Som tidlegare meldt, skulle årets landsmøte ta stilling til eit forslag om å stryke dagens avgift/leigesum på 125.000 kroner for arrangørar av Landskappleiken. I saka, innsendt frå Anders Lunden Herfoss, tok styret også med Landsfestivalen i gammaldansmusikk, som for lokal arrangør har same vilkår som Landskappleiken.
Framlegget om å ta bort leigesum, kom på bakgrunn av at fjorårets landskappleik på Rjukan i røynda gjekk med underskot. No har arrangørane fått ekstra bidrag frå sponsorar slik at det likevel blir balanse. Men det er altså ikkje midlar igjen til dei som la ned ein stor innsats og laga eit flott, minnerikt arrangement.
Berre nokre få gonger sidan 1986 har det vore underskot på landskappleik og landsfestival. Arrangementa har hatt samla resultat på over 25 millionar kroner desse åra.
«Det er ein organisatorisk uskikk å foreslå auka utgifter utan å vise til dekning.»
– Vanskeleg å budsjettere
Styret foreslo at det ikkje vert gjort endringar i avtalen for dei to store arrangementa. Det kom til uttrykk fleire meningar om dette blant utsendingane, og det blei vedtatt at ein tar opp saka igjen på neste landsmøte. Dermed vart det i realiteten to års utsetjing på saka.
Tormod Kleiveland, som la fram saka på vegne av styret, påpeika at FolkOrg brukar store ressursar på dei to arrangementa. Dei fleste i debatten støtta styret.
Johan Vaa: – Det er vanskeleg å budsjettere, og det er visst lengre frå Røros til Rjukan enn motsett veg. Vi fekk mindre publikum enn venta. Arrangørane tok ei ekstra runde med sponsorane slik at vi kjem ut i balanse. Det er ikkje teke ut fem øre i godtgjersle til leiar eller andre. Det er greitt å ha med seg, konstaterte Johan Vaa og fekk landsmøtelyden med på ein applaus for sponsorane som sikra balanse til slutt.
Vaa ville ikkje ha tilbake modellen med overskotsdeling som i gamle dagar: – Eg stør framlegget frå styret.
Magne Velure: – Grupper i organisasjonen vil gjerne ha meir. Nokre vil ta bort tilskotet men behalde tenestene. Som lokal arrangør er vi heilt avhengige av FolkOrg for at det skal fungere. Det seiest at FolkOrg har god økonomi. Men det er heilt nødvendig med pengar på bok. Det er ein organisatorisk uskikk å foreslå auka utgifter utan å vise til dekning.
– Kan gjere endringar
Jan H. Lislien: – Eg har vore gjennom denne diskusjonen før, etter mange år i styret [i Landslaget for Spelemenn]. Vi har ei god løysing no, men det treng ikkje vere slik for all framtid. Vi kan gjerne finne andre løysingar som er betre, men eg vil absolutt ikkje foreslå endring no.
Veslemøy Fjerdingstad: – Eg skjønar forslaget frå Herfoss. Det er ikkje kø for å arrangere Landskappleiken, og det er surt å ta på seg ein slik jobb når ein ikkje har noko tilbake. Derfor synest eg vi må sjå på saka. Eg vil støtte forslaget frå Anders, sjølv om det kan virke uansvarleg.
Øyvind Kvile: – Landskappleiken og Landsfestivalen er prioriterte og viktige arrangement for organisasjonen og oss som medlemmer. Dei er viktige arenaer for å vise kva FolkOrg står for. Det er eit godt argument at lokal arrangør sit att med alt. Viss forslaget blir vedtatt, forsvinn 250.000 kroner frå FolkOrg. Det er urimeleg at dei ikkje får områdd seg.
Kristian Ihle Hanto: – Det kan finnast andre ordningar for finansiering av festivalar. Styret vil sjå på korleis dei store arrangementa skal finansierast. Men vi kan ikkje samanlikne dette med Folkelarm.
Alexander Aga Røynstrand: – Då vi hadde Landsfestivalen i Kinsarvik, opplevde vi at vi slapp å starte med blanke ark. Viss vi skulle gjort dette utan hjelp frå FolkOrg, ville det kosta oss mykje meir enn 125.000 kroner.
Lene Furuli: – Eg foreslår å sende saka over til styret som legg fram sak til landsmøtet i 2025.
Og dette vart altså vedtatt, samrøystes.