– Trygve Liahagen vann i sommar Landskappleiken klasse B for andre år på rad og tok dermed steget opp i eliteklassa blant landets felespelarar. Han er ein allsidig musikar som spelar både fele og hardingfele, og blir stadig nytta som felespelar i ulike samanhengar, seier Gjermund Larsen i ei pressemelding. Han representerer FolkOrg i juryen.
Vidare fortel han at Liahagen i haust starta på det siste året på bachelorstudiet i folkemusikk på Noregs musikkhøgskole, der han i tillegg til felespelinga også fordjupar seg i komposisjon.
Prisen skulle eigentleg ha blitt delt ut under Høgfjellskonserten ved Rondane i august, men grunna ekstremvêret Hans» blei konserten avlyst. Liahagen får difor prisen under KORK sin julekonsert på Rudi Gard 24. november. Der skal han spele FolkOrgs jubileumsslått «Hundreåringen» saman med orkesteret.
«Det er ganske sjukt at namnet mitt står på den lista. Det er så mange av førebileta mine der.»
– Det er, eg vil ikkje seie skummelt, men veldig stort å få spele med KORK. Det er ein hyggeleg gjeng med folk som er glade i å lage fin musikk saman, seier Trygve Liahagen på telefon rett etter at han har vore på første øving med orkesteret.
I april fekk han ein telefon om at han hadde blitt tildelt minneprisen, men sidan konserten blei flytta, blei prisen først offentleggjort førre veke.
– Det var godt at det blei offenteleg no, det er jo noko eg har hatt lyst til å dele lenge, seier han.
Å føye seg inn i ei rekkja av prismottakarar, er noko han set høgt.
– Det er ganske sjukt at namnet mitt står på den lista. Eg føler meg naturlegvis ikkje heilt heime der, då alle er eldre og meir etablerte enn meg. Det er så mange av førebileta mine der, så det er rett og slett litt surrealistisk. Men eg trur alle har fått den når dei har vore rundt 20–22 år, seier prismottakaren, som sjølv fylte 22 i haust.
Snart er Liahagen inne i siste semester som student ved Noregs musikkhøgskule, og etter det står frilanslivet på trappene.
– Eg har gått på skule samanhengande sidan 1. klasse på barneskulen, så eg gler meg til ikkje å gå på skule lengre, sjølv om det er veldig bra på NMH, altså. Det er likevel litt skummelt, men ein må berre ta steget, seier han.
Å få ein pris på veg inn i innspurten på skulen, er ein god motivasjon.
– Det er ei god utskyting inn i frilanslivet. Eg blir ekstremt motivert av å få ein slik pris. Då får eg på eit vis stempel som eit ungt talent, men då krevst det også at eg held meg på det nivået og utviklar meg vidare, seier Liahagen.
Vinnarar av Øivind Berghs minnepris
- 1989: Annbjørg Lien
- 1990: Elise Båtnes
- 1991: Arve Moen Bergset
- 1992: Mari Eggen
- 1993: Egil Syversbråten
- 1994: Per Sæmund Bjørkum
- 1995: Åshild Breie Nyhus
- 1996: Christian Borlaug
- 1997: Åse Teigland
- 1998: Per Anders Buen Garnås
- 1999: Øystein O Rudi
- 2000: Andreas Skeie Ljones
- 2001: Ola Kvernberg
- 2002: Øyvind Flaarønning Smidt
- 2003: Jorun Marie Rypdal Kvernberg
- 2004: Gjermund Larsen
- 2005: Jan Beitohaugen Granli
- 2006: Ragnhild Hemsing
- 2007: Eldbjørg Hemsing
- 2008: Ragnhild Furebotten
- 2009: ikkje delt ut
- 2010: Alexander Aga Røynstrand
- 2011: Bjørn Kåre Odde
- 2012: Guro Kleven Hagen
- 2013: Eivind Holtsmark Ringstad
- 2014: Erlend Apneseth
- 2015: Hans P. Kjorstad
- 2016: Sonoko Miriam Shimano Welde
- 2017: Sivert Andreas Holmen
- 2018: Oda Holt Günther
- 2019: Helga Myhr og Rasmus Kjorstad
- 2020: Ludvig Norum Gudim
- 2021: Selma French Bolstad
- 2022: Alma Serafin Kraggerud
- 2023: Trygve Liahagen