Vellukka landskappleik og leik og låt på Lillehammer - CA. 2000 BESØKTE MAIHAUGEN DESSE DAGANE
Landskappleiken i samband med 'leik og låt vart i alle deler ein eineståande mønstring saman med det store Innslag av Svenske spelemenn og folkedansarar. Det var felelåt dans og speling over alt. Det var ei samling av bunadkledde folk både svenske norske som ein skjeldan ser maken til, det gjorde eit mektig inntrykk. Presse kringkasting og fjernsyn var i aktivitet der det hende noko og det gjorde det over alt på Maihaugen denne tida.
Torsdag, den 4. juli, var fyrste dagen på landskappleiken som opna med årsmøte i Store Maihaugsal. Frammøte var heller magert. For å få alle saker som skal behandlast på ein tilfredsstillande måte, burde det visast meir interesse frå dei einskilde lag til å møte opp på årsmøte. For det er no på eit årsmøte i L.F.S. alt kan drøftast og bli tilrettelagt både for einskildlaga og samskipnaden i si heilheit.
Etter årsmøte var det kommunal festmiddag for årsmøtedeltakarane og ein del innbedne, ca. 90 i alt. Festen vart opna av ei fin lurfanfare av 6 lurblåsarar med Egil Storbekken. Under middagen vart kappleiken offisielt opna av ordførar Henriksen, som bl. a. sa han sette stor pris på eit slikt tiltak og yngste at Lillehammer måtte få eit årleg spel av denne type. Form. i L.F.S., Leif Løchen ynskte så velkomen til middagen og sa i sin velkomsttale at han var glad for å få presentere for Lillehammers publikum del beste spelemenn og dansarar som kan vises fram både frå Noreg og Sverige. Han retta ein takk til Lillehammer kommune ved ordf. som hadde «rivi» i denne middagen.
Så var det taler av form. i de Sannvigske samlingers styre Håkon Thallaug som yngste velkomen til Maihaugen, og håpa at alle ville like seg og finne kvarandre. Ordførande i Sveriges Riksforbund Knis Karl Aronssen sa bl. a. i si tale at Noreg hadde ein staseleg natur, fin timberarkitektur, det fremste i verda, vårt vakre språk og så den fine folkemusikken og hardingfela som han hadde fordjupa seg i og han håpa at norske og svenske folkemuslkkarar kunne råkast ofte på begge sider av kjølen. Det var kveding av Gullik Kirkvoll. Så vart festen oppløyst og alle drog ut, der det var folkefest rundt om på Maihaugen til langt ut på natt i det fine sumarveret.
Det var tillaga matsal i gamle hus på seteranlegget og musikk til maten hadde ein og. Spelemenn var det nok av alle stader. Fredag kl. 10 begynte kappdansen i kl. B, C og D på friluftssena på Maihaugen, dog på same tid var det kappspel i kl. B, C og D i store Maihaugsal som vara heile føremiddagen. Det var stor deltaking og mange gode utøvarar. I pausene kunne ein sjå på alle dei gamle og nye musikkinstrumen av alle slag som var utstilt i det store Maihaughuset. lim kvelden var det så stor folkefest ute der svenske og norske spelemenn spela til dans og underhaldning.
Laurdag var det kappdans i kl. A på friluftssena og kappspel ii kl. A 'i store Maihaugsal på same tid. Men å ha begge A-klassane på same tid, var ingen god løysing. Det må me vone vert endra neste år. Det var vanskeleg for alle interesserte å få med alt og ikkje minst var det vanskeleg for dei spelemenn som skulle spela til dansepara og så skulle dei sjølve spela i tevling.
Det var mykje god framføring både i speling og dans og sikkert ei vanskeleg oppgave for domarane. Det var ein kritiker som sa, at denne kappleiken låg på eit mykje høgt nivå. Laurdagskvelden kl. 19 var det stort opptog gjennom gatene i Lillehammer av norske og eit mektig innslag av dei svenske deltakarane med Knis Karl Aronssen som dirigerte det heile. Det var vel det største opptog som har vore her på nokon landskappleik i folkemusikk.
På Maihaugen om kvelden var det ein 5—6 tusen på dei forskjellige tilstellingar. Tevling på eldre folkeinstrument, kveding og nyskaping. Folkefest og felekonsert på Telthusmoen, musikk i stugene til langt på natt. Sundag var det høgmesse ute i det fri på seteranlegget på Maihaugen med tale av pastor Steinar Halseth og felespel til salmene av Riise og Egil Storbekken. Det var ei høgtidsstund som hadde samla mykje folk I det fine veret og med dei fine omgivelsene som det er på Maihaugen.
Ved 2-tida var det stor folkefest med kappspel mellom svenske og norske spelemannslag i store Maihaugsal. Tevling i gamle idrotsleiker, hallingkast m. m. på fri luftssena. Seterstemne på seteranlegget med lokking, lurblåsing, speling på bukkehorn, tysfløyte, vallhorn, spilåpipa m. m. Musikk og spelemannslag spela på dei ulike stader i anlegget. Ei stormønstring av folkemusikk som me vel aldri har opplevd maken til her i landet. Så dette var nok ei oppleving for alle utanlandske turistar og, som var i Lillehammer på denne tid. Det deltok ca. 20 000 på stemna desse 5 dagane. Så Lillehammer spelemannslag med Leif Løchen I brodden, Lillehammer kom. med ordf. og alle andre medarbeidarar har alle ære av denne store spelemannsstemna. Sundagskvelden kom så høgdepunktet for stemna, premieutdelinga i store Maihaugsal som var fullsett av folk og reine olympiastemning. Det byrja med ei lurfanfare av 6 lurblåsarar med Egil Storbekken i brodden.
Form. i L.F.S. Leif Løchen opna med nokre velvalde ord og ga så ordet til rektor Hallvard Forfang som skulle leie den høgtidelege festen og han oppmoda alle til å syngja eit vers av Per Spelemann, ein hyldest til deltakarane i festspele og Låt og Leik. Og han sa at desse 5 dagane her på Lillehammer har vore ein stor opplevelse for oss og eg gad veta, kva Myllarguten og Fele-Jakop ville ha sagt om dei hadde vore til stades her no og opplevd det fine miljøet som har fylt Maihaugen desse dagane.
Så tok premieutdelinga til med stor spaning. Alle i kvar klasse vart ropt opp på sena, der dei fekk ei medalje i raudt band rundt halsen av gull, sølv og bronse, etter som dei hadde premiegrad. Dei som toppa premiane fekk og pokala og ein volsom aplaus frå salen, som dei forresten fekk alle som deltok, då det var ei mykje jevn utføring i alle klassar. Heile premieutdelinga gjekk etter planen og vart avslutta i rimeleg tid, som har mykje å segja då alle stå på farten og skal heim kvar til sitt, og mange har lange vegar. Landskappleiken 1968 vart ein fulltreffar av dei skjelne og eit stemne som var ei oppleving for alle.
Takk til Lillehammer
På vegne av L.f.S. er eg beden om å bera fram ei takk til dei som sto for Landskappleiken 1968. Og etter eit so vellukka stemne gjer eg dette med glede. Denne takken rettar eg til Lillehammer kom mune ved Ordføraren for gjestevenskap og for den stilfulle middagen torsdag kveld.
Takken går og til Maihaugens styre og direktør som stilte denne perle av eit museumsanlegg til disposisjon. For kven kunne ynskje seg ei finare råme omkring ein Landskappleik enn nettopp denne? Når ein går og ruslar millom desse gamle hus, blir ein fyllt av ein djup respekt for det arbeid Sandvig og hans medarbeidarar her har gjort. Takk og til sokneråd og sokneprest for friluftsmessa i setergrenda. Ei slik høgtidsstund sundag føremiddag er ein fin tradisjon i våre Landskappleikar.
Takken går og til domarane for samvitsfullt arbeid. Dei hadde mange timar og dagars strev før premilistene låg på bordet. Takk og til tevlarane. Med deltakarlister lenger enn nokon gong, skapte dei spaning og festivas og ein klår dokumentasjon av den rikt varierte kulturskatt me har i folkemusikken.
Høvisk framferd synte møtedeltakarane, men når ein likevel må peike på ein par undantak som skjemde dette fine arrangement, er det ei ny påminning om at «flekken» må burt frå våre stemne, anten det gjeld Landskappleik eller lokale tilskipingar. Dette syn må me gjenomføre fast og konsekvent. Sist men ikkje minst går takken til det lag som sto som vert i år: Lillehammer spelemannslag. Under årsmøtet blei det kritisert at Landskappleiken syntes å ha fått ein underordna plass i programoppslaget. No når tilskipingane er over trur eg me kan slå fast at aldri før er det laga so mykje fin propaganda for folkemusikken og folkedansen enn nettopp på dette stemne.
Ja, takken går til dei mange, mange medarbeidarar i dette omfatande arrangement. Og Ia oss då til slutt ikkje gløyme han som nok har tatt det tyngste lyft og som har greidt å skapa
so mange nye innslag i Landskappleiken og med so avgjort suksess. Ja, denne takken skal vår nye formann i Landslaget for Spelemenn ha: Leif Løchen. I denne stormønstring som Landskappleiken 1968 var gjekk og ein takkens tanke til Tor Myre som no sluttar som formann. Grunna sjukdom kunne han ikkje bli med oss denne gongen, diverre. For kva kunne gledd Tor Myre meir enn å sjå den varme interesse vårt Landslag og våre Landskappleikar blei møtt med. For dette skal Tor Myre og ha takk og ære.
Skien, den 9. juli 1968.
JON STUVØY