del fargeglade tresnitt, laga av Knut Rumohr særskilt til denne kappleiken. Utanom desse verdfulle tresnitta hadde premiebordet ein verdi av nærare 15000 kroner. Jon Rysstad takka for alle dei fine premiane tilskiparane hadde fått, og han hadde ei helsing frå kunstnaren Knut Rumohr, som diverre ikkje kunne få vera med, då han måtte ein tur til København. Men som han sa, er Rumohr levande oppteken av arbeidet for folkemusikk og dans.

Rysstad fortalde elles at Sjur Hesjevoll, Jostedal, hadde ansvaret for nokre av premiane, medan Kolbein Homme dal, Vossestrand, hadde laga nokre av dei utskorne tinga. Ein gjekk så rett over på premieutdelinga, som på ein lun måte vart leia av Svein Skjerdal. I dans var det uvanleg tett, og det har ikkje vore dømt så strengt på nokon landskappleik før, vart det sagt. Trass i dette var klassane jamne, men førstepremie-grensa vart sett høgt. Alle klass ane hadde jamn og fin kvalitet. I spel låg kvaliteten høgare enn på mange år i klassane A. og B. og god rekruttering i kl. C. Så domarane hadde ingen lett oppgåve. Ein får vone at alle deltakarane var nøgd med sine plassar i rekkja, for domarane gjer sitt alle beste.

Sogn Spelemannslag kom vel frå den store tilskipinga etter iherdig innsats, og kan no pusta letta ut. Formann i hovudnemnda. Svein Skjerdal sa det slik etterpå: 

– Det gjekk greitt, tykte eg, og eg meiner me kom vel frå oppgåva. 

Ja, det gjorde de virkeleg! Sogn Spelemannslag med alle sine medhjelparar har all ære av denne stor mønstringa. Og så, er Landskappleiken 1971 gått over i soga, og vi sier «vel blåst» og «over til» Gol i Hallingdal 1972.

Premielista frå Sogndal

PREMIELISTE, DANS KLASSE A:

  1. premie: 

Birgit Dahle og Kjetil Olesrud, Rjukan, Tinn springar 86 pg. 

Birgit Dahle og Kjetil Olesrud, Rjukan, Gangar 84 ½ pg. 

Anders Anmarkrud, Valdres, Halling 84 pg. 

Torill Stave og Torleif Stave, Ål, Hallingspringar 84 pg.

Svanhild Drøsdal og Steinar Drøsdal, Bergen, Vestlandsspringar 83 1/2 pg. 

Thomas Stensgård, Gol, Halling 83 pg.

Kari Westerberg Brennesvik og Oie Rodegård, Nesbyen, Hallingspringar 82 pg. 

Elina Hesjevoll og Oddbjørn HesjevoiI, Jostedal, Jostedalssprongar 81 pg. 

Ragnhild Vindegg og Thomas Stensgård, Gol, Hallingspringar 81 pg.

DANS KLASSE B:

2. premie: Ranveig Winjum og Kjell Stensrud, Oslo, Vestlandsspringar 69 1/2 pg. 

Ingrid Ølnes og Karl Erik Ølnes, Sogndal, Rudl 69 pg. 

Reidun Gothi og Kristian Ihle Hanto, Telemark, Telemarkspringar 67 pg. 

Henny Langåsdal og Bjarne Hestnes, Oslo, Vestlansspringar 66 pg. 

Erna Skjerdal og Svein Skjerdal, Sogndal, Springar frå I. Sogn 66 pg.

Lillian Tveiten og Per Øyvind Tveiten, Bergen, Vestlandsspringar 65 pg.

3. premie: Randi Før, Slidre, Halling 64 pg. 

Sigrun Nesdal og Sigurd Nesdal, Oslo, Gamal Bonde. 64 pg. 

Liv Gunn Bjotveit og Olav Bjotveit, Bergen, Rudl 64 pg. 

Brita Gjerde og Sjur Gjerde, Jostedal, Jostedalsspringar 63 1/2 pg. 

Aud Manheim og Harald Manheim, Seljord, Telespringar 63 pg.

Knut Viko, Gol, Halling 63 pg. 

Rolf Bjørgan, Oslo, Halling 62 pg. 

Helga Solbakken og Gunnar Ness, Drevsjø, Turpols frå Ø.dal 62 pg. 

Ingebjørg Dregelid og Håkon Dregelid, Voss, Rudli 61 pg. 

Gerd Karanes og Knut Thoresen, Oslo, Vestlandsspringar 61 pg.

DANS KLASSE C:

1. premie: Guri Dale og Arne Midtun, Granvin, Sørfj.springar 70 pg. 

Ingvild Margrethe Bakke og Olav Sletto, Torpo, Halling springar 69 1/2 pg. 

Ingar Ranheim, Fagernes, Halling 69 pg.

2. premie: Olav Sletto, Torpo, Halling 64% pg. 

Knut Øystein Bakken, Fagernes, Haling, 61% pg. 

Geir Ove Hippe, Ulnes, Halling 59 1/2 pg.

Oppmuntringspremie: Bjørn Strand, Fagernes, Halling. Syvert Gjevre, Fagernes, Halling, Harald Bakken, Fagernes, Halling.

DANS KLASSE D.

2. premie: Ingeleiv Berget og Niri Berget, Flesberg, Numedalsspringar 63 pg. 

Berthe Sand og Reidar Sand, Flesberg, Numedalsspringar 62 pg.

KASSE D, VANLEG FELE:

1) Peder K. Staurset, Molde 2. pr. 169 p. 

2) Thomas Strømmen, Vågstrand 3. pr. 135 p. 

3) Knut Olderløkken, Lalm 3. pr. 135 p.

KLASSE D, HARDINGFELE:

1) Halvor Sørsdal, Bergen, 1. pr. 224 p. 

2) Endre Bleie, Nå 1. pr. 205 p. 

3) Lars Velure, Grimo 1. pr. 204 p. 

4) Asbjørn Sunde, Naustdal, 2. pr. 170 p. 

5) Johan Lien, Bergen 2. pr. 169 p. 

6) Einar Spildo, Granvin 2. pr. 167 p.

7) Sigurd Bruflat, Naustdal 3. pr. 157 p. 

8) Per Lie, Fjell 3. pr. 155 p. 

9) John Wiken, Fagernes 3. pr. 141 p. 

10) Arnfinn Kvammen, Odda, Minnepremie 95 p.

KLASSE C, VANLEG FELE:

1) Tove Halbakken, Oslo 1. pr. 252 p. 

2) Jørn Halbakken, Oslo 1. pr. 250 p. 

3) Jan Bjørkås, Oppdal 2. pr. 209 p.

KLASSE C, HARDINGFELE:

1) John K. Bondal, Tuddal 1. pr. 253 p. 

2) Knut Hamre, Granvin 1 .pr. 252 p. 

3) Geir Harald Fodnes,. Fagernes 1. pr. 245 p. 

4) Aksel Heienberg, Bergen 1. pr. 242 p. 

5) Olav Breivegen, Hovden 3. pr. 171 p. 

6) Arve Takle, Brekke, Minnepremie.

ELDRE FOLKEMUSIKKINSTRUMENT:

Seljefløyte: Dagfinn Nupen, Ørsta 1. pr. 116 p.

Tussefløyte: Geir Egil Larsen, Verdal 1. pr. 220 p. 

Arne M. Sølvberg, Fjelli 1. pr. 215 p.

MUNNHARPE:

1) Hallgrim Berg, Oslo 1. pr. 117 pts. 

2) Martin Sælid, Fagernes 8. pr. 104 pts. 

LUR:

Dagfin Nupen, Ørstad, 2. pr. 104 p.

KVEDING:

1) Maria Høgetveit Berg, Oslo 1. pr. 105 pts. 

1) Margretha Opheim, Voss 1. pr. 105 pts. 

1) Anna Lunde, Hornindal 1. pr. 105 pts. 

4) Bjarne Øvrebø, Åmotdal 1. pr. 103 pts.

VANLEG FELE KL. B:

1) Fritjov Sole, Oslo 1. pr. 255 p. 

2) Sverre Bjørkås, Oppdal 1. pr. 253 p. 

3) Ellef Hjellbakk, Stranda 1. pr. 250 p.

4} Kolbjørn Halse, Ålvundeid 1. pr. 249 p. 

5) Sverre Halbakken, Oslo 2. pr. 242 p. 

6) Per Bjørkheim, Lalm 2. pr. 239 p.

7) Gunnar Bjerkås, Oppdal 2. pr. 238 p. 

8) Inge Godtland, Oppdal 2. pr. 238 p. 

9) Olav Hjellvik. Vågstranda 2. pr. 233 p. 

9) Olav Hjellvik, Vågstranda 2. pr. 233 p.

10) Bergtor Gjerde, Molde 2. pr. 231 p. 

11) Jo Gjermunds, Engerdal 2. pr. 230 p. 

12) Olav Klakegg, Stranda 2. pr. 2. pr. 229 p. 

13) Johan Dalsegg, Hundorp 2. pr. 222 p.

14) Magnus Hagen, Molde 2. pr. 221 p. 

15) Lars Kvehaugen, Leirflata 3. pr. 218 p. 

16) Leidulv Stekkeland, Molde 3. pr. 216 p. 

17) Rolf Sletten, Lalm 3. pr. 212 p. 

18) Eirik Lund, Soknedal 3. pr. 207 p.

KLASSE B, HARDINGFELE:

1) Erling Kroken, Hornindal 1. pr. 266 p. 

2) Ola Grihamar, Skogstad 1. pr. 265 p. 

3) Jostein Fjærestad, Vik 1. pr. 262 p. 

4) Arne M. Sølvberg, Fjelli i Nfj. 1. pr. 260 p.

5) Svein Løndal, Tuddal 1. pr, 257 p. 

6) Johannes Sundsvalen, Holtås i T. 1. pr. 256 p. 

7) Sigmund Eikås, Eikås 1. pr. 255 p. 

8) Eilef Eilefsen, Porsgrun, 1. pr. 253 p. 

9) Sigurd Skrindo, Ål 2.pr. 250 p. 

10) Daniel Jordal, Odda 2. pr. 244 p. 

11) Richard Hilde, Sogndal 2. pr. 243 p. 

12) Leikny Aasen Rogne, Longva 2. pr. 239 p. 

13) Svein Skjerdal, Sogndal 2. pr. 237 p. 

14) Bjarne Mæland, Voss 2. pr. 236 p. 

15) Knut Sandnes, Årdal i Jølster 2. pr. 224 p. 

16) Per Øyvind Tveiten, Bergen 2. pr. 222 p. 

17) Einar Eimhjellen, Fimlandsgrend 2. pr. 221 p.

18) Arne Holth, Gol 3. pr. 212 p. 

19) Arvid Jakobsen Myhre, Vang. i V. 3. pr. 159. p.

HARDINGFELE KL. A:

1) Torleiv Bolstad, Kolstad, Valdres 1. pr. 273 p. 

2) Hauk Buen, Jondalen 1. pr. 271 p. 

3) Knut Myrann, Nes 1. pr. 270 p. 

4] Einar Lønndal, Tuddal 1. pr. 267 p. 

5) Leif Rygg, Ål 1. pr. 264 p. 

6) Lars Skjervheim, Voss 1 .pr. 261 p.

8) Finn Vabø, Bergen 1. pr. 258 p. 

9] Torkjell Tveiten, Nesflaten 1. pr. 254 p. 

10] Andris Dahle, Østre Slidre 1. pr. 243 p. 

11] Ragnvald Lunde, Hornindal 2. pr. 232 p. 

11] Oddmund Dahle, Bergen 2. pr. 232 p. 

13] Sjur Hesjevoll, Jostedal 2. pr. 227 p. 

13] Olav Sire, Torpo 2. pr. 227 p.

VANLEG FELE KL. A:

1] Bjørn Odde, Garmo, NRK gavepremie 1. pr. 266 p.

2] Amund Bjørgen, Lom 1. pr. 264 p. 

3] Reidar Skjelkvåle,

Oslo 1. pr. 258p. 

4] Hans H. Holen, Vågåmo 1. pr. 254 p.

5] Ola Oppheim, Vågåmo 1. pr. 253 p. 

6] Tore Jørgen Rødølen, Otta pr. 253 p. 

7] Petter Eide, Lalm 1. pr. 248 p.

8] Jens Synnes, Sjøholt 1. pr. 245 p. 

9] Petter Berli, Valldal 1. pr.2 44 p. 

9] Ivar Schølberg, Vågåmo 1. pr. 244 p.

11] Kristian Gården, Vågå 1.pr. 243 p. 

12] Ragnvald Lunde, Hornindal 1. pr. 240 p. 

13] Knut Kjøk, Oslo 2. pr. 233 p.

14] Øyvind Skogum, Lalm 2. pr. 232 p. 

15) Jørgen Westerhaug, Oslo 2. pr. 225 p.

NYSKAPNING:

1) Ivar Schølberg, Vågåmo 2. pr. 102 p. 

2) Jørgen Westerhaug, Oslo 2. pr. 98 p. 

3) Inge Godtland, Oppdal 2. pr. 97 p. 

4) Geir Egil Larsen, Verdal 2. pr. 96 p. 

5) Gunnar Bjerkås, Oppdal 2. pr. 91 p. 

6) Johan Dalseg, Ringebu 3. pr. 80 p. 

7) Sverre Halbakken, Oslo 3. pr. 75 p.

LAGSPEL VANLEG FELE:

1) Vågåmo Spelemannslag, Vågå 1. pr. 123 p. 

2) Gudbrandsdølenes Spelemannslag, Oslo 1. pr. 120 p. 

3) Romsdals Spelemannslag, Vågstranda 2. pr. 116 p. 

4) Oppdal Spelemannslag, Oppdal 2. pr. 115 p. 

5) Sunndal Spelemannlag, Sunndalsøra 2. pr. 110 p. 

6) Heimdal Spelelag, Heimdal 2. pr. 113 p. 

7) Ringebu Spelemannslag, Ringebu 2. pr. 107 p.

LAGSPEL HARDINGFELE:

1) Fjellbekken Spelemannslag, Bergen 1. pr. 118 p. 

2) Stranda Spelemannslag, Stranda 2. pr. 112 p. 

2) Sogn Spelemannslag, Sogn 2. pr. 112 p. 

4) Fjelljom Spelemannslag, Blaksæter 2. pr. 111 p. 

5) Indre Sunnfjord Spelemannslag 2. pr. 110 p. 

6) Valdreskvelven Spelemannslag, Øylo 2. pr. 104 p.

Naustedalen Spelemannslag, Naustdalen Minnepremie.

 

Domarar i spel: Anders Kjerland, Granvin, Haldor Hegge, Valdres, Knut F. Ødegård, Vågåmo, Einar Galåen, Røros.