Tradmunnspill: Gamle låter fra Neadalen er ei tradisjonell munnspelplate. Det er Jan Krogstad som spelar ulike munnspel på alle dei 20 spora på plata og han har med seg Berit Bøysen på toradar. Innimellom spelar Bjarte Øye bassmunnspel og det er også innslag av gitar, piano, og av den 10-munnspel store gruppa Tradmunnspill Selbu.
Låtane på plata er stort sett gamle låtar frå Neadalen som ikkje har vore så mykje brukte dei siste tiåra, men som kanskje har vore spela på munnspel før i tida. I tillegg får me nokre låtar etter opptak med Henrik Kåsen, som er ein av to tradisjonsberarar på munnspel frå Neadalen.
Det vert ikkje gjeve ut mange munnspelplater i året, kanskje ingen. Såleis er dette ein viktig produksjon; å dokumentere ein tradisjon slik at han står att for ettertida. Slik sett kan me kategorisere denne plata som ei dokumentasjonsplate, og plata bør også lyttast til på denne måten. Det er musikkentusiastar som likar å spele og som likar å spele saman. Samtidig har plata verdiar utover dette.
Tradmunnspill: Gamle låter fra Neadalen
- Eiga utgjeving, 2020
- 20 spor, 33 min.
- I sal gjennom tradmunnspill.no, tilgjengeleg på Spotify
Plata spenner ganske vidt og har ein variert karakter. Vi får alt frå ti munnspel og toradar i samspel på velkjende «Oh Susanna», til roleg, lyst solo-munnspel med enkel toradarbass-komp. Frå «Dobbelt Ringlender» sin litt rufsete og godt dansbare karakter til den lyriske «Bryllupsvalsen til Karin og Per». Spelemennene legg lista på eit nivå dei meistrar godt, og arrangementa er reine, enkle og innimellom både sofistikerte og vakre. Det gledar meg å høyre heilt enkel toradarbass som komp til melodi spelt på munnspel. Bassen støttar opp om melodien, men melodien blir ikkje borte i arrangementet.
Det er noko roleg og balansert med denne plata og ho er god å lytte til. Det er vald ut fine, gode og fengjande melodiar, likevel er «Selbupols» ei lita perle og min klare favoritt. Dette er truleg ein polka med støyt, men dei har vald å spele han som ein roleg lydarlått, noko melodien kler godt. Besetningen er kromatisk munnspel, andrestemme på toradar og komp på piano, og arrangementet er lyrisk og roleg, enkelt og vakkert. Det løfter heile plata at det kjem eit spor med pianokomp, og arrangementet gjer at eg stoppar opp og berre nyt.
Plata har også eit godt utfyllande teksthefte. Her deler dei historia og inspirasjonen til dei som spelar, det er spennande informasjon om kvar enkelt melodi og ikkje minst ei side med munnspelets historie og utvikling. Kjeldene som musikken kjem frå, har også sin eigen del i tekstheftet. I tillegg er det ein del med både tekst og tabellar over kvar enkelt type munnspel som vert brukt, korleis dei er oppbygde, korleis stemminga er og kva tonar ein kan få på dei ulike instrumenta. All tekst og skriftleg informasjon er svært godt dokumentert med nøyaktige kjeldereferansar og årstal. Slikt gledar eit forskarhjarte, eit teksthefte til etterfølging!
Det er viktig at slike plater vert gjevne ut. Dei er eit lyspunkt for eit lokalt musikkmiljø, eit viktig arbeid for eit instrument som det er få tradisjonar for i landet, og det er viktig for bevaringa av munnspeltradisjonen.