Kvifor skal vi som driv med folkemusikk og folkedans bry oss med UNESCO sin konvensjon om immateriell kulturarv?

Noreg ratifiserte UNESCO sin konvensjon om vern av immateriell kulturarv i 2007. Kva har det med oss som driv med folkemusikk og folkedans å gjere? Kva legg konvensjonen vekt på? Det me allereie gjer og alltid har gjort: engasjement for, dokumentasjon på, vidareføring og opplæring i dei ulike tradisjonane.  Samtidig er konvensjonen ei gåve og ein inspirasjon til å fortsetta arbeidet, og til å få oss til å tenkja nytt og sjå nye moglegheiter.

Med konvensjonen er vår utøving av folkekulturen sett i samanheng med utøving av handverkstradisjonar, med skikkar og festar, med forteljarkunst og kunnskap om natur og univers. Sjølvsagt visste me også det frå før av. Dette sjølvsagte for nokon av oss er det som er så spennande, og er heile grunnlaget for konvensjonen – å ikkje berre løfta opp bygg og gjenstandar, men at også det ikkje-materielle, handlingane og tradisjonane, er viktig for kulturarven i verda.

Klikk på biletet for å sjå filmen av heile inspirasjonsseminaret på Folkelarm 2019.
Inspirasjonsseminaret
  • Denne artikkelen er relatert til seminaret «Inspirasjonsseminar. Samarbeid mellom lokallag, museum og arkiv», som Norsk senter for folkemusikk og folkedans arrangerte på Folkelarm 14. november 2019. Seminaret, som inneheldt fleire korte inspirasjonsinnlegg frå ulike delar av landet med etterfølgjande paneldebatt vart filma, og du kan sjå filmen ved å klikke på bildet rett over denne faktaboksen.
  • Sigrid Stubsveen var seminarleiar. Tone Erlien Myrvold, Norsk senter for folkemusikk og folkedans opna seminaret. Deltakarane i panelet var Sigrid Jore (Setesdal spelemannslag), Synnøve Bjørset (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane), Magni Rosvold (Hardingfela.no), Leif Ingvar Ranøien (Anno museum og Hedmark folkemusikkarkiv), Tone Erlien Myrvold (Museene danser, Norsk senter for folkemusikk og folkedans) og Terje Foshaug (Folkemusikk Nord).

Kulturarven viktig i kulturmeldinga

I konvensjonen er det berarane av tradisjonane som er dei sentrale. Kva vil det seie for vårt felt? Jo, at det er de som dansar, spel og syng som er dei sentrale. Ved at de dansar, spel og syng, formidlar de dykkar handlingsborne kunnskap vidare. Og det er berre når de opprettheld og formidlar denne kunnskapen, at kunnskapen kan leva vidare .

I over hundre år har utøvarane samla seg i lag og organisasjonar, og i nyare tid også på kultur- og høgskular. Det har også blitt oppretta arkiv for å dokumentera og festa augneblinkskunsten vår på audiovisuelle berarar (film, video og lyd) for noverande og komande generasjonar. Desse dokumenta er ofte ei svært viktig hjelp for utøvarane. Slik me ser det, skal styresmaktene sikra vilkåra og grunnlaget for at utøvarane skal kunne halda fram med praksisen sin.

I kulturmeldinga Kulturens kraft: Kulturpolitikk for framtida (2018) er ordet «kulturarv» nemnt heile 66 gonger! Det viser at kulturmeldinga tek feltet vårt på alvor. I kapittel 5.4 Mål: Ta vare på og formidle kulturarv står: «I eit globalt kulturmangfaldsperspektiv blir det tydeleg at styresmaktene har eit ansvar for  å føre vidare og utvikle Noregs felles kulturarv som ein del av det globale kulturmangfaldet. (…) Det blir stadig viktigare å gjere tilgjengeleg og formidle kulturarven. I dette arbeidet er både dokumentasjon og vern gjennom bruk viktig. Her har bibliotek, arkiv og museum eit særleg viktig oppdrag. Fleire organisasjonar arbeider også for å dokumentere og føre vidare levande immateriell kulturarv. Kunnskapen blir praktisert og ført vidare gjennom kreative uttrykksmåtar som handverk, musikk, dans, mattradisjonar, ritual og munnlege forteljingar.» (Forfattaren sine uthevingar)

Oppfordring til å samarbeide med museum og arkiv

Me ønskjer å inspirera til eit samarbeid mellom organisasjonane (spel- og dansarlaga, folkedanslaga) og biblioteka, arkiva og musea. Me inviterte difor til «Inspirasjonsseminar. Samarbeid mellom lokallag, museum og arkiv» på Folkelarm 14. november 2019. Me ville mellom anna visa fram korleis folkemusikkarkiv har samarbeida med utøvarar, korleis museum har blitt utfordra, og korleis arkivmateriale kan nyttast i formidling til skuleklassar.

Invitasjonen til seminaret framheva: «I lag og organisasjoner finner vi mange ildsjeler, engasjement og drivkrefter! Hvordan kan disse drivkreftene samarbeide med lokale folkemusikkarkiv og museum og andre om å få i gang aktiviteter som fremmer, verner og viderefører dans og musikk som immateriell kulturarv? I museum og arkiv finnes ofte arenaer og materiale, hvordan kan disse institusjonene åpne opp for deltakende metoder i sitt formidlingsarbeid på dans og musikk?»

Me håpar å inspirera til mykje meir samarbeid på tvers av organisasjonar og offentlege instansar.

Kva om de i dei lokale spel- og dansarlag tok kontakt med dykkar museum og/eller arkiv, og initierte samarbeid med desse i den immaterielle kulturarvens and? Sjølv om musea er profesjonelle einingar, er dette med immateriell kulturarv nytt for mange av dei. Mange museum treng hjelp av utøvarane!

Norsk nettverk rundt immateriell kulturarv?

Me har ein ide og visjon om nettverk rundt immateriell kulturarv. Me ønskjer å invitera dykk inn i ein nettverkstankegang der organisasjonar og offentleg(e) arkiv og museum jamleg møtest for å inspirera og rådgje kvarandre, og kor de også kan invitera utøvarar inn til prosjekt og faste formidlingsarenaer for immateriell kulturarv.

Somme stader vil nettverket passa best for spesifikke bygder eller byar, andre stader for ein kommune eller ein region. Ein kan tenkja seg at nettverket har fleire noder/knutepunkt, kor ein node kan vera berre for folkemusikk- og folkedans. Nettverket og nodane må både kunna oppdaga truslar og moglegheiter i kulturarvsfeltet i deira område, i tillegg til å samarbeida med andre profesjonelle aktørar som turistsenter, teater, kulturkontoret, eldreheimar, barnehagar og skular. Ein kan tenkja seg at det blir utveksla erfaringar mellom nodane, og at dei nasjonale organisasjonane på kulturarvsfeltet, folkemusikk- og folkedansfeltet inkludert, vil kunna vera gode rådgjevarar.

Treng lag og utøvarar bry seg med UNESCO-konvensjonen?
Panelet på inspirasjonsseminaret på Folkelarm 2019. F.v. Sigrid Jore, Synnøve Bjørset, Magni Rosvold, Leif Ingvar Ranøien, Tone Erlien Myrvold og Terje Foshaug.
Treng lag og utøvarar bry seg med UNESCO-konvensjonen?
Kan en lære seg å danse ved hjelp av ny videoteknologi? Frå Rockheim og museumsutstillinga «Dains me mæ», eit del av samarbeidsprosjektet «Museene danser». (Foto: Rikke Sørli Langø)

Setedalsmiljøet, eit godt døme

Eit miljø som alt har gjort eit slikt arbeide, er Setesdals-miljøet. I arbeidet deira for at spel, dans, kveding og stevjing skulle bli ein del av UNESCO si liste over immateriell kulturarv, har Setesdal spelemannslag samarbeida mellom anna med lokale utøvarar, museum, arkiv, skular og kommunar. Me håpar at deira arbeid også kan koma andre tradisjonsmiljø til gode ved å tena som eit eksempel på nettverks- og nodetankegang. Den lange søknadsprosessen til setesdølane har synliggjort den levande kulturarven ikkje berre for dølane sjølve, men òg for lokale, regionale og nasjonale aktørar og myndigheiter. Det å spela, synga og dansa er kulturuttrykk som knyter band mellom menneske, og som gjev oss identitet som aktørar i eit samfunn.

Eit anna døme er vårt interaktive danseformidlingskonsept/-prosjekt Museene danser. Gjennom det har ein utvikla mange idear til musikk- og danseformidling på museum, i samarbeid med og retta mot ulike brukargrupper, både vaksne og barn/unge, i kombinasjon med den tradisjonelle museumsutstillinga.

Viss nokre av dykk som les dette tenkjer at dette hadde vore interessant for oss, men lurer på korleis de skal byrje: Ta kontakt med oss ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Me kan rådgje med utgangspunkt både i konvensjonen og i det kulturpolitiske landskapet, og har idear til korleis ein kan bygge opp slike nettverk.

Treng lag og utøvarar bry seg med UNESCO-konvensjonen?
Frå den fysiske delen av den interaktive danseutstillinga «Museene danser» på Ringve museum.

Det er de som dansar, spel og syng som er dei sentrale. Ved at de dansar, spel og syng, formidlar de den handlingsborne kunnskapen dykkar vidare.

Nettverkstankegangen er inspirert av artikkelen til Lothar Casteleyn, Ellen Janssens and Jorijn Neyrinck: «Six Years of Experience in Intangible Heritage Mediation in Flanders (Belgium). From Cultural Heritage Cells and an ICH Network to www.immaterieelerfgoed.be», i Volkskunde 2014:3, s. 387–404.

UNESCO har til no godkjent sju norske ikkje-statlige organisasjonar (NGO-ar) som samarbeidspart i arbeidet med immateriell kulturarv. Norsk senter for folkemusikk og folkedans er ein av desse. Dei andre er Norsk håndverksinstitutt, Norges Husflidslag, Forbundet Kysten, Norsk etnologisk gransking ved Norsk Folkemuseum, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Norges Bygdekvinnelag. Frå statleg hald har Kulturrådet ansvar for å implementere UNESCO sin konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven og er Kulturdepartementets fagorgan på dette feltet.