Det er ikkje daglegdags å finne tre brør i ei og same klasse på ein kappleik.
– Eg håpar i hvert fall at ein av dei slår meg, helst båe to.
Storebror Ola Kjorstad ler lurt og ber om nåde hos sine to yngre og meir skolerte brør, reint musikalsk.
38-åringen var i ungdommen innom musikkhøgskulen i Oslo, men valde å hoppe av og har for lengst slått rot som sauebonde på heimegarden. Hans (30) med mastergrad og Rasmus (27) med bachelor frå Norges musikkhøgskole lever av og for musikken heilt og fullt.
Men på kappleikspodiet er dei i utgangspunktet jambyrdige.
Psykisk overtak
Storebror er attpåtil sjef som musikalsk leiar for Sør-Fron spelmannslag, der dei to andre også «får vera med».
– Det gjeld å lykkast med kombinasjonen å treffe godt med slått og ha dagen, skyt Rasmus inn.
– Og så kjem det an på dommarane, legg Hans til.
«Det ville vera flaut om vi stilte opp og spelte dei same slåttane. Vi måtte ha eit familieråd, og etter som eg er eldst fekk eg velja fyrst.»
Hans er den første ut i laurdagens A-klasse. Ola er nummer 11 og Rasmus 14.
Ola og Hans vart A-klassingar i 2013, Rasmus i 2016, både han og Hans rykte opp som 20-åringar.
Veslebror Rasmus har eit lite psykisk overtak etter som han nyleg vann Fanitulltevlinga på Den norske folkemusikkveka i Ål.
– Veldig stas å vinne der, sjøltilliten veks. Samstundes aukar presset, men eg freistar å ikkje tenkje for mykje på det, seier Rasmus.
Spesielle slåttar
Det er ikkje berre, berre å spela frå same repertoar. Rett nok har dei mange «leikje» å ta av, men det er ikkje alle som eignar seg like godt på ei kappleikscene.
– Det bør vera litt spesielle slåttar i ei A-klasse, synest eg, og det ville vera flaut om vi stilte opp og spelte dei same slåttane. Vi måtte ha eit familieråd i så måte, og etter som eg er eldst fekk eg velja fyrst, fortel Ola.
– Eg legg vekt på å framføre noko som eg likar spesielt godt å spela, legg Hans til.
Uansett synest dei tre Kjortadbrørne at det er artig å få delta på kappleik i ei rekordstor klasse med stor breidde.
MEIR FRÅ LANDSKAPPLEIKEN 2023:
- Nokre område slit med dansen: Dansetevlingane
- Jubileumsvinnar tilbake: Knut Myrann og Ivar Schjølberg
- Jarnfrid Kjøk og Aud Laingen Hamre møtest på kappleik
- To nye heidersmedlemmer: Sigvald Rørlien og Amund Bjørgen
- Strålande dagar i Lom: arrangørane oppsummerer
- Til topps på heimebane: Fele klasse A
- Tilbake på toppen: Hardingfele klasse A
- Finansminister Vedum baud opp til politisk dans
- Død spelemann vekt til live: Fel-Jakup-konserten
- Kvalitet, kvantitet og mangfald: vokalklassene
- Kjeltringane lurte alle: Open klasse
- Nesten pallreprise i rik Fele klasse B