Toppbilete: Aslak O. Brimi (t.v.), her side om side med ein av konferansierane Ola Grøsland, vann klassa fele senior på Oslokappleiken 2016. Han var den einaste A-klassespelemannen på fele som tevla på kappleiken. Kjell Bitustøyl, redaktør i Spelemannsbladet 1997–2007, undrar seg over kvifor i denne ytringa. (Foto: Caroline Ingeberg)
Her kan du lese tilsvaret til Oslofolk – Laget for folkemusikk i Oslo, arrangør av Oslokappleiken.
Etter det som dei fleste opplevde som ei heilt uvanleg vellykka folkemusikkhelg i Oslo – med Folkelarm, Oslokappleik og Meisterkonsert med Folkelarmprisutdeling i ein fullsett opera – er det kanskje verdt å stoppe opp litt og spørje om ikkje her er nokre tankekors.
Det var mykje folk – det er det mest positive ein kan seie om dette arrangementet, og slett ikkje det minst viktige. Dette førte til at Riksscenen sine lokale fungerte på sitt beste – ikkje minst med eit stort myldreareal der god prat, buskspel, dans, liv og lått høyrer heime. Her kunne ein t.d. møte kappleikstravarar som ein aldri har sett på Folkelarm før, i god miks med internasjonale delegatar.
For Folkelarm fungerte dette etter alt å dømme svært godt. Spørsmålet mitt er Oslokappleiken, eg er spent på korleis dei vil summere opp helga. På den eine sida hadde dei kanskje eit større publikum enn det dei har til vanleg. På den andre sida hadde dei truleg stramme rammer i høve til tidsskjemaet: Kappleiken var nøye sydd saman med Folkelarmprogrammet.
Eit slikt stramt tidsskjema er meir uvanleg for kappleikar. Ofte opplever ein at dei pga. stor deltaking kan dra ut i langdrag; men ofte er det verdt det, ettersom ein gjerne vil ha med seg dei beste, som har hatt og har ein tendens til å koma mot slutten på ein slik kappleik. Dette var det ikkje rom for på denne kappleiken, og påmeldinga på førehand var då òg stoppa i god tid før kappleiken – det var ikkje plass til fleire.
Men kva blei konsekvensen? Med både Folkelarm og Meisterkonsert på same helg, var byen «fylt opp» med A-klassingar i både fele og hardingfele, og til dels også i vokal. Ser ein derimot på resultatlista frå Oslokappleiken i år, er det farleg få av desse som deltok, truleg færre enn tidlegare år. Grunnane kan vera fleire, men med denne koplinga som her var gjort, kunne Oslokappleiken fått ei rekordstor deltaking av dei beste utøvarane i spel og vokal folkemusikk.
Og i og med at kappleiken gjekk føre seg i same lokale som Folkelarm, dvs. Riksscenen, kunne òg eit meir internasjonalt publikum fått med seg kva ein ekte norsk kappleik dreiar seg om. Eg veit ikkje om dei internasjonale delegatane var inne i kappleikslokalet, men om dei hadde vore det, ville dei kanskje blitt litt overraska over at så få av dei mest anerkjende utøvarane deltok.
Å gjennomføre førehandspåmelding er sjølvsagt nødvendig i ein slik samanheng. Men truleg gav det slikt utslag denne gongen at svært mange dansarar var tidleg ute med å melde seg på, medan spelemenn og kvedarar kanskje ikkje var like flinke. Andre hadde kanskje ikkje tenkt å delta i alle høve, var for travle med oppdrag osv.
Men konkret veit eg i alle fall at to av A-klassespelemennene som eg kjenner, var for seine og ikkje kom med. Lokalkappleikar er sjølvsagt ikkje så godt vane med at mange A-klassingar stiller opp. Men her var situasjonen annleis: Svært mange av dei fremste utøvarane me har, var i by’n, på grunn av Folkelarm, Meisterkonserten eller båe delar. Det var difor ein historisk moglegheit til å få med dei beste på kappleiken.
Eg har talt opp deltakarar i klasse A på Landskappleiken i klassa for fele, hardingfele og vokal folkemusikk, og sett på kven av desse som var i by’n, og kor mange som deltok på kappleiken. For vanleg fele observerte eg 8 av dei 17 som deltok på Landskappleiken i Vågå i sommar – éin av dei deltok på Oslokappleiken. For hardingfele observerte eg heile 11 av dei 18 som deltok i Vågå, to av dei deltok på kappleiken. Og i vokal observerte eg 8 av 20 som deltok i Vågå – éin deltok på kappleiken.
Denne rikhaldige folkemusikkk- og folkedanshelga blei frå scena i Operaen kalla «eit positivt møte mellom amatør og profesjonelle aktørar i folkemusikken». Skal noe slikt vera liv laga, må både FolkOrg, Oslokappleiken og Riksscenen ta inn over seg at også kappleiken må gjera plass til dei me kan kalle «profesjonelle». Eller med andre ord: A-klassingane, det beste me har å vise fram. Viss ikkje kan det føre til at skiljet mellom «amatør» og «profesjonell» blir større, og at Oslokappleiken blir ein arena for dei som er flinkast til å melde seg på tidleg. All erfaring tilseier at dette ikkje nødvendigvis er dei fremste utøvarane me har.
Eg er fullstendig klar over at her er fleire dilemma. Det er viktig at til dømes dei unge får vist seg fram på ein slik kappleik. Men skal ein bake inn ein kappleik i eit slikt arrangement som Folkelarm, bør ein tenkje at alle arrangørane bør få utteljing. Det er mogleg at Oslokappleiken er fornøgde med årets arrangement – men slik eg kjenner kappleiksystemet etter mange år, er det alltid gjævt for ein kappleiksarrangør at A-klassingar stiller opp. Slik får ein reell konkurranse, og ikkje somme klasser med svært få deltakarar. Det kan fort bli ein vond sirkel.