Kveldens programleiarar Sivert Holmen og Tuva Syvertsen innleia med å gje ein stor honnør til heile folkemusikkfeltet. I år er det 20 år sidan den fyrste Folkelarmprisen vart delt ut. 

Dansespel

Dei nominerte var:

Ein haile halve maone, "Jostedal" 
Plateselskap: Melovitten

Rolf Roys, “Rolf Roys spoler bakover”
Plateselskap:  5b.no AS / Taragot Sounds

Vinnar vart:

Kvarts, Til dans”
Plateselskap: Kvarts

Jo Asgeir Lie i Kvarts peika på at dette ikkje var forventa. 

- Det er kjekt å sjå at runddansmusikken blømer. Å gå attende til røtene er det viktigaste i virket vårt. 

Han nytta elles høvet til å takke “trollmannen på Svenkerud”, lydmannen Tor Magne Hallibakken. 

Olav Norheim
Norheim

Dokumentasjon

- Det passa med ein Folkelarmpris, for Berit var ekstremt folkeleg, sa Norheim, forfattar av boka om langeleikspelaren Berit på Pynte.

Norheim nytta høvet til å takke tradisjonsbærarane, og ikkje minst nyleg avdøde Elisabeth Kværne.

Dei nominerte var: 

Gerd Mary Brekken“Spellemenn og slåtter fra Tynset-traktene”
Eget forlag  

Olav Norheim, “Beste harpespillerske, verdensberømt”
Kvitvella Forlag

Sigrid Moldestad“Breim”
Plateselskap: Heilo/Grappa Musikkforlag AS 

ÅRETS ALBUM - SAMSPILL GRUPPE/ENSEMBLE

Vinnar vart Solhov. Solfrid N. Gjeldokk og Espen Wensaas nytta høvet til å takke Hallibakken dei også. Det er dei to som har drive fram prosjektet, med fleire medmusikantar.

- Dette er eit prosjekt som har pågått over lang tid, eg og Solfrid har spelt dette stoffet på Geilo i mange år. Tusen takk! sa Wensaas. 

De nominerte var:

Bjørn Kåre Odde & Sivert Holmen, - “Føreferd”
Plateselskap: Melovitten

Kviven duo, - “Nordlysets døtre”
Plateselskap: Kviven Records 

Martin Follstad og Olav Kjernmoen, - “Malena”
Plateselskap: Melovitten 

Solfrid Nestegard Gjeldokk og Espen Wensaas, - “Solhov”
Plateselskap: Ta:lik 

 

Martin Brun
Martin S. Brun

Årets unge folkemusikar - Introfolk

Årets unge folkemusikar blir plukka ut gjennom programmet Introfolk. Dette vart avgjort gjennom ein storslått finale på torsdagen, men vinnaren vart kåra laurdagskvelden. Vinnaren får ein skreddarsydd turné i gåve. Dei tre finalistane var Martin S. Brun, Amalie K. Tvilde og Åsmund A. Farstad. I juryen har Ådne Kolbjørnshus, Ane Roggen og Øyvind Sandum sete.

Juryen gratulerte dei tre med høgt nivå og dristige musikalske val. 

- Då vi i juryen prata etter finalen, vart vi einige om at alle tre var klare til å vinne, skriv juryen i uttale. 

Det er likevel slik at dei må velje ein vinnar.

- Det var ein variert konsert og ekstremt høgt nivå. Vinnaren tek originale og musikalske val. Publikum fekk oppleving med humoristiske, rørande og gripande augeblikk. 

Martin Steinum Brun frå Vågå kunne deretter utropast som vinnaren.

- Det er mange eg skulle ha takka. Men lærarane på NMH har vore avgjerande for mi musikalske og personlege utvikling - Unni Løvlid og Jarnfrid Kjøk, sa Brun.

Han nytta også høvet til å takke Benedicte Maurseth og Irene Tillung som mentorar under opphaldet på Voss, og dei andre artistane som har vore med i programmet. Han takka for prisen med å ta ein bånsull etter tippoldemora Guri Haugen. 

 

Gjengen bak Tuvas Blodklubb
Gjengen bak Tuvas Blodklubb

Årets arrangør

Dei nominerte var:  

Gorrlaus - for sin godt programmerte og konseptuelle konsertserie

Leikarringen i BUL Oslo - for sine åpne og inkluderende dansekvelder

Riksscenen - for klubbkonseptet Tuvas blodklubb

I grunngjevinga står det at konsertserien er grunnlagt på ein unik kunstnarisk idé. Konseptet har opne folkemusikken for nye grupper utan å gjera kompromiss på kvalitet.

Prisen gjekk til folkemusikklubben på Grünerløkka - Tuvas Blodklubb. Syvertsen nytta høvet til å løfte fram dei to andre nominerte. 

- Blodklubben er ikkje noko eg er åleine om. Ein ting er Riksscenen som er fantastiske, som tilgjengeleggjer eit rom der ting kan skje. Dette rommet har ingenting å seia, om ikkje miljøet er der. Det gjer staden interessant for folk utanfrå, seier Syvertsen.

Ho trekte også fram alt frå danselegenden Svein Aasen som ei personifisering av folkedansmiljøet, til medsamansvorne, Asgaut Bakken. Bakken på si side peika på at det ikkje hadde vore mogleg utan Tuva Syvertsen. 

- Eg hadde aldri trudd dette skulle skje, men no er vi komne dit at folkedansarane klagar på at det er for liten plass på dansegolvet. Vi skal faen meg vera glad for det, utbasunerte Syvertsen. 

ÅRETS VISUELLE UTTRYKK - FOTO, PLATECOVER ELLER GRAFISK UTTRYKK 

Dei nominerte var:

Gonzalo Alfredo Sentana
Konsertbilde av Gangar fra TrondheimFolk

Trond Andersson og Mette Vårdal
Platecover «Slåtter fra Åseral» 

Embla Øverbye
Platecover «Sjugurd» 

Prisen er i år også utvida til å også vera platecover og grafisk uttrykk. Vinnaren er Mette Vårdal og Trond Andersson for platecoveret på “Slåtter fra Åseral”. Ho også nytta høvet til å takke Andersson, Hallibakken, Ta:lik og ikkje minst Gunnar Austegard, som er kjelda for låttematerialet Vegar Vårdal har spelt inn. 

Årets produksjon

Dei nominerte var:

Kartellet og Arktisk filharmoni, "Rækved" 
Arktisk filharmoni/Bodø 2024/Festspillene i Nord-Norge

Oplandske folkemusikregiment, "Løft meg" 
Produsent: Musikk i Innlandet/Kultivator 

Ådne Geicke Kolbjørnshus, Sivert Holmen, Andreas Bratlie, “Bill.merk.Heil ved”
Produsent: Riksscenen og Sprang v/ Rannveig Øygardslia, Regi Morten Kjerstad 

Vinnar vart Ådne Kolbjørnshus og “Heil ved”. Produsent Rannveig Øygardslia takka for prisen i Ådne sitt fråvær. 

- Kjære Ådne, gullkalven frå Vestre, dette er fortent, seier Øygardslia. 

Kolbjørnshus hadde skrive eit humoristisk takkeskriv som Øygardslia las opp, der han ironiserte over inspirasjonskjelda til førestillinga - havarerte kjærleiksforhold. 

Terje Foshaug
Terje Foshaug

Årets bransjeaktør

Aslak Brimi delte ut denne nye prisen. Personen som fekk prisen har vore viktig både regionalt, lokalt og nasjonalt. Han var viktig i si tid for å opprette Riksscenen og har jobba langsiktig strategisk for å gje folkemusikken den plassen han fortener. Gjennom arbeid i spelemannslag og liknande legg han til rette for at utøvarane skal få betre føresetnadar. 

- Han er evig dedikert til folkemusikken og folkedansen, og stiller kvar veke på øving i Målselv spelemannslag. 

Vinnar er Terje Foshaug i Målselv. Han nytta høvet til å takke eldsjeler i Kalottspelmiljøet. Hans Olav Løvhaug var med Foshaug og skreiv søknaden om Kalottspel allereie i 1994. Han nemnte også fleire i det som vart ei suksesshistorie. Dei fekk nemleg etter kvart utvikla ein administrasjon og eit folkemusikksenter. 

- Gjengen som står og hoiar borte i hjørnet der, er dei som utgjer Kalottspel i dag, seier Foshaug og trekker fram Nina Fjeldet og Tone Ingvaldsen. Han takka også familien som har gjeve han rom til å drive med dette. 

 

Open klasse

Dei nominerte var:

Elias & Veronica Akselsen, med Kringkastingsorkestret, Stian Carstensen og Ola Kvernberg, 
I tatersymfoni”
Plateselskap: Heilo/Grappa Musikkforlag

Gangar, “Stubb”
Plateselskap: Heilo/Grappa Musikkforlag

Gjermund Larsen Trio, “Tøyen Sessions”
Plateselskap: Heilo/Grappa Musikkforlag

MOJNA, “Väntenätter”
Plateselskap: Heilo/Grappa Musikkforlag

Ævestaden, “Solen var bättre där”
Plateselskap: Supertraditional

Vinnareren vart “I Tatersymfoni”.

- Tater har vore eit skjellsord i mange år, og at eg kan seia det ordet på ei scene, er heilt fantastisk! seier Veronica Akselsen. 

Ho takka faren Elias og medmusikantane. 

- At vi får tolke noko så enkelt som tatermusikk saman med Kork er heilt fantastisk! Det var som å bli påkøyrt bakfrå av eit lokomotiv, fortalde Akselsen med glimt i auga. 

Årets album - solo

- Der andre land har skjønt at det er morsomast å spela saman og vera sosiale, prioriterer me her til lands å spela åleine, la Holmen og Syvertsen ut humoristisk då dei skulle introdusere soloklassa.

Dei nominerte var: 

Alexander Aga Røynstrand - “Heimom”
Plateselskap: Ta:lik

Lars - Ingar Meyer Fjeld - “Slåtter av Johannes Dahle” 
Plateselskap: Ta:lik

Synnøve Brøndbo Plassen "Den lyse dag" 
Plateselskap: Heilo/Grappa Musikkforlag

Vinnar vart Alexander Aga Røynstrand med plata “Heimom”

- Eg er ein elendig kremmar, så eg visste ikkje kor mange som hadde fått med seg at eg hadde gjeve ut plate.

Han takka plateselskapet og særleg Niels Røine. 

- Eg trur ikkje det er mogleg å førestille seg kor langt ned i tolmodsskuffa han måtte grava, fortel Røynstrand. 

Han retta også ein stor takk til familien og dei to ungane sine. 

Årets folkemusikar er Tuva Syvertsen

Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan fekk æra av å dele ut prisen som årets folkemusikar. 

- Årets folkemusikar er ein dyktig musikar og tekstforfattar med høg kapasitet. Vedkomande samlar og sameiner folk og musikkformer med lettheit og leik. Respekten har opna dørene for enormt mange nye folk. Det er ikkje så mange superstjerner i miljøet, men ho er det. Ho sit til dømes i beste sendetid i NRK og formidlar folkemusikk. Ho spelar med KORK og produserer plater saman med Valkyrien Allstars.

- Vi set deg enormt høgt, legg juryen til. - Årets folkemusikar er Tuva Livsdatter Syvertsen! 

Til dundrande rammeslått av gruppa “Pumpegris” og ståande applaus vart prisen delt ut. 

- Det betyr utruleg mykje å få denne oppmerksemda. Eg gjer så jævleg mykje rart heile tida. Det er veldig gøy og gjevande, men også slitsamt. Det hadde gått utan moderskipet, som folkemusikkmiljøet er for meg. Det gjer at eg føler meg veldig fri. For meg handlar det om å leike saman. Ein må ikkje gløyme at ein gjer dette fordi det er gøy.

Ho takka Erik Sollid og dei andre i Valkyrien-bandet. 

- Det er prosjektet som har fylgt meg gjennom heile mitt meir eller mindre vaksne liv. Det gjer at eg torer å stole på meg sjølv, for Valkyrien-greiene kan eg som faen. 

Ho takka også Asgaut Bakken.

- Ein veldig god ven og eit hovud som det er heilt umogleg å kjede seg av! Eg set umåteleg stor pris på dette, og eg håpar at vi kan henge saman heilt til vi daudar!